Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 19.04.2018

Gå til toppen

Toppen

33 milliardar til korrupsjonsparadis

| Den 9. mai 2013

33 milliardar til korrupsjonsparadis

President dos Santos har styrt Angola sidan 1979. I fjor betalte Statoil 33 milliardar kroner i skatt til det korrupte regimet hans

I 2012 åleine betalte Statoil 33 milliardar kroner i skatt og bonusar til Angola, eitt av verdas mest korrupte land. Spelar det noka rolle kor pengane hamnar?

Om ein vil, kan Statoils aktivitet i Angola framstillast som ei gladhistorie, ei soge om vekst og framgang – og svimlande summar. For tida utvinn selskapet kring 200.000 fat olje per dag i landet, kring ein tredjedel av produksjonen til Statoil utanfor Noreg. I 2012 investerte Statoil for 9,5 milliardar kroner i Angola. Mest oppsiktsvekkjande: I 2012 åleine betalte Statoil inn kring 33 milliardar i skatt, avgifter, «signaturbonusar» og «sosiale investeringar» til Angola. Det er meir enn heile det norske bi–standsbudsjettet. Det siste tiåret har Statoil betalt over 120 milliardar til den angolanske staten.

For Statoils del er dette truleg pengar vel brukte, om ein ser forretningsmessig på det. Noreg og Statoil tener meir på angolansk olje enn vi gjev i bistand til Afrika årleg. Angola er ei framveksande oljestormakt, den nest største oljeprodusenten i Afrika sør for Sahara, og har truleg store uoppdaga ressursar. Men kva slag stat er det eigentleg Statoil betalte 33 milliardar til i fjor? Og kva går dei pengane til?

Gjennomkorrupt  
Vi kan sjå på staten først. Fleire trekk ved Angola er med på å gje denne suksessoga til Statoil i landet ein ubehageleg klang. På korrupsjonsindeksen til Transparency International er Angola rangert på 157. plass av 174 land. Slike lister er ingen eksakt vitskap, men dei gjev ein peikepinn.

Angola har òg eit tvilsamt rulleblad når det gjeld menneskerettar og ytringsfridom, syner rapportane til Human Rights Watch. Og landet er langt frå å vere noko reelt demokrati, sjølv om det vart halde val der så seint som i fjor. Partiet MPLA, sigerherrane i den lange borgarkrigen som tok slutt i 2002, vann valet som dei ville. Og president Jose Eduardo dos Santos kan halde fram med å styre Angola – slik han har gjort det nokså eineveldig heilt sidan 1979.

– Angola må reknast som eit familiedrive diktatur. Både parlamentet og byråkratiet i landet er spel for galleriet, seier Inge Amundsen. Han er seniorforskar ved Chr. Michelsens Institutt og har arbeidd med Angola i mange år.

Rikt og fattig

Med dei store oljeinntektene sine kunne Angola vore eit ganske rikt land. Angolansk oljeproduksjon er på kring 1,8 millionar fat per dag – til samanlikning er den norske produksjonen no under 1,5 millionar fat per dag. Men dei aller fleste av dei 20 millionar angolanarane ser lite og ingenting til oljepengane.

Kvart tiande barn døyr før fylte eitt år, kvart femte barn døyr før femårsalderen. Det plasserer Angola nær botnen i verda når det gjeld barnehelse. Forventa levealder er kring femti år. Kring halve befolkninga har ingen tilgang til helsetenester i det heile, ifølgje The Economist.

Dei rike i Angola har det derimot svært godt. Dotter til presidenten, Isabel dos Santos, vart til dømes nyleg utropt av magasinet Forbes til Afrikas første kvinnelege dollarmilliardær. Og sonen til presidenten har fått ansvar for å administrere det nyoppretta angolanske oljefondet. Kor mange milliardar presidenten er god for, veit ingen. Det er ikkje berre det meste av oljeproduksjonen i Angola som skjer ute i havet: Store delar av pengestraumen renn offshore, den òg.

– Mykje av pengane som oljeselskapa betaler i skatt til Angola, hamnar truleg på bankkontoar i USA under kontroll av presidenten og det angolanske oljeselskapet Sonangol. Pengane kjem aldri attende til Angola – og presidentfamilien held seg mest i USA uansett, seier Inge Amundsen.

– Kva rolle har oljeinntektene spela for det politiske systemet i Angola?

– Dei er heilt avgjerande for å halde systemet gåande. Oljepengane har tent til å befeste maktapparatet fullstendig. Oljen har både gjeve leiarane i landet ekstra motivasjon til å halde på makta og midla dei treng til å halde på ho. I Angola har institusjonane som skulle fordele makt og pengar, blitt bygde ned og ikkje opp.

Lukka system

Å få innsyn i pengestraumen frå oljeverksemda i Angola er nær umogleg, meiner Amundsen.

– Det er frykteleg vanskeleg å få sikre tal på noko som helst i Angola. Om du får ut nokre tal, er dei ikkje til å stole på. Mykje av pengane blir fordelte som kontantar til støttespelarar frå toppen og ned.

Sjølv om den angolanske eliten gjer seg sjølv søkkrik på oljen, kunne ein sett for seg at i det minste ein del av den enorme pengeflaumen kom vanlege angolanarar til gode. Men det ser i liten grad ut til å stemme.

– Ei undersøking som FN fekk gjort for nokre år sidan, tyddde på at fattigdomen faktisk har auka i Angola, både med absolutte og relative mål, seier Amundsen.

– Den undersøkinga og andre kritiske merknader frå FN-tilsette i Angola førde til at angolanske styresmakter fekk stengt FNs menneskerettskontor der i 2008, og så produserte dei sine eigne tal som viste noko heilt anna.

Moralsk tvilsamt

Med dette dystre bakteppet: Korleis tek verksemda til Statoil i Angola seg eigentleg ut? Vårt hovudsakleg statseigde Statoil, med sin erklærte nulltoleranse for korrupsjon?

Formelt sett kan Statoil ha sitt på det tørre i Angola. Eit oljeselskap må følgje lover og reglar der det skal operere. Likevel kan ein spørje seg om det er moralsk rett å operere i eit land med ein slik korrupsjonskultur som Angola, der så lite av skattepengane kjem folket til gode.

– Om ein har ein svært smal definisjon av omgrepet korrupsjon og avgrensar det til direkte utbetalingar under bordet til statleg tilsette, er det neppe korrupsjon, det Statoil driv med i Angola, seier Amundsen.

– Men sjølv om store skatteinnbetalingar til eit så autoritært regime ikkje er korrupsjon, er det moralsk sett framleis høgst tvilsamt.

Diffuse føremål

Storparten av Statoils skatteinnbetaling til Angola i fjor var i form av naturalia: Angola fekk olje for over 25 milliardar kroner frå Statoils produksjon i landet – såkalla «profit oil in kind» – i fjor. Direkte skattar utgjorde 4,6 milliardar kroner. I tillegg betalte Statoil 3,1 milliardar kroner i såkalla «signaturbonusar» til Angola for å få bli operatør på to leiteblokker og delta på tre andre blokker. Selskapet betalte òg 281 millionar kroner til såkalla «sosiale investeringar».

Eitt av desse gode føremåla var eit «forskings- og teknologisenter» i regi av det angolanske oljeselskapet Sonangol. Men ifølgje Verdensmagasinet X, som nyleg skreiv om Statoils aktivitet i Angola, er det høgst uklårt om dette senteret eksisterer i det heile. Innbetalingar til sosiale fond i Angola har ofte blitt brukte som «handpengar» for Sonangol og angolansk elite, skreiv redaktør Maren Sæbø 16. april.

Når ein ser på dei formidable summane Statoil betaler til Angola, og på karakteren til den angolanske staten, er det forbausande lite kritisk dekning av temaet i Noreg, meiner Inge Amundsen ved CMI.

– Den kritiske debatten om korleis Angola blir styrt, er nesten fråverande i norsk ålmente. Slik har det vore i mange år, og kritikken er svært varsam i norsk forvaltning og politikk, seier Inge Amundsen.

knapp knapp