|
|
Ein pest som ingen kan lækja Walid al-Kubaisi, 02.02.07 Kjære ven. Atter græt barnet i meg. Ein stor trong til tårer vaknar att. Eg sat i går åleine heime, og hadde ikkje selskap med noko anna enn eit stearinljos. Eg trong ro. Brått fall heile verda mi saman. Eg gret, hulka og skreik som ein galen frå Toten. Er eg vorten eit menneske forgjort av sorg? Dreg eg til meg sorga frå verda slik magneten dreg til seg rust og nåler? Eller er det berre lagnaden min at eg må leva i sorg heile mitt liv? I dag dukka scena opp att då du stogga på gata laurdagen det snøa fælt. Denne laurdagen var eg glad at eg var boden til den litterære hovdingen, Asbjørn Aarnes. Du stogga ved byrjinga av stigen som likna på ein jarnbane. Du peika på meg med vottane dine, og heldt fram med å peika langs stigen til horisonten med ei rask rørsle som om du teikna ei rett line medan du sa: «Walid! Sjååå! Er det ikkje fantastisk?» Du hoppa på gata, som om det regnde rus, ikkje fæl snø. Du var glad som eit barn som endeleg fekk lov av foreldra å gå ut og leika. Merkeleg. Eg var forbanna på snøen og kulden. Eg spurde deg: «Kor langt er det att til heimen til Aarnes?» Eg ville koma fram snarast. Sakna eit varmt hus. Du ville forlengja vegen og kosa deg med snøball og glatte gater. Eg kjende eg var framand og vil aldri integrera meg i snøen før eg kviler i grava. Eg ser ikkje i snø det du ser i han: Skuldrene mine var tyngde med bører og tragediar. Det var den dagen du kasta snøball på nokre unge gutar på den andre sida av T-banesporet då eg fekk melding om at bror til Zuhair var drepen i Irak. Zuhair ringde meg gråtande: «Han, bror min, vart drepen i natt.» Eg tok på meg for å møta han ved inngangen til domkyrkja. Eg forstod at sorga rikka ved verda hans. Og at han trong trøyst. Men lagnaden forfølgde meg også. For på vegen til møteplassen ringde mobilen. Eit ukjent nummer. Då veit eg at det er frå utlandet, frå Irak. Og då hoppar hjarta i halsen. Eg var ved Kirkeristen då eg fekk vita at fetteren min var drepen framfor mor si og kona si. Mor hans er syster til mor mi. Ho sa det var ei avretting. Berre fordi han var på feil stad. Han var sjiamuslim, men budde i eit område med sunnimajoritet. Då kom den sekteriske militsen som høyrer til staten og drap han i basaren og trudde at han var sunni. Mor hans og kona hans skreik at han var sjiamuslim. Mor hans trygla dei om ikkje å skyta han. Det hjelpte ikkje. For skota gjorde kroppen hans til ein sil i løpet av tre sekund. Kona hans vart deretter enkje, og dei fem borna hans vart farlause og mor hans, tanta mi, vart sonelaus. I den augneblinken, medan fråstanden mellom min tragedie og tragedien til Zuhair ikkje var meir enn ti meter, fekk eg det innfallet om at livet mitt vil halda fram å dra med seg tragediar som om sorga var knytt til navlestrengen min. Då eg møtte Zuhair framfor Kirkeristen, omfamna eg han og gret. Eg såg fetteren min Ali som gut som spela fotball med meg. Eg såg han bada i Tigris i sommarvarmen. Mor hans sa: «Du må passa på han. Han er min einaste son som Gud gav meg. Ikkje kom tilbake åleine, Walid.» Eg var ni år eldre enn Ali. Eg tok han med til Tigris-elva, knytte eit tau rundt han og sleppte han ut i vatnet medan eg sat ved elvebreidda. Eg måtte sikra meg at han ikkje drukna. Ali var ein rabagast. Han fall frå taket ein dag og måtte leggjast inn på sjukehus: Tre av tennene hans vart knuste og kinnet måtte syast med tolv sting, og han knekte beinet. Eg var med han på sjukehuset. Passa på han. Og då han gret av smerte, fortalde eg for han historier om Sindbad og Aladdin. Eg fekk tårene hans til å stogga å renna. Men då eg spurde han om kvifor han var på taket, fortalde han meg noko fantastisk: «Ei ringdue hadde kjuklingar i reiret. Eg var van med å ta korn og mata fuglen. Då kunne eg sjå på at fuglemora mata ungane frå munn til munn.» Og då han ville verta offiser, var det ei sørgjetid for mor hans. Korleis kan ein fredeleg Ali skyta fiendar? Han sa til meg på telefonen: «Eg skaut i lufta. Ikkje mot iranske soldatar. Eg tenkte på mødrene deira. Dei er like glade i sine søner som mi mor i meg!» Og kvar gong Ali drog i krigen mot Iran etter fridagane, var mora frå seg ved tanken om at han kjem i ei kiste neste fridag. Sparde Gud livet hans for at mora sjølv skulle sjå han verta drepen av mordarar som ikkje tenkjer på mødrene? Framfor domkyrkja såg eg fetter Ali baska i Tigris-vatnet med latter då eg omfamna Zuhair. Og tragedien til Zuhair er den avlidne sjølv ansvarleg for. Zuhair og bror hans fekk drapstrugsmål fordi dei arbeidde for staten. Sjølv er han politioffiser og broren var sivilingeniør. Dei var fornuftige og tok trugsmåla på alvor. Dei selde alt dei åtte og gav pengane til ein smuglar. Målet var Skandinavia. «Der kviler freden djupt under snøbakken», sa dei til familien i avskilsstunda. Men dei bestemte at om dei vart tekne i eit av dei europeiske landa, skulle dei søkja asyl der. Og i Frankfurt passerte Zuhair passkontrollen. Broren vart stogga, og det vart oppdaga at han hadde falskt pass. Han søkte asyl i Tyskland, medan Zuhair hamna i asylmottaket på Førde. Liva deira vart berga. Livet smilte til dei. Det er rett at dei vart framande, men dei berga livet. Broren ringde stadig til Zuhair og fortalde at Tyskland ikkje ser ut som eit europeisk land. «Her fyller tyrkarane gater og butikkar. Moskeane er over alt.» Men etter ein månad keidde broren seg. Han ringde til Zuhair i Førde og fortalde at han hadde heimlengt. Han fortalde at han var fylt av tanken om at livet renn ut og får ikkje smak. Han sakna Irak, det kjære landet. Han ville dra heim. Då Zuhair høyrde at broren ville dra heim, vakna heimlengten i hjarta hans. Han ville dra til Irak. Men eg og andre vener roa han ned og minte han om at det er dårskap å tenkja på å dra til Irak, som etter kvart har vorte dødens labyrint. Vi hindra han i å reisa heim. Men ingen hindra broren i å reisa frå Tyskland. Det var den tyske dommaren som rådde broren til ikkje å gjera det, men han kunne ikkje hindra han. Han drog heim. Mor og kone vart engstelege: «Kvifor kom du tilbake?» «Eg prioriterer døden i mitt land ved sida av dykk framfor evig liv i eit snøkaldt samfunn i Europa!» Mora sa til han: «Son min, eg vonar ikkje at lagnaden din kalla deg tilbake!» Broren gjekk tilbake til jobben sin. Etter eit par månader fekk Zuhair på Førde ein telefon frå systera: «Bror din er drepen, Zuhair! Dei kom om natta som kråker, og storma huset. Dei tok han i bilen og spurde etter deg. Vi var inne i huset. Vi høyrde skot, og bilen køyrde bort. Då vi gjekk ut, låg bror din livlaus på bakken med blod frå hovudet. Det var lagnaden som kalla han inn frå Tyskland.» Då eg tok Zuhair med til ein kafé, kjende eg at han hadde dårleg samvit. For han spurde retorisk: «Kvifor hindra eg han ikkje i å reisa tilbake?! Eg oppmuntra han. Eg sa til han at eg vil reisa med.» Då henta eg ein tusen år gamal trøystevisdom om døden: – Mor mi fortalde meg om ein herre som sende tenaren sin til basaren i eit ærend. Der møtte tenaren dødsengelen som skulte på han med eit blikk som skremde tenaren. Tenaren kom tilbake til herren sin og bad om å låna hesten hans for å rømma til byen Samarra som låg ei dagsreise nord for Bagdad. Herren lånte hesten sin til tenaren, som reid som ein vind bort frå Bagdad. Herren drog til basaren. Og der møtte han dødsengelen og spurde han: «Kvifor skremde du tenaren min i dag tidleg?» Dødsengelen svara: «Det undra meg å møta han her i Bagdad, for i kveld skal eg ta livet hans i Samarra, slik eg fekk i oppdrag her i dødsboka eg følgjer!» Så sa eg til Zuhair: – Ingen rømmer frå lagnaden sin, min ven! Hadde det vore skrive i dødsboka at han skulle døy, hadde døden følgt han på ein annan måte i Tyskland. Trass i at eg trøysta han med denne historia om lagnaden, trur eg ikkje på ein annan lagnad enn den menneske skaper for seg. Eg gret for begge. Fetteren min og bror til Zuhair. Difor var eg åndsfråverande. Eg grubla over religionen vår som oppdreg til hat mot andre. Likevel seier sunnimuslimar at det islam som dei trur på, skaper fred og kjærleik. Sjiamuslimar seier at det islam som dei trur på, er basert på fred og kjærleik. Dei siterer og fortel om imamane og Profeten som provar noko anna enn røynda vi opplever i dag i landet vårt. Eg vert forvirra når eg ser at dei drep kvarandre. Då hugsa eg brått Aarnes ein gong då eg stilte dette spørsmålet til han. Vi var på toget heim frå Voss, då han las eit dikt: Sjølv om vi har slik ein prest, Det er denne pesten som islam dreg med seg, det er denne pesten som tvingar meg til å melda meg ut av begge sekter som hemn for dei to avdøde! Walid al-Kubaisi er forfattar og har norsk statsstipend.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|