 |
FØRSTESIDA
NYHENDE

KRITIKK

Meiningar

AKTUELT

BUTIKKEN

MARKNADSPLASSEN

DAG OG TID

ANNA

|
|
Forfalskaren og maktpersonen Petter Dass
Av Ronny Spaans, 19.01.07
|
|
Biografen Kåre Hansen avlivar mange mytar om diktarpresten frå Helgeland. Ein av dei, at dette biletet føresteller Petter Dass, avliva han alt i 2000. Truleg er det Melhus-presten Oluf Mentzen Darre vi her har framføre oss.
|
BIOGRAFI Kåre Hansen: Petter Dass – mennesket, makten og mytene Eige forlag, Sandnessjøen 2006Forfattarbiografiar er på moten. Bokåret 2007 kjem til å bli eit rekordår i så måte. Biografisjangeren er store pengar for forlaga og valet av biograf får prestisje knytt til seg. Den nye biografien om Petter Dass føyer seg inn i denne rekkja av nye livsskildringar, men det er eitkvart som ikkje stemmer. Boka er skriven av ein ukjend skulelærar og er gjeven ut på eige forlag med støtte frå institusjonar lokalt på Helgeland. I eit intervju sa biografen, Kåre Hansen, at dei store forlaga ikkje var interesserte i manuset hans. Er ikkje eit verk om den einaste store norske 1600-talsdiktaren – den fyrste Dass-biografien sidan 1947 – av nasjonal verdi? Rik student og kapellan Dette spørsmålet får sterkare understreking når ein les det nye stoffet som boka presenterer. Kåre Hansen har funne så mange nye opplysningar om diktarpresten at alt frå leksikonartiklar til heile avsnitt i litteraturhistorier må skrivast om. Ikkje berre gjeld det fakta som nyanserer påstandar i diktinga. Dass skriv at han var fattig som kapellan i Nesna. Denne fattigdomen må forståast i ljos av større embete – særleg det embetet som Dass med alle middel, ærlege som uærlege, sikta mot, sokneprestkallet i Alstahaug, det rikaste prestegjeldet nordafjells – for jamførd med bøndene og fiskarane var Dass alt som ungdom ein svært halden mann. Hovudpunkt i livssoga blir òg dryfte med kritisk blikk. Hansen argumenterer for at fødeåret må endrast frå 1647 til 1646 og fødestaden frå Nord-Herøy til Tjøtta. Forfalsking og bakvasking Er du ukjend med diktuniverset til Petter Dass, er ikkje Petter Dass – mennesket, makten og mytene den rette boka å byrja med. Ho kan skræme deg frå å lesa Dass, endå det ikkje er intensjonen til Kåre Hansen. Hovudærendet hans er å finne den autentiske Petter Dass i dei historiske kjeldene og bryte med det glorifiserte biletet av den nordnorske presten som er skapt i kjølvatnet av nasjonalromantikk og lokalpatriotisme. Den diktarpresten som Hansen framsteller, har lite sams med den jordnære folkediktaren vi kjenner frå historiebøkene: Alt som student valde Dass å fylgje ein ortodoks lutherdom – han nekta mellom anna for at sola var sentrum i universet – og som sokneprest i Alstahaug var han medviten om den sosiale posisjonen sin som «Danne mand», og ikkje berre forsvara han, men òg forsterka makta åt eit stivt embetsmannsstyre. Dass gjorde seg skuldig i muting, forfalsking og bakvasking, skriv Hansen, og dreiv med omsynslaus pengeinnkrevjing i naudår. Her er flust med sensasjonar å velte seg i. Eg tvilar ikkje på at Dass var innblanda i desse sakene, men eg tykkjer at Hansen – trass i den grundige og saklege tonen – stundom dreg for raske konklusjonar. Til dømes er den «underdanige» skrivemåten som særmerkjer 1600-talsskrifter, ikkje eit vis å underbyggje embetsmannshierarkiet, slik Hansen insinuerer, men sjølve sjargongen som dei skriveføre opererte i. Endåtil kongen kunne tiltala ein undersått med dei same smålåtne og æruge frasane. Og Hansen gjer ei stor sak av at son åt Petter Dass, Anders Dass, signerte ein søknad med namnet åt faren og dermed forfalska brevet. Men var det ikkje praksis å nytte slike «falske» signaturar så lenge dei stod utan avstyttinga «egh.», det er signert med «egen hand»? Det er likevel ingen tvil om at Kåre Hansen har levert eit av dei viktigaste tilskota til Petter Dass-forskinga med denne biografien. Særleg er det store kjeldetilfanget han legg fram, imponerande, og dei mange vedlegga sist i boka forvitnelege. Her finst mellom anna ukjende dikt frå samtida hans: Ei gravskrift til stykfaren Peder Christophersen Broch, signert barneborna hans. Men dei var berre ni og elleve år då bestefar døydde. Hansen trur ghostwriter-en bak desse innfløkte barokkdikta er ingen ringare enn morbror Petter, og det er sannsynleg; mange andre poetiserande dannemenn fanst ikkje på Helgeland den gongen. Diktarkarrieren Hansen legg hovudvekta på preste- og embetskarrieren åt Petter Dass og det økonomiske grunnlaget hans, som han gjennom heile boka illustrerer med sitat frå diktbøkene: I Katekismesangene framstår Dass som ein fremjar av streng luthersk ortodoksi, som endåtil var i utakt med lovverket i samtida. Sjølve diktarkarrieren gjev Hansen derimot ikkje mykje plass til. Vonleg kan boka kveikje andre til å granske dette i ljos av dei nye funna til Hansen, særleg posisjonen som renessansediktar i utkanten. På slutten av biografien diskuterer Hansen gåter ved forfattarskapen hans: Kvifor opplevde Dass aldri litterært gjennombrot i samtida og kvifor kom bøkene hans fyrst ut lenge etter at han var død? Påstanden om at Petter Dass ikkje hadde råd til trykkjing av skriftene sine, avviser Hansen bastant. Dass var rik. Han meiner rett og slett at tankegodset i dikta hans vart for doktrinært for sensuren i København. Kan hende er boka til Kåre Hansen sjølv eit bilete på den ublide lagnaden Dass møtte og enno møter. Endå hovudstaden er flytt over Skagerrak, 62 mil nærmare Alstahaug, og den gamle publiseringskulturen med kongeleg sensur er bytt ut med ein bokbransje med profitt som mål, er Petter Dass stadig ein for perifer diktar for dei store forlaga. Ronny Spaans er stipendiat i nederlandsk ved Universitetet i Oslo.
« Tilbake
|
|
|