 |
FØRSTESIDA
NYHENDE

KRITIKK

Meiningar

AKTUELT

BUTIKKEN

MARKNADSPLASSEN

DAG OG TID

ANNA

|
|
Hilton frå Kløfta til Cuba
Av Roald Helgheim, 12.01.07
|
|
SVIGERFAR: Hilton-gründer Conrad Nicholson Hilton (1887–1979) dansar med Elizabeth Taylor på nattklubb i New York i 1951. Sonen Conrad Hilton jr. var Taylors første ektemann.
|
Striden etter at det Hilton-eigde Scandic Hotell Edderkoppen i Oslo nekta ein cubansk delegasjon å bu der, har enno ikkje lagt seg. I desse dagar er dei på reiselivsmessa på Lillehammer etter å ha skaffa seg ny hotellplass. Grunngjevinga frå Scandic, som vart kjøpt opp av Hilton-kjeda i mars i fjor, er at den privat-eigde Hilton-kjeda hevdar dei er underlagde lovene til USA også i andre land, og difor må følgje den 44 år gamle USA-boikotten av Cuba. Men samstundes melder Hilton i Danmark at der er cubanarar velkomne, for der følgjer dei dansk lov. Slik er det også i Mexico, der regjeringa i fjor gav det USA-eigde Sheraton Maria Hotel i Mexico City 112.000 dollar i bot for å ha kasta ut 16 cubanarar.Soga om Hilton Soga om hotellkongen Conrad Hilton (1887–1979) startar på garden Hilton på Kløfta i Ullensaker, etter Norske Gaardnavne «Hilton nordre og søndre», med gardsnr. 18 og 19. Her vart faren Augustus «Gus» Halvorsen Hilton (1854– 1919) fødd. Han utvandra til USA og vart gift med tyskfødde Mary Genevieve Laufersweiler (1861–1947) i Fort Dodge, Iowa, i 1885. Conrad Nicholson Hilton vart fødd i 1887 i ein syskenflokk på åtte. Faren «Gus» døydde i ei bilulukke mens Conrad var i hæren. Han byrja i hotellbransjen i Texas, og kalla det første hotellet sitt i 1925 for Dallas Hilton. Han var gift tre gonger, i det andre ekteskapet med den ikkje ukjende divaa Zsa Zsa Gabor. Cuba-eventyret I 1957 skreiv han sjølvbiografien Be My Guest. Då var han alt inne i sitt første hotelleventyr på Cuba. I Time Magazine desember 7. desember 1953 les vi at han attåt dei 17 hotella sine nett hadde gjort det 18. røvarkjøpet på Manhattan, før han to dagar etter drog til Havana. Der skreiv han kontrakt for å drive eit 11 millionar dollars luksushotell kalla Havana Hilton, med 650 rom og swimmingpool, for Pensjonsfondet til det cubanske forbundet for arbeidarar i næring og nytingsindustrien, som talde 45.000 medlemer. Forbundet gjekk med på å finansiere hotellet med 6 millionar dollar frå fondet, pluss eit banklån på 5 millionar dollar. Han skulle opne det i 1955 og drive det på ein tjueårskontrakt, der han sjølv fekk ein tredjedel av profitten. Han rekna med å tene 250.000 dollar netto det første året, og som det står i Time, risikerte han ikkje å bli råka av streik. «Tenk deg, eg i arbeid for fagorganisasjonen! Åh, som eg skulle ønskje at Joe (!) Stalin hadde levd lenge nok til å oppleve dette!» Stalin døydde i mars det året, men Hiltons cubanske hotelleventyr varde ikkje ut kontrakten. Det sette den cubanske revolusjonen i 1959 stogg for, og Hilton-striden av i dag er meir enn ein historisk ironi. Då Hilton-gründeren døydde i 1979, hadde han testamentert mesteparten av det jordiske godset sitt til den katolske kyrkja og andre velgjerdsføremål, og nesten ingenting til borna. Det fann ikkje sonen William Barron Hilton frå det første ekteskapet seg i. Han hadde arbeidd i Hilton-kjeda frå ungdomen av, vart visepresident i selskapet 1954, og avanserte til president i 1966. I 1970 sytte han for at Hilton-kjeda kom inn i spelebransjen. Han protesterte mot testamentet fordi han hadde vigd livet sitt til hotellkjeda, og vann rettssaka i 1988. Systera Franscesca (dotter til Zsa Zsa Gabor) tapte saka si, og fekk ingenting. Barron har to brør, Erik og den avdøde Conrad Nicholson Hilton Jr., som med kallenamnet «Nicky» var den første ektemannen til Elizabeth Taylor.
Tok ein Hilton Hotellkongen Barron har i dag seks søner og to døtrer. Kva arvestrid det vil bli, vil tida vise, men vi kan ikkje gå ut av Hilton-soga utan ein norsk fotnote. «Thon tar en Hilton» er tittelen på ein artikkel 5. oktober 2005 på reiselivssida dinside.no i samband med at hotellkongen Olav Thon døypte om hotellkjeda si Rainbow Hotels til Thon Hotels. «Da Hilton fra Kløfta startet sin hotellkjede i Amerika, var det ikke snakk om å kalle kjeden det ene eller det andre av hva man måtte finne på, men han kalte det ganske enkelt Hilton. Vi stryker Hil, og så blir det Thon. Vi sparer også reklamekroner, da det er færre bokstaver, spøker Thon.» Att står å melde at den unge kometen på stjernehimmelen, Paris Hilton, også nedstammar i rett line frå tippoldefar «Gus» Hilton frå Kløfta og er arving til Hilton-trona. Ho voks opp i toppetasjen på Waldorf-Astoria Hotel på Manhattan. Etter det Dag og Tid kjenner til, har ho enno ikkje vist seg på Kløfta.
« Tilbake
|
|
|