|
|
Brukte tre år på Ringdrotten Av Ottar Fyllingsnes, 15.12.06
– Men det spørst no kven eg snakkar med, seier han – og slår over til ein dialekt som er heimehøyrande i Buskerud. Den einaste bygdedialektbakgrunnen Myhren kan visa til, er at han har budd i Hallingdal og Telemark i kortare periodar. I Ringdrotten vert det snakka fleire dialektar. Hobbitane snakkar ein dialekt frå den øvre delen av Hallingdal. – Eg vonar at boka kan vera med på heva statusen til hallingmålet mellom unge som er ambivalente til eigen språkbruk. I boka snakkar menneska frå Gondor raulandsdialekt. Alvane snakkar ulikt språk, men tanken har vore å gje ei kjensle av alder. Orkane, som av og til vert kalla tussar, snakkar eit språk som blandar Oslo aust og moderne nynorsk. Storfolka snakkar midlandsnormalen. Dei andre rasane er «overførde» til andre skriftnormalar. Boka vert med andre ord ei antiurban utgåve av Tolkiens klassikar. Dette er på mange vis bygdeutgåva av Tolkien, seier Myhren. Han fortel at valet av bygdemål har opphav i hans eigen ættebakgrunn, og då tenkjer han på tilknytinga til Hallingdal og særskilt Hol. – Der Tolkien lét hobbitane nytta målmerke frå Oxford og Hereford, lèt eg dei nytta eit talemål eg sjølv kjenner. Tolkien gav sjølv klart uttrykk for at hobbitane var skapte ut frå idealet av den engelske bonden, særskilt slik han var før industrialiseringa. Når eg i hovudsak gjev hobbitane ein norsk dialekt, har dette ein tilvarande klangbotn i norsk bygdekultur, til dømes ei påminning om bygdelivet før det som gjerne med Inge Krokann vert kalla «Det store hamskiftet». Eilev Groven Myhren meiner at omsetjinga av verket er ei vinning for nynorsken – ei domenevinning. Men kva får ein mann til å bruka tre år på å setja om The Lord of the Rings? Myhren fortel om moralsk støtte frå Tolkien-foreininga til å setja i gang med prosjektet. – Og sidan fekk eg god støtte heimanfrå til å retta opp dei verste grammatiske feilane. Foreldra mine har lese boka grundig fleire gonger. Det er ikkje mindre enn fem særspråk i boka, fortel han – og då skjønar dei fleste at her er det snakk om eit avansert språkleg prosjekt – og foreldre med store språkkunnskapar. Mora – Dagne Groven Myhren – er kjend som litteraturforskar og folkemusikar. Eilev Groven Myhren spelar både piano, gitar og hardingfele, men er den einaste i familien som aldri har delteke på Landskappleiken. Men han har delteke på mindre kappleikar. – Eg har delteke, fått botnplasseringar og lurt meg ut før premieutdelinga, seier han – og ler. Det er i desse dagar at Eilev Groven Myhren leverer sitt meisterverk. Spør du kva han er, svarar han: Frilansar! – Og det har eg vore ganske lenge. Opphavleg var tanken at eg skulle driva med musikk, som eg har hovudfag i. Men det har ikkje vorte så mykje av det, bortsett frå nokre artiklar og mange idear til gode artiklar om musikk og kultur, som eg gjerne skulle ha skrive. Tidlegare har eg dirigert kor, men denne hausten har gått med til omsetjinga. – Du har vore Tolkien-fan lenge? Det er meir enn tre år sidan Eilev Groven Myhren byrja å leggja planen for boka som ligg føre i desse dagar, og sidan har han arbeidd systematisk med Ringdrotten. – Korleis har du finansiert prosjektet? – Du har tent nok til salt i grauten? Myhren omtalar omsetjinga av Ringdrotten til nynorsk som ei «motkultur-bok». Han har ønskt å knyta teksten til norske folkelivstradisjonar og har valt ei folkloristisk tilnærming. Her i landet kom Krigen om ringen ut på riksmål i 1973. Det er ei bok som inneheld mange feil. I 1981 kom Ringenes herre på bokmål, og sidan kom det ei revidert utgåve i 2001, før Myhren byd på den tredje versjonen på norsk. The Lord of the Rings kom opphavleg ut som tre bøker i 1950-åra, men det var av di forlaget ikkje hadde råd til å trykkja alt i eitt band. – Men tanken var å gje ut ei tjukk bok, og det får me no i den nynorske utgåva, seier Myhren. Han viser til at Tolkien stod i ein konservativ språktradisjon. – Originalteksten hans er fylt med gammaldagse ord, og bøkene medverka dermed til å auka ordtilfanget i engelsk. Nokre av orda er henta frå Shakespeare og engelske forfattarar før 1600. Medan både bokmål og nynorsk har måtta tola endringar, har engelsk halde seg relativt uendra. Eilev Groven Myhren vonar at boka i alle fall skal vekkja litt debatt i Tolkien-miljøet. – Eg vonar også at ho skal skapa opning for ei tilvenjing til nynorsk i bokmålsmiljøet. Det er lagt ut litt av den nynorske teksten på nettet, og det førde til at fleire tykte at dette såg så mykje betre ut at dei gav uttrykk for at det lét bra. Bokmålsfolk har tradisjonelt ein høg terskel dei må over før dei vil lesa nynorsk. Kanskje kan Ringdrotten medverka til å lægja denne terskelen? – Er Harry Potter på nynorsk det neste prosjektet? – Ønskjer Tolkien-miljøet boka velkomen? – Kva tilhøve har du til Tolkien i dag? « Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|