Kulturskatt pakka vekk i gymsal
Av Per Anders Todal, 17.11.06
|
|
Det er ei omfattande og mangfaldig skulehistorisk samling som ligg pakka ned i Drammen: Gamle undervisningsplakatar i tusental, instrument frå fysikkundervisning i gamle dagar, i tillegg til eit titusental skule-bøker.
Foto: De norske skolehistoriske samlinger
|
De norske skolehistoriske samlinger: Det læt fint, høgtideleg og offisielt. Men i røynda er det snakk om ein kulturhistorisk skatt som har blitt systematisk vanskjøtta av staten i over førti år. Det meiner i alle fall høgskulelektor Torodd Hagen, som arbeider ein dag i veka som leiar for De norske skolehistoriske samlinger i Drammen.– Det er vanskeleg å fastslå omfanget sikkert, men vi har nok mellom 20.000 og 30.000 objekt i samlinga. Det aller meste av materialet er pakka ned i kassar i gymsalen og kjellaren på Fjellheim skole. Vi har verken lokale, personell eller midlar til å gjere det tilgjengeleg, seier Hagen. Klenodium Det er ei samling full av klenodium det er snakk om: Fleire tusen gamle skuleplansjar, skuleinventar frå 1700-talet, utstoppa slangar frå naturfag, tekniske apparat frå fysikktimane. Spolebandopptakarar frå Tandberg med gamle engelskkurs på band. Reknetabellar frå tidleg 1800-tal. Heile det gamle skulemiljøet til kong Olav da han var skuleelev på Slottet, frå pult til plansjar. Og bøker, sjølvsagt. I tusental. – Vi har til dømes alle leseverk i norsk, frå dei eldste og fram til i dag. Alle fag i grunnskulen eller folkeskulen er godt representerte, fortel Hagen. – Dette er ei svær samling som burde organiserast tematisk og kome publikum til gode. Det finst interesse for det vi har: Vi har stadig pågang frå filmselskap eller NRK som vil bruke materiale herifrå. Men det er svært avgrensa kva vi kan få til. Og materialet vårt er dårleg lagra, sjølv om det i det minste står tørt. I 2003 skreiv Torodd Hagen eit innlegg i Aftenposten, med tittelen «Norge trenger et nasjonalt skolemuseum». Her skildra han den sørgjelege stoda for skulesamlinga i Drammen, og tok til orde for ein nasjonal institusjon som tok ansvar for det skulehistoriske materialet som i dag finst spreidd rundt i landet. – Har det skjedd noko særleg sidan du skreiv det innlegget? – Lite er endra sidan 2003, bortsett frå at Bergen Skolemuseum er etablert som ein del av Bergen Museum, og dermed er berga. For Drammens del må vi berre håpe at det finst vilje til å behalde samlinga, seier Hagen. Null interesse frå staten Ei prosjektgruppe i Drammen skal leggje fram ei tilråding for bystyret om samlinga, men der ligg det ikkje føre nokon konklusjon enno. Eitt alternativ for samlinga er at kommunen tek grep, eit anna at samlinga blir ein del av Drammen Museum. – Det klart beste hadde likevel vore eit nasjonalt senter for skulehistorie. Det er det same kor i landet det ligg, berre vi kan få opp materialet vårt frå kassane, seier Hagen. Men overfor dei sentrale styresmaktene har ikkje Torodd Hagen klart å få det minste gehør, fortel han. – Vi kjem ingen veg overfor departementet. Dette er ikkje ei politisk interessant sak for dei. Verken Kunnskapsdepartementet eller Utdanningsdirektoratet ønskjer å engasjere seg i dette. – Samfunnsfelt som samferdsle, landbruk eller Forsvaret – dei har sine statlege museum. Skulen, som alle har gått på, er det derimot inga interesse for. Dette burde sjølvsagt vere eit nasjonalt ansvar. – Kvifor blir dette feltet så stemoderleg handsama? – Det har eg spurt meg sjølv om mange gonger. Det finst så lite politisk vilje til å ta tak i dette. Kanskje det ikkje er spennande nok for politikarane. Men dette syner nok òg ein mangel på historisk medvit. Det manglar interesse fordi folk ikkje greier å sjå framover og attover i tida på ein gong, seier Hagen.
« Tilbake
|