|
|
Levande dikting og dikta liv Av Odd W. Surén , 20.10.06 ROMAN Hallgrímur Helgason: Islands forfatter Damm Til norsk ved Jón Sveinbjørn Jónsson Nokre få forfattarar har den evna mange drøymer om: Dei kan skriva kva som helst og få det til å verka sannsynleg. Og til skilnad frå tryllekunstnaren legg forfattaren metoden sin fram, berr og open for kvar den som vil sjå. Alt ligg i teksten, men teksten løyner også alt. Ord-seiden får oss til å tru at me har sett setningane før, dei ser då så vanlege ut. Men me tek feil. I Islands forfatter vaknar ein gammal mann av at ein gut pirkar i han. Han kjenner ikkje guten, eller staden der han ligg, berrføtt i ein skråning, dumpa, lam, utan minne, i alle fall utan brukande minne, han hugsar, men ikkje det viktige, som kven han er. Men han veit at han er forfattar. Og han minnest ein viss Fridthjófur, som me litt etter litt lærer å kjenna som kritikar, og han ser på denne kritikaren som noko av ein fiende, ein Nemesis, verkar det som, og han trur det må vera denne uvenen – som i grunnen ikkje er nokon uven, berre ein motpol – som har plassert han i slikt eit uføre. Guten ropar på far sin, den kraftfulle bonden Hrólfur, som ber den gamle forfattaren til gards. Gamlingen er som ein Hamsun på attgrodde stigar, han tenkjer i sprang, er øren og til overs, men litt etter litt vert han merksam på at mykje av den moderne verda ikkje finst der han har hamna, i Heljardal, endå seinare forstår han at han har ramla ut or år 2000 og inn i 1952, og så går det opp for han at han har landa i ein av sine eigne romanar. Før det kjem så langt, finn han ein konvolutt i lomma si, utanpå den står eit namn han tykkjer han kjenner, og han får det for seg at det er namnet til kontaktpersonen hans i forlaget i Reykjavík. Denne personen skriv han eit brev til, først deretter forstår han at det var sitt eige namn han såg på konvolutten. Seinare ser han det som eit bilete på forfattareksistensen, ein skriv til seg sjølv, men forstår det ikkje i den augneblinken då ein faktisk skriv. I Heljardal Dette er ein roman som fungerer på alle plan samstundes. Dei mange forteljingane og digresjonane overtyder med autentisitet, her er dramatikk og komikk, og alt er skrive slik at ein får lyst til å sitera den eine sida føre og hi etter. Her skal eg, av plassomsyn, berre gje nokre små prøver på skrivekunsten i denne store og underlege boka. Først om den augneblinken då Einar døyr, framfor TV-skjermen på gamleheimen, der han ser tre mørkhuda jenter som syng og vrikkar på sveitteglinsande hofter: «Og så var det slutt: med tre glinsende hofter. Sjelen min fløy over parkeringsplassen som en hvit måke i mørket, og dens første tanke var: Hva slags bil skal vi ta? Men de var alle som puppespunne brødre, jeg kunne ikke lenger huske merket, og jeg drar ut over verden – julelysene på jorda og stjerner på himmelen – og sa ja ja til Gud, nå folder jeg vingene mine sammen og legger dem i himmelens hender. Opp min sjel! men ikke noe svar og så fallet, et fall, til jorda, en nyere jord ... og våknet i skråningen med guttens finger i munnen. Slik var det bare. Du skuer glinsende hofter, og før du vet ordet av det sitter du fast i en blå dal. Døden er kjapp i vendingene. Livet er langsommere.» Livsnerven Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar for Dag og Tid.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|