|
|
Spionen som kom ned frå sykkelen Av Bernt Hagtvet, 13.10.06
Sverre Bergh / Svein Sæter: Spion i Hitlers rike. Student og agent: Sverre Berghs dramatiske dobbeltliv Damm Historiene frå den andre verdskrigen tek aldri slutt. Denne meldaren har spurt seg sjølv om det kan finnast noko nytt frå denne perioden. Tolkingar, ja. Flust. Men nye dramatiske livssoger? Nytt materiale? Har ikkje krigsgenerasjonen sagt sitt no? Er ikkje alle arkiva, i alle fall i Tyskland, finkjemde for det meste? Ingeniør og tysklandsstudent Sverre Bergh (1920–2006) har tagt i 60 år; medlemene i den løynlege etterretningsorganisasjonen XU hadde for vane å gjera det. Ja, dei skreiv under teielovnad og har stort sett respektert det i alle åra etter krigen (X stod for ukjend, U for under cover agent). Historia som Bergh har fortalt til den faglitterære forfattaren Svein Sæter, må i all sin lågmælte dramatikk vera noko av det mest fantastiske som er i krigslitteraturen. Sæter har god bakgrunn for å vera intervjuar og penneknekt: Han har bak seg boka "XU – i hemmeleg teneste 1940–45" frå 1995. Eg må berre seia at eg las denne boka i ein einaste jafs. Ho er ikkje briljant skriven; Bergh fører eit stillferdig, faktelaust språk. Men det kler stoffet. For høyr kva han var med på: Fyrste oppdrag Bergh strekte alt her kjølen til spionverksemda si, for opplysningane var så nøyaktige at han vart møtt med tillit i London. Kort tid etter sette Brodersen han i kontakt med «Ole», som han på klassisk le Carré-vis møtte fordekt på Karl Johan. Brodersen hadde kontakt med den anti-nazistiske offiseren Th. Steltzer i Oslo, som vart med i krinsen rundt 20.-juli-mennene. «Ole» fekk no i oppdrag frå britisk etterretning å verva Bergh. Han bad han om å halda fram med studia i Dresden, endå Bergh var på veg til Trondheim. Dermed var løpet lagt for eit fascinerande dobbeltliv som enda med eit triumfatorisk inntog i Oslo i maidagane 1945 med ein DKW- bil som han tok frå ein tysk offiser. På vegen heim over Danmark med den bilen fann Bergh seg sjølv mellom to armear i Nord-Tyskland, det som var att av Wehrmacht og den raude på rask framrykking. Det var friske tider. V2 Til saman vart dei eit draumeteam. Bergh skulle òg rapportera om bombeskadar, om kvar flyplassar låg og om bruken av transportårer. Etter fyrste kontakt tok John Winstondale farvel med ei klår melding: «If you get caught, we can’t help you.» Rakettforsking Bergh var nær ved å verta oppdaga i Dresden. Gestapo fekk brått stor interesse for den norske studenten med dei mange reisene heim. Men endå ein gong hjelpte flaksen, om ein kan seia det slik: Bombeåtaket 13. februar 1945, som la byen aud, eliminerte òg Gestapo-hovudkvarteret. Bergh overlevde så vidt ved å flytta seg frå ein kjellar han som ingeniør såg ville falla saman, til ein gang i same huset. Det berga livet hans. Skildringane av lidingane etter bombeåtaket fører tankane til Kurt Vonnegut. Det er ein klisjé, men her gjeld det: Røynda er meir spanande enn den beste kriminalromanen. Godt at Sverre Bergh rakk å fortelja dette til Svein Sæter; eit nært og verdfullt tilskot til krigssoga.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|