|
|
Ein utedans av ein roman! Av Inger N. Bråtveit, 08.07.06 ROMAN Ingelin Røssland: Handgranateple Det Norske Samlaget Hovudpersonen Anja og fjordlandskapet der odelsjenta bur med fruktdyrkarfamilien sin, ser kanskje harmonisk nok ut på overflata, men det skal snart syna seg at både fjorden og jenta lever opp til det gamle ordet: Stillast vatn har djupast grunn. Stillferdig går det heller ikkje føre seg, i seine, ville sommarnatta, når romanen i in medias res opnar og faldar seg ut på bryggjedansen i fjorden der Anja vert spydd på av einkvan som ikkje kan vera anna enn ei drita kanon tenåringsjente frå Odda. Nei, ingen stad står det beint ut at den«byen» der Anja snart byrjar på vidaregåande skule, heiter Odda, eller at fruktgarden Anja bur på, heiter Lofthus, Sekse eller Opedal, men det er som om lesaren, takka vere Røsslands grundige sosialantropologiske og bukselomme-kjennskap til fjorden og folka som bur der, teiknar det faktiske og truverdige landskapet opp og inn på det kartet der fiksjonen lever side om side med røynda. Ei anna klassereise For Anja lever to liv: Eitt heime i fjorden i helgane, eitt anna i «byen» saman med den nye og slett ikkje Synnøve Solbakken-blåøygde veninna si, Malin. Anja er ei jente som har vakse opp med eit stort ansvar, for både garden og dei der heime, ei av desse jentene som alltid hjelper til og aldri finn på noko gale. Anja er den snille og skikkelege jenta som ikkje smeller med døra når ho går. Så då Anja møter Malin, er det som ho opnar opp ei avstengd dør i seg sjølv, til eit mørkt rom ho gjennom årelange plikter og fortrengde tankar har halde lukka og låst bak eit alltid venleg, samvitsfullt og tappert smil. Jo visst er Anja tøff, køyrer bil og traktor med hengjar, men samanlikna med den valdelege, hasjrøykjande og øldrikkande jentegjengleiaren Malin liknar Anja meir på Maj Britt Andersen enn popstjerna Pink, for å seia det slik. Ryktet om at Malin og gjengen hennar har banka opp ei russejente og deretter brennemerkt ho med sigarettar, er berre eitt av mange rykte som går om den nye veninna til Anja: – Malin har ein bror, Stein. – Ja? – Ja, han har vore i litt trøbbel, kan du seia. Og... ja, er altså i fengsel. For narkotika. Det kan jo henda at Malin er heilt grei, men altså... ja... No veit du det. (...) – Det går visse rykte om ho Malin også. No veit eg ikkje om det er sant. (...) – Ver forsiktig, ok. Og eg trur kanskje ikkje det er så lurt å låna ho pengar.» Minst idylliske boka Ingelin Røssland har skrive den minst idylliske og til no kanskje aller beste boka si, på det konkrete, ytre handlingsplanet, men denne gongen også med særs psykologisk heilstøypte karakterar. Kanskje kunne noko av den etter kvart så litterær-velkjende jentesjølvskadinga vore tona noko ned, og den spontan-mentale fellesskapen mellom Anja og dophovudet Psyko står kan henda fram som noko vel utvendig og ikkje-utbygd, men: Romanen er som utedansen i fjorden: fylt opp av livet sjølv, der vaksne som har vore gifte i haugevis av år, no står og held kvarandre i hendene, medan tenåringsjenta med spy i håret og gråten i halsen ålar seg fram mellom glade og rusa sambygdingar mot plattingen der sjølve Vestlandsfanden spelar opp til siste dans. Inger N. Bråtveit er forfattar og gardjente i Suldal.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|