|
|
Skirbekks høgsong til vitskapen Av Pater Arnfinn Haram, 27.05.06
Men er det berre islamismen som ei slags ektremretning ein er ute etter? I alle fall når ein les innlegget til Skirbekk, kjem det nokså fort fram at det handlar om ein meir omfattande islam-kritikk – for ikkje å seie religionskritikk. Skirbekk har ikkje heilt forsona seg med gjesteførelesinga til Habermas i Bergen der han manar sekulariteten til respektfull dialog med religionen. Truleg er ikkje Skirbekk motstandar av ein slik dialog og eg har aldri oppfatta han som særskilt antireligiøs. Likevel: Han har eit agg mot den nye Habermas-doktrinen. Skal sekulariteten lytte til religionen, så må santfordyden også religionen lytte til dei sekulære, og tole kritikk! Ja visst. Men kanskje er det ikkje så urimeleg at apellen om respekt for religionen får klinge litt åleine ei stund. Etter så lang tids nedteiing og fortrengjing frå den sekulariserte moderniteten si side burde ein kunne skjøne at det er trong for ei viss «kvotering» til beste for religionen. Det tek tid for sekulariteten å lære seg ei ny og meir sjølvkritisk rolle og venje seg til at dei ikkje har lyklemakta åleine. Gamle ganglag «Pluralitetens faktum» – ja, kanskje det kan passere. Samfunnet vårt rommar sjølvsagt eit større kulturelt og livssynsmessig mangfald enn før. Men det heile er overvaka av ein underforstått einskapskultur som ikkje er så lett å namngje fordi han er så diskret, men som veit å kvese til når han kjenner seg truga. Er det lenge sidan Skirbekk høyrde omkvedet om «dei norske-» eller «vestlege» verdiane som alle må elske og bøye seg for? Ser ein på media og elles på den meiningsformande eliten («dei intellektuelle»), er ikkje det kulturelle og livssynsmessige mangfaldet særleg påfallande, spør du meg. Snarare tvert om. Det er eit paradoks at ein no brukar pluralisme-argumentet mot den fyrste verkelege utfordraren av den norske homogeniteten på lenge: sjølvmedviten og offentleg synleg religion. Med andre ord: Det er ikkje pluraliteten som kjenner seg truga, men sekulariteten. Det er ikke einskapen, men nettopp religionen som er «varg i veum». Høvisk sameksistens I motsetnad til Skirbekk trur eg ikkje at det er sekulariteten meir enn noko anna som kan borge for mangfald og toleranse. Det kan berre ivaretakast ved ein høvisk og pragmatisk sameksistens mellom alle grupperingane i samfunnet, anten dei er truande eller vantruande. Sjølv er eg inderleg lei av å stå skulerett for den offentlege ateismen. Liturgi Heller burde vitskapens folk – både i naturvitskapane og humaniora – vere medvitne om sine eigne verdimessige føringar. Også vitskapane må finne seg i å delta i den felles samtalen på like fot med religiøse og etiske tradisjonar med lang fartstid i menneskesoga. Vitskapen (er det ingen som har eit betre ord?) skal vere eit kritisk ljos i kulturen, men kan ikkje oppkaste seg til å vere sjølve ljoskjelda over alle andre. Endå meir liturgi Ny rolle Han kjempar gjerne mot fundamentalisme og for opplysingsideala, seier han, men held fram: «opplysingsrasjonalismen tok feil på eit grunnleggjande punkt, nemleg at Gud er død». Kan dette vere noko av grunnen til at debatten tek pause og ettertanken breier seg? Fordi den debatten mange vil fyre oppunder, går føre seg på gårsdagens premissar? Premissar som seier at tilhøvet mellom religion og samfunn er klårlagt og forsegla ein gong for alle i den vestleg-moderene kulturen. No gjeld det berre om å verne og forsvare denne arven og desse posisjonane. «Openberringa» er avslutta. «Den nye pakta» skal stå uendra. Då ser ein ikke at religionen (og kanskje til og med Gud) spelar ei heilt anna rolle i det internasjonale samfunnet enn nordmenn er vane med å tenkje. Eg trur Slagstad og andre gjer klokt i ikkje å kaste seg inn i «den gamle» religionsdebatten om korleis ein best skal verje den snille og gode moderniteten mot den slemme religionen. Føresetnadene er i ferd med å endre seg – religionen er ikkje noko som er på veg ut og berre har eit slags reaksjonært comeback her og der. Difor må også debatten bli annleis enn før. Og difor er det kanskje nokre som vågar å ta tid til å tenkje seg om. Det burde fleire gjere. Pater Arnfinn Haram
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|