|
|
Personleg og vakkert Av Oddmund Hagen, 20.05.06
Odveig Klyve: Det andre blikket Cappelen Eg skal ikkje skryte på meg at eg har lese alt av Odveig Klyve, men eg merkte meg namnet da ho debuterte i 1993 og følgde opp med enda ei diktsamling året etter. Det andre blikket er den sjette diktsamlinga hennar i tillegg til to gjendiktingar i Cappelens lyrikkserie «Stemmenes kontinent». Elles skriv ho for barn og er ein rost filmskapar innanfor kortfilmen. Det andre blikket er ei djupt personleg bok om å miste ei mor mens ho enda lever i sitt åttifemte år, ikkje i den forstand at ho døyr, men at ho forsvinn inn i det demente, inn i ei verd som er der og samtidig er borte. Denne pendlinga mellom det som er, det som var og det som ikkje lenger er, dannar grunnkomposisjonen i heile denne diktsyklusen. Samtidig lèt Klyve mor og barn gli over i kvarandre, og minne og erindring om ei død syster/tante og eit dødt barn/bror spelar også med som ein stille bakgrunnsmusikk, for først og fremst er dikta til Klyve prega av den musikaliteten det heile står fram med, det rytmisk gjentakande, det suggererande og besverjande i uttrykket, dei glidande overgangane, ikkje berre innanfor dei einskilde dikta, men gjennom heile samlinga som komposisjon. Det er med andre ord ei svært gjennomarbeidd bok, ned i minste detalj. Biografifragment Men det er også ei bok om bindingar, ei binding mellom mor og dotter, familieband, religiøse band og bindingar til det jordiske. Det er dette som ikkje lèt seg forklare eller bli fanga inn i termane til fornufta. Da er vi inne i irrgangane til kjenslene, og når Klyve ein stad skriv om «Ein fødsel / som aldri tok slutt», så er det denne nærast genetiske bindinga, denne rolleblandinga mellom barnet og mora som ikkje kan forklarast som anna enn kjærleik, ein slags paradisisk kjærleik slik også devisen til heile samlinga peiker mot, henta frå Joseph Conrad: «Kisses are remnants of the language in Paradise». Og dette moderlege kysset på panna kling som eit fjernt ekko gjennom heile komposisjonen. Sorgprosess Det andre blikket er ei vakker bok, gripande og rørande fordi Klyve vågar å gå inn i dei romma som vanlegvis er avstengde for andre enn ein sjølv. Men ho opnar desse romma og går inn, takksam for det livet mora gav henne og for det livet dei har levd, saman og kvar for seg. Det er ei bok å kjenne seg att i, alt er ekte og gjennomlevd, alt er erfart og erindra, det er sann litteratur, ikkje som fasit, ikkje som oppskrift, nei, det er ei bok utan dei klare svara og likevel så klar som vatn, som tårer, som ein blå himmel.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|