|
|
«Humanistisk» halvt-hundre års høgtid 01.04.06 SCENARIO. Til lukke med dei 50! Ved åremålet kan Human-Etisk Forbund (HEF), ikkje utan sjølvkjensle, visa til ein medlemsauke frå 256 til: 256 x 256. Til lukke med dei 565 (sidene) òg! Slik statistikk kan sakte kalla på eit jubileumsskrift, og det eitt som siktar høgt i meir enn i sidetal. Tobandsskriftet Solveig B. Ormestad skreiv til 25-årshøgtida, kom frå den fasttømra innerkrinsen. Denne gongen vart oppgåva utlyst gjennom Den norske historiske forening, og valet fall på Paul Knutsen, professor i samtidssoge ved Høgskulen på Lillehammer. Med det skulle det vera duka for fordomsfri gransking på eit høgt fagleg nivå. Har vonene slått til? Ja og nei. Knutsen teiknar ei åndeleg ættetavle med Europa-sus. Det ligg i saka at utvalet må verta noko uryddig: gamle Hellas, renessanse, opplysning, modernitet (men for all del ikkje dei siste dagars postmodernitet – noko så respektlaust som metodisk dekonstruering!) Røynd som han er i moderne samfunnsvitskaplege metodar, teiknar han biletet av femti års vekslande politisk-kulturelle landskap og (dei til tider sprikjande) tenkjemåtane i laget, inntrykksfullt og ofte overtydande. Det fell heller ikkje vanskeleg å tru på den veksande makta forbundet har hatt innanfor IHEU (International Humanist and Ethical Union), slik han teiknar ho: Heimleg framgang i storleik og styrke set gapande trussysken frå Ganges til Golden Gate i 4. losjerad. Samstundes set han ljos på drag hjå hovudaktørane og på taktiske utspel som ikkje alltid fremja einskapen i laget. Slik held han jamt over lovnaden sin: ingen «hagiografi» (helgensoge)! Ikkje heilt utan grunn hermer han dei salte Håkon Lie-orda om ein annan mektig samanslutnad og samfunnsaktør: «Ikke noen søndagsskole.» Med to unnatak! To av stiftarane hevar seg over alt som liknar ideologisk perspektivløyse: lektor Johan Hovstad og psykologiprofessor Gabriel Langfeldt. (Sjølve storstiftaren Kristian Horn scorar berre 5! ) «AKADEMISK KONFRONTASJON». Laurdag 14. april 1956 var Dovrehallen overfylt til rundebordet «Human-etikk eller kristent livssyn?» som Studentersamfunnet skipa til. Folk laut gå utan å få plass. HEF var skipa fem dagar før, og denne kvelden baud på fire innleiarar. Tals- og borgsmann for den nye organisasjonen var nemnde Langfeldt. Saman med han sat ein annan djerv kjempar for human-etisk trusovertyding, lektor Trygve Bull. «Kristent livssyn» vart målbore av dominikanarpater Hallvard Rieber-Mohn og av meg (på den tid kollega med Bull på Oslo off. lærarskule). Knutsen gjer mykje ut av dette møtet, noko ut frå omtale i dagspressa, noko ut frå bøker Langfeldt og eg kom med seinare på året. Biletet Knutsen gjev av dette møtet, syner etter mi meining likevel to mistak med verkelege fylgjer. Trygve Bull vert berre attgjeven med ein stutt, noko kryptisk merknad. Der helsar han forbundet velkome, men vert snøgt gjord til talerøyr for «det statsbærende parti Arbeiderpartiet»: Han set seg imot å skilja moral frå kristenopplæring i skulen. At firemannsfektinga står under overskrifta «Langfeldt vs. Lønning: den første store akademiske konfrontasjon» (s. 60), burde eg vel ta for ei ære. Men det som vekte åtgaum i salen, var likevel Bulls krigaråtak på Langfeldt. Trass i sams bibelsyn kunne dei to ikkje einast om filosofisk fundament. Bull kjende seg tydeleg brydd av Langfeldts før-kantianske grunngjeving av etikken: ei problemfri utleiing av det normative frå det deskriptive. Dermed sat HEF-talsmannen Langfeldt uventa einsam i panelet, og heller ikkje publikumsordskiftet makta å mildna eit inntrykk av intellektuelt skòrfeste. Knutsen, som synest sjå Langfeldt som den store tankekrafta mellom HEF-stiftarane, er meir enn snøgg å visa Bull på gangen. I det heile er forfattaren vonbroten over skort på HEF-støtte frå AP-hald gjennom åra. Då vart det noko anna med SV! (Bull var i 1956 framleis i gamlebåten, må vita.) Men dei heilt store AP-skurkane, serleg med tanke på skuledebatten, vert til sist utdaningsminister Gudmund Hernes og pedagogikkprofessor Eva Nordland. Hovuda deira vert serverte på sams fat – med dei skumle merkelappane «prestesønn» og «prestedatter» (s. 157). Attende i Dovrehallen! Der vert eg sitert slik: «Nettopp i kristendommens forkjetrede dogmer finner vi det eneste grunnlag for etikken.» Men kva tid har eg sagt eller meint dette? Har historikaren henta det frå eit avisreferat, kan henda? Setninga står i hermeteikn, og lesaren må tru ho kjem frå boka Innfall og utfall, der eg gjev att hovudinnlegget mitt saman med ein kommentar nokre dagar etter (kronikk i Morgenposten), som Knutsen nett har vist til. Og her står noko heilt anna å lesa: «Den moralske selvforståelse gir mennesket et grunnlag for å sikte og bedømme impulsene. Den er nødvendig om mennesket skal bli noe mer enn et produkt av upersonlige krefters tilfeldige spill. Med dette vil jeg ikke ha sagt at kristendommen skjenker den eneste mulighet for en slik selvforståelse. Selvforståelsen bygger på tro og er med sitt kategoriske imperativ av religiøs art (selv om dens tro kan være mer og mindre prinsipielt ateistisk)... selve menneskets menneskelighet, dets gudbilledlikhet som Bibelen snakker om, er gitt allerede i og med skapelsen, ikke først ved Moses eller ved Kristus.» (mi bok, s. 100 f.) Om dogma seier eg så at dei, med ein styrke som ikkje lèt seg overby, strekar under den sams menneskelagnaden vår på godt og på vondt og slik gjev ei makelaus motivering til den solidariteten me alle strevar sånn med. Men dette høver lite med det kristenbiletet HEF har teke FEM GRUNNAR TIL VOKSTER. Serleg spennande er sluttkapitlet: «HEFs historie – en suksess med modifikasjoner». Ei overskrift slåande smålåten på bakgrunn av triumf-statistikken. Kva skapte bråvoksteren frå ikring 1980 fram mot tusenårsskiftet? Knutsen finn «fem samvirkende hovedmomenter» (s. 476–479). 1) Ei skræmande gjenoppliving av «Old Time Religion» i kristen-Noreg: «Anti-abortkamp, djevleutdrivelser og gjenoppliving av gamle helvetes-skremsler ... Gjennom store oppslag i mediene bidro dette til at mennesker i tusentall meldte seg inn ...» Sakte er der ting å setja fingeren på i norsk kyrkjeliv både i det aktuelle tidsromet og før og etter. Men slik forbundet stampa på staden til langt ut i 70-åra, høver ikkje tolkinga heilt med rundetidene. Det var i 1953 det syrgjelege Hallesby/Schjelderup-slagsmålet gjekk føre seg. Og jamvel abortstriden var i ferd med å dovna av på den tid tala nådde toppen. Alt i alt må likevel dei «store oppslag i mediene» ha hatt meir enn mykje å seia. Men var det likevel ikkje grunn til å sjå med litt kritisk auga på sjølve oppslaga, ikkje berre senda dei vidare som gudsens sanning? Har eg rett i at kyrkjebileta til HEF og tabloidpressa høvde i hop som hand og hanske? Kven var hovudarkitekt til den statskyrkja folk no skulle melda seg ut av med annonsehjelp? Fyrst i etterkant sette medieverknaden fart på statistikken. Hadde dette å gjera med at råemnet, sjølve hendingane, då var komne på fråstand og medieavstøypingane hadde fått fred til å storkna? I sogebiletet til Knutsen har kyrkjekritikk ikkje så lite forsprang på kjeldekritikk. 2) Kva skjer så når «nymoralistisk religiøs aktivisme» frontkolliderer med «1970-tallets anti-autoritære, radikale bølge», ikkje minst med den nye kvinnerørsla og kravet om «selvbestemt abort»? Dette: «Geistlighetens krav om å pålegge befolkningen sin bibeltolkning i dette spørsmålet ble derfor møtt med en anti-kirkelig og anti-religiøs mobilisering fra stadig flere kvinneaktivister – en mobilisering som Human-Etisk Forbund støttet.» (s. 477) Kva med å dokumentera desse «geistlighetens krav»? Om no Knutsen t.d. slo opp den utførlegaste kyrkjefråsegna: «Abort – menneskeverd – lovgivning» frå Bispemøtet 1971? Kva for «krav om pålegg» om serleg bibeltolking finn me her? Siktet er heller å sjå ein sår etisk konflikt i ljos av det menneskeverd me alle hyllar med munnen. «Menneskeverd» har i årevis vore ein sylvknapp på helgebunaden til HEF. Kvifor har så forbundet frå alders tid valt å overhøyra spursmålet etter eit menneskeverd vidfemnande nok til å verja om ufødt menneskeliv òg? Er det mogeleg å seia ja til «Livet før døden» utan å ansa døden før livet? 3) Betre skjønar eg det når Knutsen rosar ein dynamisk og resultatretta leiarskap. Ikkje minst når han rekkjer blomar til mannen som det siste kvart hundreåret har vore og bore forbundet: formann, generalsekretær, seniorrådgjevar, internasjonal ombodsmann og verdsleiar: Levi Fragell. Sagt på godt bibelsk: «Horn sådde, og Fragell hausta.» Horn hadde ikkje same publikumsdraget som Fragell og heller ikkje same nasen for rett aksjon til rett tidspunkt, men du så han stod på for overtydinga si! Utan Horn hadde HEF snautt vore. Utan Fragell hadde HEF ikkje vore det det er. 4) Rimelegvis har Knutsen òg rett når han vektlegg at forbundet under Fragell synte eit opnare andlet enn i Horns dagar. Markerast skulle ikkje «fritenkjarlina» åleine, no skulle òg «livssynslina» (vitskap og tanke) og «tradisjonslina» (alternative livsritar) heilt fram i ljoset. 5) Heilt innlysande er det Knutsen peikar på om offentleg finansiering av livssynssamskipnader som fylgje av «lov om trudomssamfunn og ymse anna» (1981). Den nye tilskotsordninga vart reinaste manna frå himmelen for eit folk som til no hadde vassa i Sinai-sand og pengesuter. Ein vokster så eineståande i verdsperspektiv vart berre mogeleg etter ei like eineståande opning av stats- og kommunekasse. PÅ KANT MED KANT. Problemet i problemet vert for meg den problemfrie tilnærminga Knuten har til – og den kritikklause vidareføringa hans av – ein agitatorisk profil. Nett ei rad spreke spørjeteikn mot personar og handlingar gjer det så mykje meir påfallande når organisasjonsretorikk og fiendbilete vert førde kritikklaust vidare. Talande er i så måte heidersordet «religionskritikk» og måten det vert bruka på. Den filosofen han framfor nokon vil vera ven med, er Immanuel Kant. Det er lett å prova at den sameinte «religionskritikken» til HEF og Knutsen lite har å gjera med det Kant kallar «Kritik». Medan dei går ut frå norsk kvardagstyding: kritikk = avvisande haldning, målmedviten framføring av motgrunnar, dyrkar Kant den historiske tydinga av ordet = å skilja, døma, vega fordomsfritt. Alt tankebyte ser han på med kritikk: «Kritik der reinen Vernunft... der praktischen Vernunft... der Urteilskraft...» osb. Etikk vil han like lite som gudstru tufta på innsamling av fakta. Det kategoriske imperativet talar gjennom samvitet og får meining berre med Gud som lovgjevar og med eit liv etter dette til synsrand. Skal det heile krympast inn til «Livet før døden», så send ikkje bod på Kant! Med det ser eg ikkje königsbergaren som ein tolkar av kyrkjeleg teologi, men i samtale med dagens human-etikk vert han likevel min våpenbror. Etisk tenking krev for han eit syn for grenseløyse, jfr. dei velkjende orda hans om stjernehimmelen der oppe og morallova der inne. Som kristen går eg eit steg vidare og seier ja til ei altfemnande gjevmilde. Med det vert grenseløyse til noko meir enn moralteori og kosmisk undring. Men Kant – human-etisk faneberar? Den heng ikkje på greip. «HUMANISME», EIT ORD OG NOKO MEIR. HEF har aldri vore i tvil om «betydningen av aktivt å forme språket» (s. 169: Kristian Horn). Standardsvar på klagemålet om å ha rappa ordet «konfirmasjon» er kjent, kjekt, kjapt: «På latin tyder confirmatio styrking – det høver like godt på våre borgarlege konfirmantar som på dei i kyrkja!» Grei latin! Men logikk? Etymologi korkje borgar eller bergar der sak gjeld semantikk. Ord knytte til tradisjon og kjensler misser notidsmeining om me berre hentar spade, grev opp røtene og seier: «Sjå her!» I forretningslivet kan ingen nappa namnet på merkevara til konkurrenten og overtyda domaren: «Jamen, ordet er like mykje vårt. Opphavleg tyder det ...» Ei ny nemning er no vedteken: «Humanistisk konfirmasjon». Alle human-etiske høgtider heiter heretter: «Humanistisk ...» Mykje tyder på at jamvel organisasjonsnamnet i nær framtid kan verta «Humanistisk Forbund». Ordet «humanisme» – eit spel om ord og eigarskap? Kva seier t.d. humanistane i «Humanistisk klasse» i dei to vitskapsakademia våre? Vil dei, uakta livssyn, gle seg til å marsjera i takt med «humanistiske konfirmantar»? I seinare år har det vore fleire dragsmål om den historiske retten til «humanist» og «humanistisk». Ikkje minst har Nansen-skulen, som Knutsen kritiserer nett for dette, gjeve profil til spursmålet. Humanismen, ein hovudstraum i vesterlandsk soge, har sett mennesket (homo) i sentrum – med mange vinklingar. Ikkje sjeldan i tevling med teologi og kyrkjemakt. Men «kristen humanisme» er like fullt ei nemning med hevd, og kva for annan humanistisk fellesnemnar kan peikast på enn det bibelske grunnaksiomet: mennesket «skapt i Guds bilete»? Kan ei rørsle som vert halden saman av eit sams nei til truvedkjenning og religionssamfunn, monopolisera nemninga «humanist» til mundering for seg og sine? Humanisme vert ein trong bås skal me stengja ute Johan Falkberget, Sigrid Undset, Ronald Fangen, A. H. Winsnes, Asbjørn Aarnes, Egil A. Wyller. (Dette berre ei handfull norske namn frå mi eiga levetid! Utvid synsteigen med fleire nasjonar og hundreår!) Korleis slik ordkrymping stengjer utsyn til land, tider og kulturar, gjev Knutsen ei aning om. Eit hugskòt får han til å innkommandera den kristne 1600-tals-klassikaren Blaise Pascal. Som merknad til ein HEF-samtale i 1967 om argumentasjonsbruk av den kristne ævelivsvona argar han seg over Pascals vidspurde veddemål om tru og udøyelegdom. Dette snur han no på hovudet (han er ikkje den fyrste) og vil ha det til at Pascal opnar veg til kristen tru med eit einfelt reknestykke: Kva svarar seg? – Men Pascal seier det motsette: At ikkje noko reknestykke kan føra til tru, nyttar han til å prova at ikkje la raison (= vitet), einaste les passions (= lidenskapane) stengjer mellom menneske og Gud. Her kjem Knutsen med prikken over i-en sin: «Det var neppe mange personer i Norge – utover Per Lønning – som hadde særlig kjennskap til denne franske tenkeren fra 1600-tallet, Blaise Pascal» (s. 167). Står det verkeleg så armodsleg til her på berget, får eg koma lesaren til hjelp. Tankar, det Pascal-verket Knutsen tuklar med, ligg føre som eige band i Gyldendal-serien «Verdenslitteraturen» (1974). Namnet mitt må spela på at eg skreiv ei bok om det same veddemålet: Cet effrayant pari – une pensée pascalienne et ses critiques (1980, i serien «Bibliothèque d’histoire de la philosophie», Vrin, Paris ). Ikkje alle vil pusta like fritt under eit humanismeomgrep født til verda gjennom «aktiv språkforming». Per Lønning Per Lønning er tidlegare biskop « Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|