Førstesida
  Nr. 35   Fredag 3. september 2010                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Meldingar om abonnement
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
Vinjeprisen
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Portrett av kunstnaren som gammal kvinne
Odd W. Surén,  04.03.06

Dette er ei heilt uvanleg stilig bok, med ei formgjeving som set lesaren i noko bortimot andaktsstemning, skriv meldaren. Foto: Oktober
ROMAN
Eirik Ingebrigtsen:
Vendrakovic
Oktober

Elena Vendracovic er 69 år gammal. Ho er skodespelar ved Det slovakiske nasjonalteateret i Bratislava. Ein dag får ho eit brev frå teateret der ho får vita at ho er oppsagd. Teateret vil vel ha unge medarbeidarar, som kan sminkast inn i ulike aldrar, heller enn slike som berre har ein alder å syna fram.

Den første tanken Elena gjer seg då bodskapen frå teateret når inn, er: Aksjon! Ho vil aksjonera. På eitt eller anna vis. Få med seg nokre jamaldrande kvinnelege kollegaer, i alle fall dersom dei har fått tilsvarande brev frå teateret, og gjera noko som vert lagt merke til, og då helst inne på scena, tenkjer ho, og ikkje utanfor teaterbygningen, ikkje plakatar og veik protest, men noko oppsiktsvekkjande, frå scena, midt i eit stykke, venda seg til publikum, bryta inn i fiksjonen og gjera noko så uhøyrt at det vert hugsa.

Heitt
Det er ein heit dag i Bratislava. Avisene skriv om kunstnaren Seja Katanec som er på veg heim frå eit stort og merkverdig prosjekt i Venezia, han har vunne ei utsmykkingstevling og laga eit gigantisk, flytande sjakkbrett av keramikk, og folk vert oppmoda til å møta opp på jernbanestasjonen for å helsa denne nasjonale helten velkommen heim.

I den sterke varmen seier Elena: «Bratislava liknar ein ekvatorial innlandsby, Donau sine breidder minkar dag for dag, og fram kjem eit oppkryp av den skjulte og uhyggelege botnen.» Eit anna viktig parallelt tema er terror, og rådgjerdene mot trugsmål frå terroristar i Bratislava, og, kanskje, korleis det redde mennesket ved innskrenking av personleg fridom vert demaskert, slik dei døkke Donau-botnane kjem til syne i den luftbrannen av ei hetebølgje som steikjer Europa. Og, naturlegvis, Nasjonalteateret som ikkje torer å satsa på det som har patina, elde og røynsle, det ekte forfallet, påminninga om dei menneskelege vilkåra som døyelege dyr. Alt heng såleis i hop. Det er i det heile eit uvanleg godt samsvar mellom indre tendens og ytre vilkår i denne romanen, utan synlege konstruksjonar av noko slag.

Oppskrifta
Ingebrigtsen skriv om det kvardagslege som skjer medan Elena skiftevis tenkjer på aksjonen sin og på alskens trivialitetar og petitesser. Og han skriv det med ein slik autoritet i det tette nærværet at det ikkje er råd å tru at denne boka ikkje er skriven av ei 69 år gammal kvinne frå Bratislava. Det einaste eg finn å setja fingeren på, er inkonsekvens og famling ved somme presensformer («eg trekk meg ut», «Han rekker å seia»). Og så undrast eg på kvifor Elena heiter Vendrakovic og ikkje Vendrakovicova.

Forfattarmagien tek til ved noko universelt gyldig: Hovudpersonen har levd før første side i boka. I det daglege kjem assosiasjonar og minne flytande, særleg om detaljar frå tidlegare teateroppsetjingar ho har vore med på, på ein slik måte at lesaren ikkje får auga på diktaren. Det er absolutt autentisk. Og det er gjort etter ei oppskrift som burde vera lett å læra, men som berre eit ørlite fåtal har funne ut av.

Å skriva levande detaljar tyder nemleg nesten alltid det same som å skriva noko tilsynelatande uturvande, slikt som berre driv gjennom hovudet, eller ein observasjon som ikkje er til noko, men som kanskje, og berre kanskje, kan verta det. Elena har til dømes lova å hjelpa systera Vanka med ein vaskejobb, og ho tenkjer: « Det skal vaskast, og eg kan ikkje ringa og seia at eg er dårleg, for det er eg ikkje.» Endå betre er det då Elena, etter å ha vorte hindra (ho fekk ei petenquekule i hovudet) frå å møta dei gamle kollegaene i parken den dagen brevet kom, endeleg møter dei og legg fram aksjonsplanane sine. Ingebrigtsen skildrar dei blanda kjenslene deira, med ein del manglande entusiasme og to delar høvisk varsemd, på eksemplarisk vis. Det er slik folk er.

Men i tillegg til dette, som ikkje er eksotisk, kjem det altså at forfattaren portretterer eit menneske som må vera utanfor hans personlege røynsler på dei fleste viktige område, og han gjer det med bravur. Like virtuost turnerer han stoffet i dramatiske passasjer, som når han skriv om keramikaren Katanec, som er på veg til heimlandet, men fortare enn toget går bodet frå Venezia, installasjonen hans har forlist, sjakkbrettet ligg på havsens botn. Og bodet når kunstnaren også, men eg skal ikkje her avsløra i kva tilstand denne slovakiske nasjonalhelten når heimlandet.

Stilig bok
Alt dette går opp i den organiske einskapen som Ingebrigtsen har komponert med den fine romanen sin, der språket er ein fulltreffar frå første setning av, ja, der alt er rett og ingenting verkar dumt, klønete eller påklistra. Og truleg er dette noko forlaget Oktober har forstått på eit tidleg tidspunkt i produksjonen, for dette er også ei heilt uvanleg stilig bok, med ei formgjeving som set lesaren i noko bortimot andaktsstemning.

Mot slutten av romanen, etter å ha planlagt og forkasta fleire aksjonsformer, går Elena endeleg til aksjon, men korleis det artar seg, vil eg ikkje røpa her. Så kan de berre ha det så godt!

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake