Førstesida
  Nr. 35   Fredag 3. september 2010                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Meldingar om abonnement
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
Vinjeprisen
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Om det som vart borte

Av Ottar Fyllingsnes
,  10.12.05


Ruth Lillegraven (27) debuterer med ei samling dikt som byrjar med trikkedrapet i Oslo og vert avslutta med tsunamien. Foto: Ottar Fyllingsnes
Tidlegare i haust gav Ruth Lillegraven (27) ut diktsamlinga Store stygge dikt, og ho har fått meir merksemd enn dei fleste poetar.

Lillegraven har utdanning frå Norges Markedshøyskole, og dei siste fem åra har ho vore informasjonskonsulent i Samlaget. Der marknadsfører ho stadig nye bøker. Heilt frå oppveksten har ho vore ein ivrig lesar. I heimbygda Granvin i Hardanger var det eit godt bibliotek og ein dyktig bibliotekar. Dit tok faren Ruth og søstera med, og når dei gjekk ut dørene, hadde jentene ein plastpose med bøker i kvar neve. Og veka etter var det ny runde og nye posar med bøker. Men trass i bøker både i fritida og på jobb var det først i fjor at det vart fart i skrivinga. Eitt av dikta i debutboka fortel korleis det byrja. Det handlar om eit tilfeldig møte med ei gammal dame i ei gate i hovudstaden; ei gammal dame som fortel om møtet dottera hadde hatt med Olav Thon og kva følgjer det fekk. Historia gjorde så sterkt inntrykk på gravensaren at ho gjekk rett heim og gjorde henne om til eit dikt.

– Eg fekk blod på tann og skreiv fleire dikt. Det var artig å koma heim etter jobb ein fredag og setja seg til for å skriva; å kjenna at du vert sogen inn i det; å oppleva det som ein rus som du ikkje kjem ut av før diktet er ferdig og det brått er søndagskveld.

Det forgjengelege
Ho viste etter kvart eit par dikt til ein kompis, og han sette ho i kontakt med han som skulle verta redaktør for boka.

Dikta til Lillegraven kan fylla både seks og sju tette sider, og det handlar både om Hardanger og Oslo. Ja, faktisk mest om hovudstaden. Boka er forma som ei dagbok som byrjar med trikkedrapet i Oslo og vert avslutta med tsunamien. Somme av dikta har vorte kalla beatdikt, andre rølpedikt, men felles for nesten alle er at dei handlar om alt som endrar seg eller forsvinn heile tida; om slikt og slike som har vore sterkt til stades, men som har vorte borte; som den anorektiske Sara og det nasjonale ikonet – Erik Bye.

Ruth Lillegraven sette difor spesielt pris på kritikaren som oppfatta at debutboka handlar om det forgjengelege; om det som forsvinn og vert borte for alltid.

For flautt
Ho veit det meste om kor vanskeleg det er å nå fram for ein lyrikar. Det er ikkje utan grunn ho kallar lyrikken for eit lite stebarn i litteraturen. Lillegraven veit så inderleg vel at lyrikken oftast hamnar i siste rekkje og innarst i hyllene både i media og bokhandlarar. Ho kjenner vel til at det slett ikkje er glamorøst å vera forfattar, og ho veit om altfor mange forfattarar som har skrive fantastiske bøker som har forsvunne heilt i den store bokflaumen.

Når Ruth Lillegraven har kalla debutboka si for Store stygge dikt, er det ikkje alle som har skjøna kvifor.

– Men dikta er lange, og på ein måte litt stygge også. Dei stasar ikkje opp, og dei fleste er ikkje så vare og skjøre. Tittelen er meint litt ironisk. Eg brukar seia at eg ikkje pyntar meg med det poetiske. Fleire av dikta kan framstå som rølpete, men det er alltid underliggjande kjensler dei handlar om.

Jamvel om Ruth Lillegraven dyrkar dei lange dikta, har ho stor sans for dei korte og konsise dikta frå nabobygda. Ho møtte aldri Olav H. Hauge, men voks opp med ein far som las dikt av både Hauge og Jakob Sande.

– Av dikta til Hauge likar eg for tida aller best «Grøne eple»; det vesle diktet der han skriv at grøne eple er betre enn inkje. Diktet handlar om den frukthausten som nesten aldri vert så god som ein vona, og det appellerer til odelsjenta i meg.

Kanskje får ho sjansen til å lesa eigne dikt på poesifestivalen i Ulvik neste år, men å lesa eigne dikt i heimbygda har ho ikkje noko ønske om.

– Det ville vore for pinleg og flautt!


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake