|
|
Tankelause puddingar Av Svein Gjerdåker, 03.12.05 Sitatet er henta frå dosent Jacob S. Worm-Müllers notat frå samtalar med Christian Michelsen i 1923. Sitatet ligg der midt inne i alle dei mange tusen sidene med notat og dokument om Christian Michelsen som den komande professoren og motstandsmannen Worm-Müller hadde samla. Sitatet kjem naturleg, så å seia, utan kommentarar på nokon måte. Kva seier det oss at den tidlegare statsministeren vår, folkehelt og noverande kandidat til hundreårets nordmann, bruka jødar for å snakka nedsetjande om nokon? Det fortel oss ikkje at Michelsen var antisemitt. Men han tok likevel i bruk antisemittiske stereotypiar. Han skapar ein samanheng mellom noko negativt og det å vera jøde, og lagar såleis ein klassisk antisemittisk tankefigur som er sterkt stigmatiserande. Michelsen stadfestar det vi alt veit, at fordommane mot jødane var svært utbreidde på denne tida og hadde nedslag i mesteparten av folket. Det er særleg interessant at slike stereotypiar var utbreidde i Noreg, som ikkje hadde hatt jødar i landet før på slutten av 1800-talet. Men ein må ikkje sjå Michelsens kommentar i lys av Holocaust. Michelsen baserte seg på ein vanleg fordom. Likevel vil det vera feil å bagatellisera denne typen ytringar, òg frå denne tida. Det er ei sterkare utsegn enn det er i dag å seia at tyskarane er autoritære, eller at kommunearbeidarane er late. Michelsens kommentar minner oss om kor viktig det er alltid å vera på vakt mot språket som berar av fordommar, og særleg fordommar som ein sjeldan tenkjer igjennom og som ligg der som tankelause puddingar. Neger, og negerarbeid, er slike ord, som ein diverre enno kan høyra relativt ofte.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|