Førstesida
  Nr. 35   Fredag 3. september 2010                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Meldingar om abonnement
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
Vinjeprisen
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Lyttar heller til småbønder enn regjeringar

Av Per Anders Todal
,  15.10.05


Utspelet frå Kirkens Nødhjelp om landbrukssubsidiar har fått skarp kritikk frå Aksel Nærstad, informasjonsansvarleg i Utviklingsfondet. Han meiner at det er eksportsubsidiane ein må få vekk, men at alle land må ha rett til å subsidiere nasjonal matvareproduksjon.

– Er det ikkje eit faktum at svært mange fattige land pressar på for at dei rike landa skal kutte toll og subsidiar på landbruksprodukt?
– Det er sant. Men først og fremst er det skilnad på interessene til land som satsar på eksportretta landbruk, og dei med landbruk som skal forsyne eiga befolkning. Skiljet går ikkje først og fremst mellom nord og sør, men mellom ulike typar landbruk, mellom det storindustrielle og det familiebaserte, seier Nærstad.

– Det blir feil å framstille dette som ein kamp mellom u-land og rike land. Brasil er av dei største landbrukseksportørane, men eksporten blir driven av store, børsnoterte selskap. Samstundes er det 50 millionar underernærte i landet, og mange av desse er småbønder eller jordlause landarbeidarar. Det eksportretta storskalalandbruket i Brasil har ikkje same interesser som småbøndene.

Ulike interesse
– Den indiske regjeringa representerer bortimot ein milliard menneske, den indonesiske 240 millionar menneske. Bør ein ikkje lytte når dei krev kutt i toll og subsidiar via WTO?

– Vi i Utviklingsfondet lyttar først og fremst til bondeorganisasjonar i tredje verda, og prøver å stå saman med dei. Det er viktigare. Vi skal lytte til regjeringane òg, men dei vil ofte fremje interessene til den eksportretta produksjonen. Somme regjeringar har stor gjeld dei må dekkje med eksportinntekter, somme er knytte opp til storselskapa, seier Nærstad.

– Meiner du at regjeringane i dei mange u-landa som pressar på for betre marknadstilgang, ikkje taler for interessene til si eiga befolkning?
– I relativt mange tilfelle gjer dei ikkje det. Men primært handlar dette om ulike økonomiske interesser og ulike typar landbruk, seier Nærstad.

– Det er eksportsubsidiane til rike land som har øydelagt lokale marknader for fattigbøndene i sør, og øydelagt for fattige land på verdsmarknaden. Utviklingsfondet er mot eksportsubsidiar, men meiner alle land må ha rett til å produsere mat til si eiga befolkning.

– Men Kirkens Nødhjelp-leiinga hevdar at det å argumentere for matsuverenitet er ei indirekte støtte til den destruktive politikken USA og EU fører?
– Det der er ei fullstendig kortslutning. Matsuverenitet tyder ikkje at det er fritt fram for å øve vald mot andre lands interesser og dumpe mat på verdsmarknaden, det tyder at ein har rett til å produsere mat til si eiga befolkning. Så seint som for eit år sidan meinte Kirkens Nødhjelp at matsuverenitet var viktig for å kunne sikre eiga matforsyning.

– Er det ikkje sant at utan WTO-reglane ville dei sterke aktørane stå enda friare til å presse viljen sin gjennom?
– Landbruk kom inn i WTO for ti år sidan. Sidan da har eit fleirtal av u-landa gått frå å vere sjølvforsynte eller eksportørar av mat til å bli nettoimportørar, og underernæringa har auka. Ja, vi treng køyrereglar for matvarehandel, men det tyder ikkje at reglar som gjev rett til å køyre ned fotgjengarar, er gode reglar. Heile grunnmuren i WTO er feil bygd, meiner Aksel Nærstad.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake