|
|
Kniven på strupen for norsk landbruk Av Per Anders Todal, 15.10.05 Det er eit gammalt refreng, men no blir det sunge meir høgrøysta enn nokon gong: Støtte til norsk landbruk og toll på matvarer er eit svik mot fattige land, fordi denne politikken hindrar u-landa i å eksportere mat til Noreg. «Spørsmålet er hvor mange afrikanske liv Marit Arnstad synes jobben til norske bønder er verdt», var Dagens Næringslivs versjon på leiarplass. Altså: Norsk landbruk drep folk i u-landa. Men Framstegspartiet, Oddvar Stenstrøm i TV 2 og leiarskribentane i Dagens Næringsliv har fått sterkare krefter i ryggen enn før. Liberaliseringslokomotivet WTO har fått opp dampen, og både landbruksstøtta og tollvern for norsk landbruk er truga. Revolusjon i løynd Denne fundamentale endringa av vilkåra for landbrukspolitikken kom brått, og er ikkje eingong handsama i Stortinget. Samtalane i WTO har vore strengt hemmelege. Og etter langvarige forhandlingar venta utanriksminister Jan Petersen heilt til førre fredag med å fortelje leiarane for dei påtroppande regjeringspartia om kva G10-forslaget gjekk ut på. Da var det for seint å gjere noko – det einaste alternativet for dei raud-grøne ville vore å tilrå å trekkje Noreg frå G10-plattforma, og bli ståande åleine i WTO-forhandlingane. Petersen skal ha fått spørsmål frå Senterpartiet om han ikkje burde konsultert med Stortinget om det nye WTO-standpunktet, skriv Nationen. Men nei – for Stortinget hadde enno ikkje konstituert nokon utvida utanrikskomité etter valet. Dermed var det ingen å konsultere, meinte Petersen. Hardt press Landa i G20-gruppa, som mellom anna inkluderer Argentina, Brasil, Kina, India, Sør-Afrika og Indonesia, ønskjer ei langt meir radikal liberalisering av handelen med jordbruksprodukt. USA, som sjølv subsidierer landbruket sitt tungt, har tilbydd seg å fjerne eksportsubsidiane sine i løpet av fem år og kutte i anna støtte. Men USA har svært aggressive krav til liberalisering frå andre land. Mellom dei landa som her blir eksplisitt nemnde av USA, er Japan, som er med i same gruppe og forhandlar på same plattform som Noreg. Også EU-landa er i rørsle i retning av store toll- og subsidiekutt, og vil gå vesentleg lenger enn det G10-gruppa har sagt seg viljug til. EU krev til dømes at i-land land som Noreg reduserer produksjonsstøtta si til landbruket med 45 prosent. Mot alt dette blir G10-landa ein puslete liten gjeng. Forskingsdirektør Sjur Spildo Prestegard i Norsk institutt for landbruksforsking seier bastant i Nationen om G10-forslaget: Det beste norske bønder kan håpe på, er truleg ein kollaps i WTO-forhandlingane. Dei neste to månadene blir avgjerande – i desember held WTO ministermøte i Hongkong, og der kan mykje av framtida for landbruket verda rundt bli vedteken.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|