Førstesida
  Nr. 35   Fredag 3. september 2010                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Meldingar om abonnement
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
Vinjeprisen
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ein katedral for bøker

Av Ottar Fyllingsnes
,  20.08.05


I Tromsø har gamle Fokus kino fått nytt andlet, og bak glasveggene har det nye biblioteket flytta inn. Foto: Eva Aalberg Undheim
Det nye biblioteket har vorte omtalt både som det «kulaste» og «det flottaste» i landet. Eit palass, rett og slett.

– Dette må vera eit av dei vakraste biblioteka i landet, sa dronning Sonja då ho opna Fokuskvartalet i Tromsø denne veka. Dronninga var storleg imponert og peika på at medan ein legg ned bibliotek i andre deler av landet, gjev ein biblioteket ei endå meir sentral plassering i Tromsø.

Automatikk
I meir enn tretti år har det vorte arbeidd med å skaffa Tromsø eit nytt bibliotek.
– Ein har lenge hatt ei mellombels løysing, og Tromsø har vorte omtalt som eit skrekkens eksempel nasjonalt, fortel biblioteksjef Paul Henrik Kielland.

I dag ligg biblioteket der som eit strålande midtpunkt i byen – i skalet av gamle Forum kino. Men der den vidgjetne filmfestivalen har vorte opna kvart år, reiser det seg no digre glasvegger. Over veggene av mørkt glas står den klassiske Fokus-kuppelen, eller det såkalla Candela-skalet, som vart til etter inspirasjon frå den meksikanske arkitekten Felix Candela.

Og bak veggen har biblioteket flytta inn med sine 170.000 bøker. Skilnaden mellom dei gamle og heller tronge biblioteklokala i Storgata er stor. Det nye biblioteket er på heile 3700 kvadratmeter. Underetasjen på 450 er tileigna borna.

I biblioteket er det kafé, og biblioteket har fått moderne utstyr. På det gamle biblioteket i Storgata verka ingen av datamaskinene under filmfestivalen tidlegare i år. I det nye biblioteket er ein i ferd med å montera 40 datamaskiner, og vonleg er det ein annan kvalitet på dei enn på vrakgodset i gamlebiblioteket.

I Tromsø kan dei no skryta av automatisk utlån og innlevering. Her kan ein putta lånekortet inn i ei maskin og låna den boka ein vil, og i tillegg får ein kvittering som fortel kor mange bøker ein har lånt. Biblioteket har også ei automatisk innleveringsmaskin som sorterer bøkene. To millionar kroner har ho kosta. Men trass i automatiseringa, er arbeidsstokken på biblioteket auka til 25 stillingar. Og biblioteksjefen fortel om ambisjonar om å ha søndags-ope.

I biblioteket er det avdeling for musikk og film, men også for ungdomslitteratur. Biblioteket inneheld også lokalhistorisk senter, der byarkivet er ein del.

Bygningen er på fem etasjar. I andreetasjen er det fagbøker, og i tredje skjønnlitteratur. Og frå lenestolane i den øvste etasjen er det nydeleg utsikt gjennom glasveggen og over mot Ishavskatedralen og Tromsdalstinden.

Det nye biblioteket har kosta 122 millionar kroner.

Rådhus og kino
Biblioteket inngår som ein del av Fokuskvartalet. Der har Tromsø også fått nytt rådhus og seks kinoar, som vart opna i hui og hast til filmfestivalen i januar i år.

Heile bygningskomplekset har til saman kosta 522 millionar kroner.
– Ein relativt fattig bykommune med store utfordringar ville ikkje ha greidd dette løftet, viss det ikkje hadde vore for den sambruksordninga ein kom fram til med rådhus, kinoar og bibliotek i same bygningen. Fokuskvartalet har vorte ein katedral for kunnskap, litteratur og kommunikasjon – med mykje plass, seier biblioteksjefen. Han viser til den fantastiske takkonstruksjonen og slår fast at ein fort vert religiøs av å koma inn i bygningen.

– Responsen frå folk i Tromsø har vore overveldande. Dei opplever det som inspirerande å koma her og låna bøker. Hit vil dei koma tilbake. Arkitekturen er modernistisk. For den som er ute etter nasjonalromantikk, er dette ikkje staden, seier biblioteksjefen.

Han fortel at det gamle biblioteket hadde mellom 250.000 og 300.000 gjester årleg.
– Det nye biblioteket reknar med å få kring 500.000 besøkjande kvart år!


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake