Førstesida
  Nr. 35   Fredag 3. september 2010                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Meldingar om abonnement
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
Vinjeprisen
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Den herskande ideologien i verda er anti-amerikanisme
Pål H. Bakka,  02.07.05

Dei temaa, domane og fordomane som kjem fram i dagens ordskifte, dukka opp på 1700-talet – lenge før det var noko USA og slett ikkje noka amerikansk supermakt som kunne truga nokon som helst.

Ein åndshovding som Kant skreiv i 1775 at amerikanarane var «ein halvt degenerert rase» med «kaldt og kjenslelaust sinnelag» og det var semje i europeiske vitskaplege krinsar om at Amerika var eit uleveleg land der alt liv degenererte til mindre kraftfulle former. Den som sterkast målbar denne avskrivinga av Amerika som eit land der det kan bu menneske, var den franske naturvitaren Buffon. Han skildra folket med ord som Le Monde godt kunne brukt om dagens amerikanarar: «Hjarto deira er frosne, samfunnet deira kalde og velda deira vonde».

Degenerasjon er den eldste evige sanninga i anti-amerikanismen.

Ettersom europearane ikkje gjekk til grunne i Amerika – men i staden skapte eit kvalitativt nytt politisk samfunn for seg sjølve ved inngangen til 1800-talet – og ettersom teorien om historia som degenerasjon vart skift ut med trua på framsteget, oppstod den andre berande tanken i anti-amerikanismen. Den romantiske kritikken av massesamfunnet som uløyseleg knytt til materialisme og pengegir, forflating og kunnskapsløyse – oppsummert av Heinrich Heine, som slo fast at «verdsleg nytte er deira sanne religion og pengar deira Gud».

Denne estetiske kritikken høvde som hand i hanske med den konservative elitistiske avvisinga av likskap som grunnlag for sosial og politisk orden. Knut Hamsun målbar denne i Fra det moderne Amerikas Aandsliv der han avviste USA som eit land med «for lite kultur og ikkje nok intelligens», underlagt eit «fridomens despoti som er dess meir utoleleg fordi det er i hendene på eit sjølvrettferdig, uintelligent folk» som på toppen av det heile var hovmodig i sin konfliktsøkjande patriotisme.

Materialisme, nivellering og stridlynne er andre evige sanningar.

Nøkkelen til forståinga av dagens anti-amerikanisme ligg i sameininga av kulturelitens estetiske kritikk av Amerika med antimodernismens angst for Amerika som framtidssamfunnet. Ingen stader i Europa var reaksjonen sterkare eller meir stridberr enn i Frankrike rundt førre hundreårsskifte. For den franske høgresida var amerikansk liberal katolisisme på 1890-talet «ikkje berre kjetteri: det er ein barbarinvasjon – eit åtak – mot det kristne samfunnet ... pengar mot ære, maskineri mot filosofi. Grenselaust rov som kjem i staden for rettferd og krava til plikta». Kringsett av ytre fiendar – tyske protestantar, truga av indre – antiklerikale republikanarar – var den franske høgresida paranoid i sjela si.

Dersom framtida var Amerika – teknologi, likskap og uetande mat – var framtida inkje å trakta etter. Og ettersom USAs vekst i makt og ære fall saman med Frankrikes fall, var årsakssamanhengen klår. På 1920-talet florerte litteraturen som gav USA skulda for alt fransk elende med titlar som «Den amerikanske kreften» og «Amerikas erobring av Europa». André Siegfrid målbar eit klassisk antiamerikansk tema då han hevda at «den franske kvinna misser ikkje målet sitt i livet, som er å stella i stand eit hyggeleg måltid, av syne». Dette ulikt dei amerikanske.

Ettersom Paris var senter for både katolsk og latinsk kultur og for den vestlege påverknaden på arabarverda vart dette franske tankegodset spreidd både til Latin-Amerika og Midtausten. Og anti-amerikanismen til den franske høgresida overlevde kollaborasjonen deira. Charles Maurras vart diskreditert – men ikkje meiningane hans. Jødane både seinka at USA greip inn i første verdskrigen og fremja aggresjonen til landet før andre verdskrigen. Eller som de Gaulle sa det: Dei var for seine med å hjelpa oss begge gongene.

Men diskursen vart etter 1945 førd av venstresida – som i krigen til kommunistane mot Coca-Cola. Ein skulle kan henda ha venta andre analysar i den sovjetiske anti-amerikanismen. Men trass i all marxisme held sovjetarane seg til den klassiske kulturkritikken. Også Maxim Gorky fann i 1906 forklaringa på det falske medvitet til den amerikanske arbeidarklassen i at dei kunne «kjøpa søppel dei ikkje treng og sjå framsyningar som berre sløvar dei».

Massevelstand og kulturløyse er ei tredje evig sanning.

Det er mogleg at det er grunn til å vera anti-amerikansk i dagens verd. Men då er det forunderleg at denne diskursen berre målber tankar om Amerika som vart tenkte for 100 eller 200 år sidan. Banalt uoriginale tankespinn som har lite å gjera med dagens USA. Diskursen målber ein eksistensiell angst som ikkje er tufta på nokon analyse av amerikansk politikk – eller som har noko som helst å gjera med kva USA måtte finna på å gjera. Det er ein angst for kva USA er. Ein angst som berre vil forsvinna om Nord-Amerika søkk i havet.

Ein angst som er størst i Paris – sidan globalisering på grunnlag av engelsk språk avslører Frankrikes intellektuelle som den flokken provinsielle pratmakarar dei er. Djupare sett er det ein angst for konkurranse. Og angsten for at barnet skal seia at keisaren er naken. Endå djupare er han angsten for folket. For Amerika er, som Ortega y Gasset hevda, opprøret til massane. Opprøret for likskap – manifestert i marknadsprinsippet om at mine pengar er like gode som dine og du må overtyda meg om at dine tankar er verde å høyra for at eg skal betala deg for det.

Det er ikkje lett for ein europear å tenkja seg eit samfunn utan hierarki. Eit samfunn der ingen kan seia at eg veit kva som er best for deg. Eit samfunn der makt ikkje byggjer på rov, men på val. For alt 4. juli 1821 oppsummerte president John Quincy Adams innhaldet i det anti-amerikanismen er imot. Amerika har eit styresett «destined to cover the surface of the globe. It demolished at a stroke the lawfulness of all governments based on conquest. It swept away all the rubbish of accumulated centuries of servitude«.

Eit imperialistisk program, ja vel. Kva er gale med demokrati og marknadsøkonomi?


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake