Steffen Iversen er viktigare enn klimaendringane
Av Per Anders Todal, 21.05.05
Det er ikkje urimeleg å hevde at klimaendringane er det viktigaste problemet menneska står overfor. Skal ein tru på dei mest utbreidde prognosane frå klimaforskarane, kan den menneskeskapte drivhuseffekten endre levekåra for både menneska og livet elles på jorda fundamentalt, og mange stader i verda kan følgjene bli katastrofale. Men som tema i media er klimaendringane langt frå å vere det høgast prioriterte. Eit enkelt døme: Om ein søkjer etter alle former av ordet «drivhuseffekt» i arkiva til Aftenposten, Dagbladet, Dagens Næringsliv, Dagsavisen, Adresseavisen og Bergens Tidende så langt i 2005, får ein 29 treff. Søkjer ein etter alle former av ordet «klimaendring» i dei same avisene, får ein 207 treff. Ikkje så reint lite, kan du seie. Men søkjer ein derimot på «Steffen Iversen», får ein 311 treff. Og søkjeordet «renten» gjev 559 treff. Blir klimaendringane rett og slett for vanskelege å snakke om, er dette temaet for stort og ubehageleg? Lite kunnskap – Dekninga av klimaspørsmål i norske medium er av veldig varierande kvalitet, meiner Pål Prestrud, direktør for Cicero senter for klimaforsking. – Somme journalistar har god innsikt og forståing, men dei er få. Når vi har ekstreme stormar eller varmebølgjer, kjem det mange overflatiske spørsmål, men når ein skal gå i djupna, er det mange som droppar ut. Prestrud synest det er vanskeleg å setje klimaendringane opp mot andre viktige tema. – Men dette er veldig viktig, og endringane kan få store konsekvensar for samfunna våre. – Blir dette alvoret spegla i mediedekninga? – Nei, eg synest ikkje det. Aftenposten gjer ein god del bra ting, og VG formidlar forskinga greitt. Men ei avis som Dagbladet er elendig på dette feltet, TV 2 er svake, og eg synest NRK òg gjer ein dårleg jobb. Det er litt trist at NRK ikkje satsar meir på klimastoff og anna miljøstoff. I smale program som Verdt å vite er det folk som kan mykje, men i nyheitssendingane sine er NRK dårlege. – Nyheitsstoff handlar helst om brå, uventa hendingar, medan klimaendringane er ein langsiktig prosess? – Det spelar nok inn. Men på felt som sport, økonomi og utanriks finst det folk i redaksjonane med store kunnskapar, folk som går i djupna og analyserer utviklinga. Det ser ein lite av når det gjeld klima. Det er fullt mogleg for ein journalist å setje seg inn i klimaspørsmåla òg, det handlar mest om vilje og satsing. – Det er lang avstand mellom årsaker og verknader når det gjeld klimaendringane. Det gjer det òg vanskelegare å formidle – det er lettare å forklare kva som skjer når ein fabrikk slepper ut gift i fjorden? – Det er klart. Dette er ei uvisse om konsekvensane av klimagassutsleppa, og det handlar om ting som kan skje langt fram i tid. Samstundes: Den dagen dei verkeleg alvorlege endringane set inn, er det for seint å gjere noko. Klimagassane vil forbli i atmosfæren i eit par hundre år. Dette er ei risikovurdering med mange usikre moment. Eg skjøner godt at dette kan vere vanskeleg å formidle, men det finst altså journalistar som er dyktige til det, seier Pål Prestrud. Treng vekkjarar Det beste skussmålet gjev Prestrud til Agnar Kaarbø i Aftenposten, som kanskje er den norske journalisten som har arbeidd mest med klimaspørsmålet dei siste åra. – Det er ikkje noko problem å få plass til å skrive om klimaspørsmål i Aftenposten. Vi har ei ganske jamleg dekning av dette. Eg synest vi gjev det omtrent den plassen det fortener, seier Kaarbø. Men å dekkje dette saksfeltet over tid har òg sine problem, vedgår han. – Når ein skriv om dette over år, blir det vanskeleg å stadig referere nye forskingsrapportar som kjem med nye skremsel. Min eigen terskel på dette feltet har nok blitt høgare. Men det er farleg å bli blasert, for lesarane kan trenge vekkjarar med jamne mellomrom. – Men det kan vere vanskeleg å seie noko verkeleg nytt? – Ja, men også ein avisdesk har dårleg minne. Om det går eit halvt år sidan siste store klimaoppslag, får ein gjerne god plass igjen. Journalistar har jo ikkje korttidsminne eingong. Det nyttar ikkje å fylle avisa med nye skremsel om klimaendringane kvar dag, meiner Kaarbø. Tid og krefter – Det er ei utfordring å få journalistikken inn på eit konstruktivt spor. Problemet med Kyoto-avtalen og avtaleverket på dette feltet, er at det er ekstremt komplisert. Men det tyder berre at ein må investere tid og krefter, seier Kaarbø. – Eg prøver no å skrive meir om korleis ein skal få ned utsleppa. Skal vi deponere CO2, skal vi reinse utsleppa, skal vi kjøpe kvotar? Klimaspørsmålet burde ikkje først og fremst vere miljøvernpolitikk, men industripolitikk og økonomisk politikk. Børge Brende burde teke med seg meir av dette feltet da han gjekk frå Miljøverndepartementet til Næringsdepartementet. – Er det eit problem for media at dei store konsekvensane av klimagassutsleppa skjer langt fram i tid? – Det er alltid eit problem. Når ein fabrikk slepper ut gift i elva, døyr fisken, og du ser det. Men ein kan prøve å lage pedagogiske kommentarar, der ein ser for seg at kvar familie i framtida får sin eigen CO2-kvote, og må vurdere om ein skal bruke han på ein ekstra bil eller på flyturar, seier Kaarbø. – Trur du folk kan bli nomne av alle repetisjonane om trugsmålet frå klimaendringane? – Kanskje, men eg opplever likevel at folk er opptekne av miljøstoff og gjerne vil lese om det. Eg trur faktisk at folkeopplysning fungerer. Samtidig vil vi gjerne ha billege flybillettar. Her ligg det òg eit dilemma for ei avis som Aftenposten, meiner Agnar Kaarbø. – Samtidig som vi skriv alvorleg om klimaspørsmålet, fyller vi spaltene med hyl og skrik dersom flyprisane går opp med hundre kroner. Det er sjølvsagt fint å kunne reise til Nord-Noreg for 1500 kroner, men flyprisane speglar ikkje kostnadene i form av ureining – flybensin er billegare enn drikkevatn. Det er vanskeleg å få folk til å ta dette inn over seg, og kanskje kan ein ikkje forvente det, heller. Det nyttar ikkje å vere moraliserande. Kaarbø er overraska over det låge kunnskapsnivået blant sentrale norske politikarar når det gjeld klimaspørsmål. – Dei fleste anerkjenner problemet, bortsett frå Frp. Men etter at Kyoto-avtalen tok til å gjelde i vinter, var det Carl I. Hagen som fekk dominere debatten i Noreg, med innspel om kor viktig det var å stogge vulkanutbrot og skogbrannar. Det var merkeleg at ingen klarte å arrestere han skikkeleg. Eg opplever at politikarar i somme andre land har heilt andre kunnskapar om dette, seier Agnar Kaarbø. Flyktige medium Den langsiktige, førebyggjande tenkinga som klimaproblema krev, passar dårleg til media sine kriterium for kva som er interessant nyheitsstoff, meiner Arild Hermstad, dagleg leiar i Framtiden i våre hender. – Media er flyktige, og dette er ei komplisert sak. Om ein køyrer i ein altfor stor bil, bidreg ein berre litt til eit langsiktig, globalt problem. – Men klimaendringane er kanskje det største trugsmålet mot menneska? – Ja, både mot menneska og mot det biologiske mangfaldet på jorda. Men det verkar som om det må bli krisene som driv oss vidare, ikkje den langsiktige, førebyggjande tanken. Somme meiner det som må til, er ei rekkje fryktelege uvêr på austkysten av USA, i dei store byane. Da kunne kanskje også USA skjøne alvoret, seier Hermstad. – Men klimaendringane burde i prinsippet vere dramatiske nok? – Dei er veldig dramatiske, og dei er ikkje langt fram i tid. Dei skjer allereie i dag, ikkje minst i nordområda. – Alle repetisjonane om klimaendringane kan vere eit problem? Folk trekkjer på skuldrene – «Javel, så kom det enda ein rapport»? – Det kan det, og det kan skape ei kjensle av avmakt. Mange trur at til dømes vi i Noreg må pumpe opp all oljen og gassen vår uansett. Eg trur sant å seie at andre land har betre føresetnader enn Noreg for kome vidare i denne debatten. Noreg er så sausa inn i olje- og gassverksemda, og eg trur andre land har meir interessante diskusjonar, seier Arild Hermstad. Han har ikkje nokon illusjonar om at organisasjonar som Framtiden i våre hender kan prege opinionen mykje i klimadebatten. – Eg trur dessverre det er lite organisasjonane kan gjere. Om vi i miljørørsla går ut med faglege nyheiter om drivhuseffekten, er det ikkje nok til å dra i gang debatten. Da trur eg heller at forskingsmiljøa må bli modigare og gå klarare ut, seier Hermstad.
« Tilbake
|