|
|
Lett å få ned sjukefråværet Av Jon Hustad , 28.10.11 Éin av ti ålmennlækjarar gjev folk med psykiske lidingar gradert sjukmelding i sju av ti tilfelle. Ein tiandedel gjev alltid full sjukmelding. No stig talet på sjukmelde atter ein gong. SJUKEFRÅVÆRE «Det legemeldte sykefraværet gikk opp med 2,8 prosent fra 2. kvartal 2010 til 2. kvartal 2011», skriv NAV i ei pressemelding som nett vart send ut. Mennene var borte 4,3 prosent av tida, kvinnene 7,4. I tillegg kjem dei som har sjukefråvære utan å ha vore innom lækjar. Tek vi med desse, vert det samla sjukefråværet 6,5 prosent. Tendensen er den same som i tidlegare år; medan fråværet til menn ligg stabilt, aukar det for kvinner. 15,3 prosent av sjukmeldingane kjem av psykiske lidingar, ein auke på 25 prosent dei seinaste ti åra. Sidan dei psykisk sjuke er lenger borte enn andre sjukmelde, er 20 prosent av sjukefråværet no eit resultat av psykiske lidingar. I OECD er det ingen land som har ein så sjuk folkesetnad i arbeidsfør alder som Noreg. Kvifor er det slik? Og kvar er eventuelt nyhenda i desse tala? Har vi ikkje høyrt det før? Jau, mange gonger. Ekspertgruppe på ekspertgruppe vert sett ned, forskingsmillionane fløymer lett, NHO og LO går inn avtalar om inkluderande arbeidsliv, NAV får stadig større løyvingar, arbeidsgjevarane går i møte etter møte. Men fråværet får vi ikkje ned. Sist det braut ut panikk om sjukefråværet, var i 2009. Jens Stoltenberg sa at det store fråværet kunne truga den norske velferdsmodellen, og arbeidsminister Hanne Bjurstrøm sette ned ei snøgtarbeidande ekspertgruppe. Gruppa fekk eit avgrensa mandat. Som Stoltenberg sa i nyårstalen, og det før gruppa hadde presentert funna sine: «– Hvis det utenkelige skulle skje, at vi alle satt oss ned, sluttet å arbeide og bare levde av pensjonsfondet, ville hele formuen være borte på litt over ett år. Det er arbeidet som er grunnlaget for vår velferd. Derfor må vi hele tiden sikre at flest mulig er i arbeid. Vi skal forsvare sykelønnsordningen, men ikke det høye sykefraværet.» Inkluderande arbeidsliv Gruppa fann ut at det burde vera lett å få ned sjukefråværet. Ved å gje arbeidsgjevaren ansvaret for å fullfinansiera sjukefråværet i to år har Nederland makta å halvera fråværet frå 2000 til 2006. I 1995 mottok 10 prosent av den norske folkesetnaden uføretrygd, rehabliteringspengar og sjukepengar – lægre enn i Sverige. I 2008 mottok 14 prosent slike ytingar i Noreg. Oppgangen har halde fram etter dette. I Sverige mottok knapt 11 prosent slike ytingar i 2009, om lag 3 prosent lægre enn i 2003. Korkje i Nederland eller i Sverige mottek ein lenger full kompensasjon for sjukefråvær. Ville det så hjelpa å redusera kompensasjonen under sjukefråvære, spør gruppa oppnemnd av den raudgrøne regjeringa og svarar sjølv: «Ekspertgruppen mener det er hevet over enhver tvil at reduksjon i lønn ved fravær reduserer det totale sykefraværet.» Kva så med den mest bruka forklåringa på at Noreg har så høgt sjukefråvære, dette at Noreg har så høg arbeidsdeltaking, og at vi dimed tek med dei sjuke i arbeidsstyrken: «Selv om vi har en høy andel sysselsatte, og spesielt blant kvinner og eldre, kan dette ikke uten videre forklare det høye sykefraværet. Sverige har om lag samme yrkesdeltagelse blant kvinner som Norge, men lavere sykefravær. Flere land har om lag like høy generell sysselsetting som Norge, men lavere sykefravær. Andelen kvinner og eldre i arbeidsstyrken har heller ikke økt i en slik grad de siste 10–15 årene at dette kan forklare den stigende tendensen i sykefraværet. Selv om flere faktorer kan spille inn, ser vi at kommuner i Norge med høy sysselsetting har lavere sykefravær enn kommuner med lav sysselsetting.» Inga forklåring «En mulig reformeffekt er at innføringen av fastlegeordningen har ført til at legene opplever større ansvar for pasientene og derfor henviser oftere (Grytten med flere 2003: 10, 40). Sistnevnte støttes av en kvalitativ undersøkelse blant fastleger i Oslo og Hordaland utført ved Rokkansenteret i Bergen som finner at fastlegene, ut fra opplevelse av større ansvar for og konkurranse om pasientene, i større grad enn før opptrer som pasientens advokat/hjelper framfor å styres av samfunnsøkonomiske motiver (kontrollør) i tilknytning til portvaktrollen. Dette forklares med økt konkurranse legene imellom og endrede holdninger/større forventninger hos pasientene.» Det same kom ekspertutvalet til. I 2004 kom det eit tydeleg fall i sjukefråværet. Då skulle gradert sjukmelding verta hovudregelen etter åtte veker, fleire fekk då kontakt med arbeidsplassen, men etter kvart vart lækjarane slappare med å skriva ut gradert sjukmelding, og sjukefråværet steig. Særleg meiner utvalet at gradert sjukmelding må verta regelen for dei 12,4 prosentane som står for 80 prosent av fråværet. Jamvel om ålmennlækjarane i 2004 vart oppmoda om å nytta gradert sjukmelding så mykje som råd, var berre 18,8 prosent av sjukmeldingane graderte i tredje kvartal 2009. Stor skilnad Endå meir ekstrem vert skilnaden når vi ser på gradert sjukmelding for psykiske lidingar, der dei generelle tilrådingane frå helsestyremaktene er mest mogeleg aktivitet og arbeidsinvolvering. Dei 10 prosentane som skriv ut flest graderte sjukmeldingar, gjer det i sju av ti tilfelle; dei ti prosentane som skriv ut minst slike, skriv ut 0 prosent. Som utvalet seier i eit såkalla understatement: «Det er neppe utelukkende medisinske grunner til at 10 pst. av allmennlegene velger å gradere de lange fraværene for majoriteten (68,2 pst.) av pasientene med psykiske lidelser, mens 10 pst. aldri gjør det.» Men sanninga er at lækjarane langt på veg ikkje vil spela portvakt lenger. I praksis, seier utvalet, er det pasientane sjølve som avgjer om dei vil verta sjukmelde; einskildstudiar syner at 95 prosent av pasientane som bed om sjukmelding, får det. Slike tal skulle ein tru førde til at lækjarar fekk påtale sidan sjukmeldingar og uføretrygd kostar Noreg milliardar, men slik er det ikkje. «Den eneste sanksjonsmuligheten overfor sykmeldere ved mislighold er å frata disse retten til å sykmelde. Dette er et så strengt virkemiddel at det knapt blir tatt i bruk i forbindelse med sykmeldingspraksis», skriv utvalet. Mange framlegg Det andre hovudframlegget frå ekspertutvalet var at det som hovudregel skulle vera gradert sjukmelding etter åtte veker, altså langt på veg den same regelen som har vore gjeldande sidan 2004, men ordbruken vart endra frå «aktiv/gradert» til berre «gradert». Endringane kom inn i lovverket i mars og juli i år. I praksis tyder endringane at arbeidsgjevar betaler for det arbeidet arbeidstakaren gjer medan han eller ho er gradert sjukmeld. Før var det slik at dei som var «graderte» eller «aktive», fekk alle pengane frå NAV. Men det er framleis opp til lækjarane sjølve kva dei gjer i møte med den einskilde pasienten. I det store og heile vart resultatet av utvalsarbeidet at arbeidsgjevar og arbeidstakar, lækjar og NAV skal i stadig fleire dialogmøte og laga stadig fleire planar etter kvart som sjukmeldingsperioden vert utvida. Oppsummert: To ting hjelper om ein vil ha ned sjukefråværet: lægre sjukepengar og å gje arbeidsgjevarane mykje meir av den økonomiske kostnaden ved sjukefråvære. Alle parti på Stortinget er mot lægre sjukepengar, både LO og NHO er mot at arbeidsgjevar skal få større økonomisk ansvar, og Legeforeningen er mot at lækjarane skal få nokor form for straff for slapp sjukmeldingspraksis. Ein spådom: Det kjem til å verta sett ned fleire utval, og det kjem til å koma fleire pressemeldingar frå NAV. I tillegg får vi endå fleire dialogmøte.
Vidare stod det at arbeidsgjevar skal betala for det arbeidet ein tilsett gjer under gradert sjukemelding og at dette var nytt. Men arbeidsgjevar både før og no skal betala for arbeide den tilsette gjer. NAV og LO var ikkje mot dei provenynøytrale endringane av finansieringa av sjukelønsordninga som utvalet kom med framlegg om. Framlegget vart droppa av di det vart for mykje meirarbeid for NAV. Eg ber om orsaking for faktafeila. Jon Hustad
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|