Ein gneiste unna katastrofe
Av Per Anders Todal , 25.06.10
Ulukka på Snorre A i 2004 kunne ført til dobbelt så store oljeutslepp som Deepwater Horizon-utblåsinga. Lekkasjen ville teke årevis å stogge.
Den kolossale oljelekkasjen i Mexicogolfen har gått rett inn i den norske debatten om oljeutvinning i Lofoten og Vesterålen. Boretilhengjarar som Høgre-leiar Erna Solberg har lagt vekt på kor usannsynleg det er at noko som liknar Deepwater Horizon-ulukka, skal skje på norsk sokkel, fordi regelverket og praksisen i norsk oljebransje er så mykje betre. Men gassutblåsinga ved den Statoil-opererte Snorre A-plattforma i november 2004 kunne ført til oljeutslepp enda større enn dei som no øydelegg den amerikanske golfkysten. Hadde Snorre A blitt sett i brann og sokke, slik det var overhengande fare for, ville plattforma brasa rett ned i 42 oljebrønnar på botnen. Truleg ville fleire av desse brønnane ha sprunge lekk, og utblåsingane ville vore nær umoglege å stogge. Ein einaste gneiste kunne vore nok til å starte ein katastrofal brann på Snorre-plattforma. Ein stor porsjon flaks gjorde at norskekysten vart berga. Marerittet Alarmen gjekk klokka halv åtte på kvelden: Gass var på avvegar. For arbeidarane som var på Snorre A-plattforma 28. november 2004, 200 kilometer vest for Florø, var det eit mareritt som vart til røyndom. Ein gasslekkasje hadde oppstått under boring i den avstengde brønnen P-31A, og store mengder lettantenneleg gass steig opp til overflata. Dei som var til stades, har fortalt om korleis det nesten kokte i sjøen kring plattformbeina. Gassalarmen gjekk heilt oppe i 8. etasje, halvvegs opp til gassfakkelen. Ein gneiste frå fakkelen eller frå det elektriske anlegget på plattforma kunne vore nok til å setje Snorre A i brann. – Om gassen hadde teke fyr, er det hundre prosent sikkert at plattforma ville ha sokke, seier «Arne». Han er ein erfaren mann frå oljebransjen som kjenner detaljane i Snorre-ulukka godt, men ønskjer ikkje å stå fram med namn i denne artikkelen. – Ved ein mindre brann i oljesøl kunne ein ha kjølt ned plattformsøylene ved å spyle dei med vatn frå eit beredskapsfarty. Men med all gassen som strøymde opp, kunne ikkje fartyet kome nær plattforma om det tok fyr. Kamp mot katastrofen Plattformsjef Dag Lygre stod overfor eit ekstremt vanskeleg val: Tryggingsinstruksen tilsa at han skulle evakuere alle som var på plattforma i denne situasjon. Men da ville gassutblåsinga berre gå sin gang, og gassen ville truleg ta fyr. Han valde å evakuere storparten av mannskapet, men 36 personar vart att for å kjempe mot utblåsinga. Etter femten timars kamp fekk dei stogga lekkasjen ved å pumpe boreslam ned i brønnen. Mannskapet lukkast på tredje forsøket, rett før dei gjekk tomme for boreslam. Ingen vart skadde. – Når det gjekk bra på Snorre den gongen, har eg brukt å seie at det var ein kombinasjon av flaks og dugleik. Men om nokon hadde blitt drepne, ville vel framgangsmåten vår blitt kalla dumdristig, seier Lygre, som i dag arbeider som konsulent i oljebransjen. – Ein gneiste hadde vore alt som skulle til. Vi hadde gass over heile plattforma. Det brann i gassfakkelen, og vi hadde eit kjempestort elektrisk anlegg. Det var berre flaks at gassen ikkje tok fyr. Med eit så stort elektrisk anlegg er det nesten usannsynleg at det ikkje skal kome ein gneiste, men heldigvis gjorde det ikkje det. Det var frykta for dei potensielt enorme skadeverknadene av ein brann som fekk Lygre til å gjere dei vala han gjorde. – Ulukka på Snorre kunne fått enda større konsekvensar enn det som har skjedd i Mexicogolfen i vår, dersom riggen hadde teke fyr og sokke, forklarer Lygre. For på havbotnen under Snorre A, på 320 meters djup, låg det 42 oljebrønnar. Om plattforma hadde sokke, ville ho krasja ned på dei brønnane som ho låg ankra fast like over. Snorre A var ei av verdas største oljeplattformer, 80.000 tonn tung. – Plattforma ville truleg øydelagt fleire brønnhovud. Om oljen hadde byrja å strøyme frå fleire av dei brønnane, kunne utsleppa blitt verre enn det vi no ser i Mexicogolfen, seier Lygre. kunne vart i årevis Verken Lygre eller nokon annan kan seie sikkert kor mange brønnhovud som kunne blitt øydelagde om plattforma sokk. Det kunne blitt to eller tre, det kunne blitt eit dusin, kanskje fleire. Denne faren var leiinga om bord intenst medviten om i dei dramatiske timane i 2004. – Vi såg at konsekvensane kunne bli vanvitig store. Eit scenario med all den oljen ut i Nordsjøbassenget, drivande nordover kysten – det ville vore ein megakatastrofe, seier Lygre. - Det blir sagt at Deepwater Horizon-utblåsinga kan vere på opptil 100.000 fat per dag. Ei utblåsing på Snorre-feltet ville truleg blitt minst dobbelt så stor, meiner «Arne». Om ein ikkje får stogga ei utblåsing, er det trykket og ikkje minst storleiken på reservoaret som avgjer kor stort utsleppet blir. Snorre-reservoaret er eit av dei største på norsk sokkel og er venta å produsere olje i kring 25 år til. Ein blow-out her ville ikkje stogga av seg sjølv, og det ville vore ekstremt vanskeleg å kome til for å drepe brønnane under ei sokken plattform. Å slepe vekk ei plattform på 80.000 tonn er ikkje gjort i ei handvending. – Vi ville stått overfor ei undersjøisk utblåsing i eit ukjent tal brønnar. Deepwater Horizon-utblåsinga ville vore enkel å handtere i forhold. Det kunne teke år å stogge utblåsingane på Snorre. Ein ville ikkje visst kva brønnar det var ein skulle drepe. Skulle ein gjort det ved å bore avlastingsbrønnar, ville det truleg kravd all riggkapasiteten i Noreg, seier «Arne». Kan skje i Noreg Når ein ser på alvoret i Snorre-ulukka, kan det verke pussig at det er Deepwater Horizon-ulukka som pregar den noverande debatten om risikoen ved oljeverksemd så sterkt: Noreg var i 2004 uhyggjeleg nær ved å få sitt eige skrekkeksempel. – Om nokon seier at ei utblåsing som den i Mexicogolfen ikkje kan skje i Noreg, veit dei ikkje kva dei snakkar om, seier «Arne». – Det er nok mindre sannsynleg at noko slikt kan skje på norsk sokkel. Regelverket er strengare og beredskapen er betre her. Men det er klart noko liknande kan skje her likevel. Ingen kan garantere ei ulukkesfri petroleumsverksemd. Tryggleiken i Noreg er betre enn i noko anna land. Men den dagen vi blir sjølvtilfredse og seier at ting ikkje kan skje hos oss, er det fare på ferde. Da slappar vi av, og da skjer ulukka. Ulukka på Snorre A i 2004 fekk naturleg nok mykje merksemd i media. Men den overhengande faren for at plattforma skulle søkke, knuse brønnhovuda og føre til gigantiske, langvarige oljeutblåsingar har vore svært lite framme. «Arne» ønskjer ikkje å spekulere på kvifor det er slik, men strekar under at kunnskapen om det som skjedde – og det som kunne ha skjedd – på Snorre, er tilgjengeleg. – Dei som skal vite om desse tinga, veit om det. Om ein ser i granskingsrapporten Petroleumstilsynet laga om ulukka, er det ganske klart for den som vil sjå. "Tilfeldigheter" I rapporten frå Petroleumstilsynet om Snorre A-ulukka, vart ho omtala som ei av dei alvorlegaste hendingane på norsk sokkel. «Kun tilfeldigheter og gunstige omstendigheter hindret at en storulykke med fare for tap av flere menneskeliv, miljøskader og ytterligere tap av materielle verdier inntraff», heitte det i rapporten. Litt andre vindforhold kunne ha vore nok til at fakkelen hadde tent på gassen kring plattforma og sett Snorre A i brann, og rapporten peikar òg på faren for at plattforma kunne ha sokke. Hendinga kom ikkje av tilfeldige årsaker, men av «gjennomgående svikt i Statoils planlegging, prosedyrer og vurderinger». Det vart avdekt alvorleg svikt og manglar i alle ledd ved planlegginga og gjennomføringa av ulukkesbrønnen P-31A, og det blir peika på manglande forståing for og gjennomføring av risikovurderingar. Rapporten avdekte heile 28 avvik frå regelverket, dei fleste av dei skjedde i planleggingsfasen på land. Ansvaret for avvika låg både hos einskildpersonar og grupper hos både Statoil og boreentreprenøren. Men dei 36 som vart att om bord da ulukka var eit faktum, fekk ros for måten dei handterte situasjonen på. Under punktet «Potensielle konsekvenser» står nokre korte liner om kva som kunne ha skjedd om plattforma hadde sokke: «Bunnrammen inneholder 42 brønnhoder. Ved skade på denne kunne en ha fått utstrømning av gass og olje fra reservoaret. Dette ville ha ført til en alvorlig miljøforurensning.» Det må seiast å vere ei svært forsiktig oppsummering av eit slikt katastrofescenario. «Alvorlig miljøforurensning» kan i dette høvet tyde ei kolossal oljeutblåsing som kunne vart i årevis og grisa til mykje av norskekysten. Ingen kan skulde Petroleumstilsynet for å bruke for store ord.
« Tilbake
|