Førstesida
  Nr. 35   Fredag 3. september 2010                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Meldingar om abonnement
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
Vinjeprisen
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Millionkjøp frå skogsplyndrarar

Av Astrid S. Dypvik
,  30.04.10


Regjeringa brukar milliardar på regnskogvern. Samstundes har ho kjøpt ein million klimakvotar av ein mann som har tent seg rik på illegal hogst av regnskog.

Den 24. september 2008 er ein god dag for statsminister Jens Stoltenberg. Frå eit podium i New York, sitjande med FNs generalsekretær Ban ki-moon på si høgre side, er han med på å lansere FN-programmet REDD. Programmet har eitt mål: å stoppe avskoginga i fattige land. Land som Indonesia, Papua Ny-Guinea og Folkerepublikken Kongo skal få hjelp til å forvalte urskogen på ein berekraftig og lønsam måte.
«Vi er nøydde til å redusere avskoginga dersom vi skal bekjempe klimaendringane», sa statsminister Jens Stoltenberg.

FNs klimapanel meiner at avskoging er årsak til 17 prosent av verdas klimagassutslepp. Oppstarten av FN-programmet er fullfinansiert av Noreg. FN-programmet skal skape orden ut av kaos. Land med svak sentralmakt, ut­­breidd korrupsjon og omfattande ulovleg hogst skal no leggje nasjonale strategiar. Robuste system for overvaking, vurdering, rapporterting og verifisering av skogens omfang skal etablerast.

Dag og Tid kan no avsløre at regjeringa har kjøpt ein million klimakvotar av den malaysiske mangemilliardæren Tiong Hiew King, mannen som eig det omstridde skogselskapet Rimbunan Hijau. Selskapet er kjent som eit av dei mest brutale hogstselskapa i verda. Dei er ein del av dei kreftene den norske regjeringa vil temje gjennom FN-programmet REDD. Fleire forskarar meiner den hogsten det malaysiske selskapet har drive i Papua Ny-Guinea, er blant den mest destruktive regnskoghogsten i verda. Tal frå Verdsbanken frå 2006 viser at 60 prosent av regnskoghogsten på Papua Ny-Guinea er ulovleg.

80 millionar
Det var i august i fjor at Finansdepartementet gjorde den første avtalen med det New Zealand baserte-selskapet Ernslaw One om å kjøpe klimakvotar frå skogplantingsprosjektet deira. Til saman har Noreg kjøpt ein million klimakvotar frå selskapet. Newzealandske aviser reknar kjøpesummen til å vere om lag 20 millionar newzealandske dollar, det svarar til om lag 80 millionar kroner. Ernslaw One er eigd av Tiong Hiew King. Det er hogstselskapet Rimbunan Hijau som har gjort Tiong til ein av Asias rikaste menn.

– Rimbunan Hijau er eit av dei absolutt verste hogstselskapa verda. Vi synest det er beklageleg at norske skattepengar går til eigaren av dette selskapet, seier Nils Herman Ranum i Regnskogfondet.
Han meiner kjøpet illustrerer at kontrollrutinene for kjøp av klimakvotar ikkje er gode nok.
Det ser ut til at dei som kjøper kvotane, ikkje veit om dette eller at dei ikkje bryr seg. Det viser at systemet ikkje er godt nok, seier Ranum.

Jungeljustis
– Vi tok oss grundig av dei mistenkte. Vi banka dei opp. Vi slo dei med tunge jarnstenger. Når vi troppa opp der, sørgde vi for at dei som protesterte fekk ei røff behandling, fortalde den tidlegare politimannen Emmanuel Bani til det australske TV-programmet Dateline i 2004. Bani risikerte livet med å stå fram med historia si. Intervjuet var gjort på ein hemmeleg opphaldsstad, utanfor Papua Ny-Guinea.

Bani fortalde om si tid som medlem av ei politigruppe med namnet Southern Command Task Force. Denne gruppa vart regelmessig frakta inn i Western Province, den mest isolerte og minst utvikla provinsen i landet. Oppdraget var, kunne Bani fortelje, å slå hardt ned på folk som protesterte mot tømmerhogst. Oppdragsgivaren var Rimbunan Hijau. Dei betalte løna til politimennene dei dagane dei var på oppdrag. Nokre gonger fekk dei bonusar. Bani fortalde til Dateline at han oppfatta bonusane som påskjønning for å bruke rå vald.

Riddaren av motorsaga
Tiong Hiew King starta med to tomme hender. Han er ein del av Malaysias kinesiske minoritet. Utdanninga si fekk han gjennom eit brevkurs frå eit kinesisk universitet. I 1976 starta han Rimbunan Hijau. I år får 75-åring­en plass nr. 937 på Forbes Magazines liste over dei rikaste i verda. Formuen skal vere ein milliard dollar. Rimbunan Hijau er kjernen i Tiongs verdsfemnande forretningsverksemd. Namnet på selskapet betyr ‘eviggrøn’ på malaysisk.

I Papua Ny-Guineas regnskog er Rimbunan den desidert største aktøren. Selskapet kontrollerer om lag halvparten av hogsten. Regnskogen i landet er på mange vis lovlaust territorium.   Konsekvensen av den aggressive, illegale hogsten er jorderosjon, utrydding av flora og fauna og forgifting av vasskjelder gjennom kjemikaliar og olje. Det er denne verksemda som har gitt Tiong tilnamnet riddaren av motorsaga blant miljøvernarar.

Røffe forhandlingar
Hogstselskapa på Papua Ny-Guinea driv sjølve forhandlingar med urfolka som eig skogsområde. Mange av desse er analfabetar. Miljøadvokaten Annie Kajir fortalde til australske Dateline i 2001 korleis slike forhandlingar har blitt førde.
«Landeigarane vart tvinga til å signere papira med ein pistolmunning retta mot ryggen. Med politi og representantar for hogstselskapa til stades, utan juridisk hjelp, men med pistolar retta mot seg», sa Kajir.

Den Port Moresby-baserte advokaten har fått den prestisjetunge Goldman Award for innsatsen sin for urfolka i landet. Årsaka til at skogselskapa kan halde fram som dei gjer, er at dei betaler pengar under bordet til politikarar, politi og skogsstyresmakter.

Ulovleg
«Landeigarane vil ikkje ha skogshogst av noko slag. Dei har alltid vore motstandarar», sa advokat Tiff Nongor til nyhendebyrået Aap i februar i år. Nongor representerer folk i Ramu-provinsen. Dei reiser no sak mot Rimbunan Hijau, på grunn av ulovleg hogst.
29. oktober 2008 vart selskapet dømt for ulovleg hogst i Papua Ny-Guineas høgsterett. Berre nokre minutt før høgsterett las opp dommen sin, innrømte Rimbunans advokatar at løyvet til å hogge i det omstridde området var ugyldig.

Høgsterettsdommarane uttala seg i etterkant sterkt kritisk til at Rimbunan Hijaus advokatar likevel hadde kjempa i to år gjennom rettsapparatet for å få lov til å hogge. Det omstridde området, Kamula Doso er kjent som juvelen i Papua Ny-Guineas attverande urskog.   
Dette er ikkje første gong det malaysiske selskapet har blitt tekne for ulovleg hogst. I ei gransking styresmaktene på Papua Ny-Guinea gjennomførde i 2000, vart tre av Rimbunan Hijaus hogstløyve undersøkte. Alle tre var ulovlege.

Nedbrende hus
«Eg vart banka opp og dei (politimennene, red.merk.) sette fyr på landsbyen min. Det var fem hus», fortalde landeigaren Ben Haravela frå landsbyen Paevera i Gulf-provinsen til Australian Conservation Foundation i 2005. Etter å ha brent ned husa drap politimennene alle dyra i landsbyen. Griser og hundar vart skotne med M-16-rifler. Kyllingane vart skotne med pistol. Avlingane på åkrane vart hogne i småbitar med machete-knivar.

Like før politibesøket hadde innbyggjarane i landsbyen klaga på at Frontier Holdings, eit dotterselskap av Rimbunan Hijau, øydela eit minnesmerke landsbybuarane rekna som heilag.
Rimbunand Hijau er kjend som ein versting også på arbeidsmiljø. I 2005 konkluderte ein rapport frå Papua Ny-Guineas arbeidsdepartement med at nokre av Rimbunans hogstfolk vart behandla som slavar, og at dei levde under elendige sanitære tilhøve i små skur i skogen. Ein annan rapport frå styresmaktene i landet frå same år, viste at enkelte av Rimbunans tilsette arbeidde tolvtimarsdagar. Det fanst inga overtidsbetaling. Timeløna var nede på 63 toea, eller 1 krone og 80 øre. Også på Papua Ny-Guinea er dette luseløn.

Vanskar for kvotehandel
Fram til 2012 skal den norske regjeringa kjøpe mellom 25 og 30 millionar klimakvotar. Sist veke skreiv Dag og Tid at Riksrevisjonen rettar skarp kritikk mot kjøpa til regjeringa av såkalla CDM-kvotar, kvotar kjøpte frå u-land. Felles for u-landskvotane Noreg har teikna kontraktar for, er at dei førebels ikkje er godkjende av FN.

Berre 1,3 millionar av dei klimakvotane den norske regjeringa har gjort avtale om å kjøpe, er godkjende. Ein million av dei er kjøpte av Tiong Hiew Kings selskap Ernslaw one.
Miljødepartementet og Finansdepartementet fann ikkje høve til å kommentera saka for Dag og Tid denne veka.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake