 |
FØRSTESIDA
NYHENDE

KRITIKK

Meiningar

AKTUELT

BUTIKKEN

MARKNADSPLASSEN

DAG OG TID

ANNA

|
|
Det nakne mennesket
Odd W. Surén, 19.03.10
ROMAN Jan Roar Leikvoll: Fiolinane Det Norske SamlagetJan Roar Leikvoll, eit eksemplar av den sjeldsynte arten nordhordlandsforfattar, debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008. I den boka skreiv han om liv og død i ein fangeleir der mennesket måtte definera godt og vondt under særs vanskelege tilhøve. Å halda fram forfattarskapen etter føresetnadene Leikvoll skapte i debuten, tyktest vanskeleg, men det har han klart i den nye romanen, Fiolinane, der slikt me kjenner som menneskelege vilkår, er endå meir fråverande enn i førsteboka. Her møter me nokre personar som ser ut til å vera i utvikling attover frå homo sapiens, og dei lever på ei bossfylling, ein rest etter ein eller annan sivilisasjon, og samstundes i utkanten av ei verd som kanskje er lik den me kjenner, for no og då vert det kasta ut forsyningar frå fly som passerer fyllinga. Folket på denne staden vantar både namn og klede, og dei ser ikkje ut til å sakna nokon av delane. Dei om det! Skit og støv Hovudpersonane er ein ung gut og familien hans. Dei lever under ei brennande sol, i skit og støv, dei et rotter og ser ut til å ha stor tilgang på knokar med kjøt på. Det vert ikkje sagt noko om korleis dei hamna på fyllinga eller om verda utanfor; alt skjer etter reglar og skikkar dei har laga seg der på staden. Detaljane er mange og ekle, og boka set sikkert verdsrekord i å nemna ordet pung ofte. Gutungen skulle gjerne hatt ein like stor pung som faren, og han har mange løgne kjensler i denne pungen, som det ser ut til at han kan blåsa opp no og då, kva no det skal vera godt for. Det skjer ikkje mykje, men det er heile tida ei spenning i teksten, for farane er mange, sjukdom og vald trugar, og guten har eit sviande punkt på ryggen, men han veit ikkje kva det er for noko, og dei andre er heller atterhaldne med å opplysa han om dette. Det minner litt om I straffekolonien av Kafka, men utan overtydeleg allegorisk poeng, ein kan tolka det slik ein vil. Immunisert Når ein forfattar finn opp si eiga verd, vert teksten nesten immunisert mot innvendingar, og sjølv inkonsekvensane, som at ein kallar rottene for rotter, men kråkene berre for åtselfuglar, lyt lesaren godta: Slik er det der. Dette er heller ikkje det viktige, poenget i romanen er dei eksistensielle vilkåra, relasjonane, draumane, livet frå dag til dag i den einaste verda personane i boka kjenner til. Her står mennesket så å seia utan sivilisasjon, avkledd til det dyriske, her finst ikkje historie eller utvikling, anna enn som rudiment og boss, med unnatak av ein fiolin som bestefar til hovudpersonen eig. Ein gong har han spela fiolin i lag med andre fiolinistar. Som det heiter i teksten: «Då fiolinen fiolinar var.» Denne merkelege og upresise formuleringa, som minner om det språket Jon Fosse har funne fram til i dei seinare romanane sine, har fått ei høgtidleg meining. Fiolinen er både ei konkret påminning om ei anna tid, og ein ting med symbolverde, men Leikvoll er svært varsam med bruken av symbolet, og instrumentet er sjeldan sentralt i romanen. Forfriskande I den leikvollske verda er nesten alt relatert til føresetnader som berre finst i teksten, såleis skriv forfattaren med utgangspunkt i eit emne der han er den einaste lærde. Det handlar med andre ord om rein dikting, og i ei tid der sjølvframstilling og utlevering av slekt og venner ser ut til å vera litterær mote, er det forfriskande å lesa noko som er annleis og særmerkt. Leikvoll har funne sin eigen estetikk og gjer som han Gud der oppe i himmelen: Han skaper verda av inkje. Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar for Dag og Tid.
« Tilbake
|
|
|