|
|
Målgranskar og grand seigneur Av Klaus Johan Myrvoll , 12.03.10 Hans Ross var Ivar Aasens ettermann, men ikkje hans like. BIOGRAFI Kjell Venås: Hans Ross. Målføregranskar, ordboksskrivar og grammatikar Novus forlag 2009 Kjell Venås (f. 1927) har gjort det til ein vane å skriva biografiar om gamle målmenn og målgranskarar. Før har han skrive om Gustav Indrebø, Marius Hægstad, Ivar Aasen og Sigurd Kolsrud. No var turen komen til Hans Ross (1833–1914), fyrst og fremst kjend som mannen som skreiv oppfylgjaren til Aasens norske ordbok, fullførd i 1895. Som Venås syner oss, var Ross ikkje berre ordboksmann; han var ei viktig kraft i målreisinga den fyrste tida, ein nær ven av både Aasen og Vinje, og Arne Garborg sa at det han hadde av syn på mål og målvokster, hadde han frå Ross. Det var Ross som tok seg av utgjevinga av Dølen då Vinje var i utlandet, og han var støtt ein trugen korrekturlesar for det bladet. Ross var òg mellom initiativtakarane til Det Norske Samlaget i 1868 og var på mange vis den eigenlege, praktiske forlagssjefen den fyrste tida, i alle fall om me skal tru Sindre Hovdenakks biografi om Hagbard Berner, grunnleggjaren av Dagbladet og ein annan Ross hadde i krinsen rundt seg. Stutt sagt: Dette var ei tid då målfolket var på frammarsj og heldt seg med mektige vener. Det er difor ikkje so overraskande at vinstrevenene åt Ross sytte for at han, etter å ha livnært seg ei tid som lærar i den høgre skulen, kunne leva på statsstipend til å reisa rundt og samla inn målføreord livet ut. Ja, i 1881 freista Johan Sverdrup jamvel å få Ross tilsett som ekstraordinær professor i norsk folkemål ved Universitetet, men det framtaket fall på at Kollegiet og seinare departementet ikkje ville gå god for den vitskaplege kompetansen åt Ross og dessutan meinte at professoratet var definert for trongt; «Kultursproget», d.e. dansk, laut òg vera med i morsmålsfaget. Attom låg misnøye med at vinstrefløya før hadde sett inn «sine» menn som professorar; fyrst matematikaren Sophus Lie i 1872, dinest historikaren Ernst Sars i 1874. Fagleg biografi Ross var ein mann som lika å gå sine eigne vegar. Som Venås syner, gav det seg òg utslag i at han langt frå fylgde Aasen i eitt og alt når det galdt skrivemåten av landsmålet. Han skreiv til dømes «o» for og, «ell» for eller, «te» for til og «de» for det. Me skjønar at Ross sokna til det meir ortofone lægeret i målrørsla, og Ross var ein viktig inspirator for midlandsmålet åt Garborg. Lett å lika Talande i denne samanhengen er det Johannes Arneson fortel om møte med Aasen og Ross i Kristiania i 1891. Medan Aasen pusla med eit stearinljos og ei fyrstikkøskje av di augo hans ikkje tolde lampeljos, og ikkje hadde anna å by på enn grammatikk, vart Arneson hjå Ross førd til sætes i stova ved eit kvitduka langbord og boden på sigarar og te. Denne ulike personlegdomen kan òg hjelpa til å forklåra at ordboka åt Ross skil seg ut frå Aasens på viktige punkt. Her laut Ross rett nok retta seg meir etter «Mesterens Forklaring» og «Kunstnerens Greb» (slik omtalar han Aasen), av di det skulle vera eit tillegg som kunna nyttast jamsides den fyrste ordboka. Som det går fram hjå Venås, hadde Ross mest like mange nye ord som det var oppslagsord hjå Aasen. Når det vart slik, kom det mellom anna av at Ross var friare med kva slag ord han valde å taka med. Medan Aasen ikkje berre ville dokumentera, men òg ville skapa eit tenleg litteraturmål, tillèt Ross seg å taka med fleire synonym, der mange har eit heller avgrensa bruksfelt og bruksverde. Han tok til dømes med fleire ord med forsterkande førefeste av typen bælfast og skrauvstor og fleire ekspressive ord av typen grebba og skreppa (båe om kvinnfolk). Referat I staden for å presentera ei ferdig gjennomarbeidt forteljing gjev Venås seg ofte til å forklåra dei vanskane han har hatt med å finna dei kjeldene han trong. Eit døme på det er det innleiande kapitlet om ættebakgrunnen åt Ross, der ein fær inntrykk av at Venås berre har nytta lett tilgjengelege kjelder på internett, men til dømes ikkje har gått til sentrale arkivkjelder som kyrkjebøker. Kjeldene tryt Alt i alt er det fortenestefullt av Venås å lyfta fram alle desse målhovdingane. Trass i ein noko idiosynkratisk og refererande stil fær me godt innsyn i ei tid med heilt andre føresetnader for både målgransking og målarbeid. Ein tek seg i å undrast: Kven vert den neste? Vert det Amund B. Larsen, «ein av våre største språkvitskapsfolk nokosinne» (s. 155)? Den som fylgjer med, fær sjå. Klaus Johan Myrvoll er norrønfilolog og korrekturlesar i Dag og Tid.
|
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|