|
|
Kvifor så redd for Ramadan? Sindre Bangstad, 12.03.10 Ein vil jo helst ikkje leggje seg ut med Walid al-Kubaisi. Til liks med mange andre reknar eg han som ein særeigen plante i den norske allmenta. Han er ein mann eg ofte har stor glede og utbytte av å lytte til. Difor er den anti-intellektualismen al-Kubaisi legg for dagen i teksten «Unyttig samtale med Tariq Ramadan» i Dag og Tid 12. februar dess meir forstemmande. Vi har etter kvart blitt vande med dette ritualet som utspelar seg i den norske allmenta kvar gong Ramadan er i landet. Det finst tilsynelatande ikkje noko rom mellom kriminalisering og sakralisering av Ramadan. Al-Kubaisis tankar om Ramadan fell innanfor ei typisk kriminalisering av mannen. Al-Kubaisi påstår at han har lese, men den lesinga han har gjort, verkar verken særleg edrueleg eller innsiktsfull. I kommentaren sin refererer han då også berre til lydbandopptak med Ramadan. Eg har ikkje noko imot lydbandopptak, men når ein set seg føre å utføre ritualdrap på ein intellektuell, ventar ein litt meir. For dei av oss som meiner at ein skal behandle truande og praktiserande muslimske intellektuelle og akademikarar på same måte som alle andre, blir ein fanga i eit dilemma: Slik dette spelet er konstruert, må ein anten vere, eller finne seg i å bli vurdert som å vere, for eller mot Ramadan. Dette blir eit endå større problem når Ramadans eigne tekstar dei siste åra reint faktisk har blitt svakare. Dette er elles ein nokså vanleg konsekvens av celebritetsstatus og hektisk reise- og foredragsverksemd. Men eg har fire heilt konkrete innvendingar mot al-Kubaisis framstilling av Ramadan. Muslimbrørne Den mest innverknadsrike ideologen i brorskapskrinsar er, som al-Kubaisi heilt korrekt påpeikar, den egyptisk-qatarske Yusuf al-Qaradawi (f. 1926). Når Kubaisi nemner al-Qaradawi i same andedrag som Ramadan, er det sjølvsagt fordi vi som lesarar skal tenkje at det her også finst ein ideologisk slektskap, for ikkje å seie ein nær idéfellesskap. Men det er faktisk feil. Ramadan har i sterkare grad enn nokon annan islamsk intellektuell i seinare tid kritisert den binære tenkinga som ligg til grunn for al-Qaradawis forståing. Den finn ein att i al-Qaradawis idear om ein fiqh for minoritetar som det mest adekvate islamske rammeverket for europeiske muslimar. Ramadan insisterer likevel på at det trengst ein fiqh for borgarar. I boka Europeisk islam. Å være muslim i Vesten (2009, s. 145) skriv han, med klar adresse til al-Qaradawi, at ei todelt verdsåskoding «ikke er relevant lenger». Ei nærare gransking vil også vise at Ramadan og al-Qaradawi skil lag i spørsmål knytte til religiøse minoritetar og ikkje-truande, kvinners rettar, rettane til seksuelle minoritetar og i tilhøvet til antisemittisme, for no å nemne noko. Det er mogleg at det ikkje spelar noka rolle for al-Kubaisi om ein tek til orde for like rettar for ikkje-muslimar i den muslimske verda eller ikkje, om ein meiner plassen til kvinna er i heimen eller ikkje, om ein meiner homoseksualitet skal møtast med dødsstraff eller toleranse, om ein stør Hamas’ sjølvmordsbombing eller ikkje. Men det er vanskeleg å sjå at dette skulle vere uvesentleg for oss andre. Privilegert innsikt Europeisk tenkjemåte Strategiar For underskrivne verkar det vere klart at verken sakralisering eller kriminalisering er fruktbar respons på Ramadans arbeid. For det er mykje som er problematisk ved Ramadans arbeid. Mellom anna den nokså overdrivne islamske legalismen og det nokså sterke atterhaldet når det gjeld det samansette ved muslimars identitet i eit seinmoderne, sekulært og liberalt Europa. Men så er då også Ramadan ein islamsk teolog, og ikkje sosiolog. I tillegg er det grunn til å vere kritisk til den nokså omtrentlege og overflatiske omgangen med andre forfattarars verk i mange av bøkene. Men det ein kunne ønskje seg neste gong Ramadan kjem til Noreg, er ein meir nøktern debatt om det faktiske innhaldet i Ramadans arbeid, på godt og vondt. Eg håpar og ønskjer at også Walid al-Kubaisi vil bidra til dette. Sindre Bangstad er postdoktorstipendiat i sosialantropologi ved Universitetet i Oslo.
|
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|