Meiner kraftkrisa var uråd å føresjå
Av Per Anders Todal , 12.03.10
Sist veke dokumenterte Dag og Tid grov feilinformasjon om den norske kraftsituasjonen frå Olje- og energidepartementet (OED). På nettsida med tittelen «Kraftmarkedet» blir det hevda at Noreg sidan slutten av 1990-talet har vore nettoimportør av kraft. Men realiteten er at Noreg har vore ein stor eksportør av kraft i denne perioden: Den samla nettoeksporten frå 2000 til 2009 var nærare 50 TWh, tilsvarande årsforbruket til 2,5 millionar husstandar. No lovar statssekretær Sigrid Hjørnegård at feila skal rettast opp. – Somme år har Noreg nettoeksport, somme år nettoimport. Det vekslar jo frå år til år. Men det stemmer at vi har eksportert mykje kraft dei siste fem åra, seier Hjørnegård. – Ikkje nok med det: Eg har sett på tala for det siste året, dei siste tre åra, dei siste fem åra, dei siste ti åra og dei siste tjue åra. I alle desse periodane har Noreg vore ein nettoeksportør av kraft. Korleis kan OED da hevde at Noreg normalt er nettoimportør? – Det er nok feil å seie det generelt, ja. Men i nokre år er vi nettoimportør, som i 2003, 2004 og 2006. Forholdet mellom import og eksport varierer. men det er ikkje noko poeng for meg å skrive under på noko som er feil. Vi vil endre på teksten på nettsida.– Slik teksten dykkar står no, må han kallast desinformasjon. Korleis kan OED forklare dette? – Eg har ikkje noka forklaring på det. Men det er feil der som vi vil rette opp. – Bra vi kan eksportere – I debatten om straumkrisa i vinter har mange framstilt det som om Noreg normalt er importavhengig, og at det er norsk kraftmangel som er opphav til dei høge prisane. Kvifor har ikkje departementet prøvd å korrigere den framstillinga? – Vi har hatt ein veldig lang kuldeperiode no, i tillegg har mykje av den svenske kjernekraftproduksjonen vore ute av drift. Det har skapt den situasjonen vi har hatt. Men at vi eksporterer i år med mykje nedbør og importerer når det er tørt, understrekar behovet for kraftliner til utlandet. – Men det siste året har Noreg hatt ein nettoeksport til Sverige på 5,3 TWh, viser tal frå Statnett. Kvifor nemner ikkje departementet dette i debatten? – Det er bra vi har høve til å eksportere kraft når vi produserer meir enn vi treng i Noreg. Men i lange kuldeperiodar med lite tilsig er vi sårbare. – Om norske kraftprodusentar hadde spart meir vatn i magasina i staden for å eksportere så mykje kraft, ville vi vore mindre sårbare i ein kuldeperiode som no. – Den kuldeperioden vi har hatt i vinter, har vore unormal og var vanskeleg å føresjå. Det same gjeld problema ved dei svenske kjernekraftverka. Ein kunne ikkje føresjå kva som skulle kome i vinter. Ved inngangen til vinteren var fyllingsgraden i dei norske magasina normal. Verdiskaping – Vi får ofte høyre at straumkablane til utlandet er laga for å sikre forsyningstryggleiken til Noreg i tørrår. Men vi høyrer lite om at straumeksporten gjennom desse kablane fører til høgare straumpris i Noreg dei fleste åra? – Når vi eksporterer kraft, er det òg eit bidrag til verdiskapinga. Inntektene frå leidningane til utlandet gjev til dømes Statnett midlar til å byggje ut nettet i Noreg. Men i ein situasjon som no er kablane til utlandet viktige for å supplere energiforsyninga vår. – Det er greitt. Men det er eit faktum at kablane til utlandet jamt over gjev høgare straumpris i Noreg? – Sjølv om vi eksporterer kraft er straumprisen i Noreg lågare enn i land vi kan samanlikne oss med. Det er ikkje ønskjeleg å få ein situasjon med store kraftoverskot, slik vi kunne få om vi ikkje eksporterte kraft. På sikt kan det òg bli aktuelt å eksportere meir kraft til utlandet. Umogleg å føresjå – Eg skjønar at den norske krafteksporten er lønsam for staten, Statnett og kraftprodusentane. Det kan tilmed vere bra klimapolitikk. Men eksporten gjer at norske straumkundar må betale meir for straumen? – Det er feil å seie at eksporten gjer straumen mykje dyrare i Noreg. Men vi må ha ein balanse: Vi skal på den eine sida sikre forsyningstryggleik og på den andre sida unngå store kraftoverskot. – Men om vi hadde avgrensingar på eksporten, og norske kraftprodusentar var pålagde å spare meir vatn i reservoara sine sommar og haust, da hadde vi vore betre rusta da sprengkulda kom? – I så fall ville vi hatt høgare straumprisar over tid. Ein slik politikk kunne kanskje vore klok av beredskapsomsyn, men det unormale vêret i vinter og problema med dei svenske kjernekraftverka var umogleg å føresjå, seier statssekretær Sigrid Hjørnegård. Klare tal –Eg har sjølv prøvd å få energimafiaen til å vedgå at Noreg eksporterer kraft. Men det er ikkje så lett, seier Jørgen Randers, som er professor i klimastrategi ved Handelshøyskolen BI. – Tala er klare. Dei siste ti åra har Noreg i snitt eksportert kring to prosent av produksjonen. Likevel trur eg dei fleste går med eit inntrykk av at Noreg er nettoimportør Det er ikkje berre Olje- og energidepartementet som har bidrege til å halde denne misforståinga ved like, understrekar Randers. Også Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sin del av skulda, fordi NVE har definert eit «normalår» ut frå perioden 1960–1990. – Rekna ut frå dette har Noreg eit kraftunderskot med dagens forbruk. Men i referanseperioden regna det langt mindre enn det gjer dei fleste åra no – klimaet har endra seg; det har blitt våtare og varmare. Randers meiner framstillinga av Noreg som kraftimportør er heilt medviten frå mange aktørar i kraftdebatten. – Det er som ein gammal vane frå tidlegare kampar for meir kraftutbygging, i tider da Noreg hadde for lite straum. Men no er situasjonen ein heilt annan, understrekar Randers. – Dei fleste åra har vi overskot av kraft i Noreg, og forbruket til både hushalda og den kraftkrevjande industrien har falle. I tillegg kjem ny straum frå gasskraftverk og vindmøller. Vi kan få store kraftoverskot dei neste ti åra. Om vi ikkje eksporterer, kjem kraftprisane til å søkke dramatisk. Og det er ingen interesserte i, bortsett frå straumkundane. – Idiotisk framstilling Som ein miljømedviten mann er Jørgen Randers ikkje prinsipielt negativ til høge straumprisar. – Eg synest det er bra med høge prisar som får folk til å spare energi. Produsentane er på si side opptekne av å tene pengar, og difor ønskjer dei større eksportkapasitet. Det er ein direkte interessemotsetnad mellom dei som legg kablane, og alminnelege forbrukarar. Byggjer vi nye kablar til Tyskland, vil det uvilkårleg auke kraftprisane også i Noreg. – Men nye kablar til utlandet blir alltid grunngjevne med at vi må sikre forsyninga vår i tørrår? – Ja, framstillinga er idiotisk. Men verken folk flest eller politikarane får med seg kva det handlar om. Alle er positive til kablane når det er tørrår, men ingen tenkjer på at i dei påfølgjande åtte våte åra vil kablane sørgje for å halde prisen på straum oppe. – Det kan godt hende at norsk krafteksport er eit bra klimatiltak. Men politikarane og kraftprodusentane kunne vore ærlegare om kva kablane vil føre til? – Ja visst. I eit demokrati burde realitetane vere på bordet så vi kunne ha ein fornuftig diskusjon om dette. Men dei vil nok halde fram med å seie at kablane blir lagde for å sikre straumforsyninga vår. Energispelet Stortingsrepresentant Ola Borten Moe frå Senterpartiet er ein av dei få politikarane som har kritisert den norske krafteksporten. Men han strekar under at Midt-Noreg i dag er avhengig av import. – Eg vil ikkje kutte alle kablane til utlandet. Midt-Noreg har i dag eit stort kraftunderskot og må importere straum, fordi regjeringa og statlege etatar ikkje har gjort jobben sin med å sikre ei rimeleg straumforsyning, seier Borten Moe. Men han er like forarga over ein politikk som vil føre til ein utvida norsk krafteksport. – Det irriterer meg grenselaust at ingen skriv om spelet i den norske energipolitikken. Dei store aktørane i kraftbransjen, miljørørsla og samfunnsøkonomane meiner alle at å leggje fleire kablar til utlandet er det einaste saliggjerande. Det vil føre til at vi importerer europeiske straumprisar, som er langt over dagens prisar i Noreg, seier Borten Moe. – Målet er å maksimere verdiane i norske fossefall, og profitten skal tilfalle staten og stor-kapitalen – ikkje forbrukarane og ikkje norsk næringsliv. Straumen skal ikkje lenger vere ein komparativ fordel for verdiskaping i Noreg. Naturen blir bygd ned med vindmøller og småkraftverk medan straumen skal seljast til utlandet. Folk i Noreg sit att med høgare straumprisar, mindre verdiskaping og nedbygd natur. Fram til 1990 var norsk vasskraftutbygging eit spleiselag for heile folket, understrekar Borten Moe. – No skal profitten av vasskrafta maksimerast og kapitaleigarane skal få stikke av med alt. Det er ikkje openbert rimeleg at staten skal trekkje inn all denne kapitalen til Oslo for så motviljug å redistribuere han attende til distrikta.
« Tilbake
|