Førstesida
  Nr. 35   Fredag 3. september 2010                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Meldingar om abonnement
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
Vinjeprisen
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Hjernevask

Av Jon Hustad
,  12.03.10


Det er ein underleg ting, dette: Eit populærvitskapleg program har etter to episodar hatt nær to millionar sjåarar på fjernsyn og nett. Harald Eia har knust alle rekordar. Og underleg nok: Det har knapt kome tung fag­kritikk så langt. Forskarane har i all hovudsak valt å vera stille; dei ser at Eia er inne på noko. Noreg er moge for eit oppgjer med den statskontrollerte og ideologiske forskinga.

Likevel: Det er i grunnen lite nytt som så langt har kome fram i «Hjernevask». Folk flest og den tause majoriteten av forskarane veit at det både er biologiske skilnader på kjønna og at intelligens i høg grad er arveleg. Det nye er at ein leiande norsk fjernsynskjendis har teke på seg oppdraget å fortelja om dette.

Det er internettrevolusjonen som har gjort dette mogeleg. Eia og manusforfattaren Ole Martin Ihle, og alle vi andre for den del, har no tilgang til enorme databasar. Alt vi treng gjera, er å slå opp på einskildord, finna artiklane og sjekka dei opp mot siteringsindeksane som òg ligg på nettet. Det er ikkje lenger mogeleg for den politisk korrekte forskaren eller den ideologistyrde politikaren å koma med påstandar som ikkje har rot i røyndomen. Kunnskap er i dag demokratisert på eit vis som vi aldri trudde skulle verta mogeleg.

Men hovudårsaka til suksessen til Eia og Ihle ligg nok likevel ein annan stad: Bodskapen deira er ein glad bodskap – vi kan slappa av. Vi treng ikkje ha så dårleg samvit lenger. Det ligg ikkje så mange undertrykkjande mekanismar bak vala våra. Det går som regel bra med borna; oppseding er ikkje ein eliteidrott. Mange kvinner vel å verta sjukepleiarar av di dei ynskjer å verta sjuke­pleiarar, og menn likar å vera bilmekanikarar eller ingeniørar. Naturen gjeld for oss menneske òg.

Staten maktar så mykje han enn vil, ikkje å mikrostyra liva våre.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake