|
|
Venstresida, kva er det for ein? Av Roald Helgheim, 05.03.10 I ein serie intervju har Klassekampen – «venstresidas dagsavis» – retta eit «søkelys på venstresidas forhold til religion». Her er mykje interessant lesnad, men eg spør: Kva er «venstresida», og er tilhøvet den såkalla venstresida har til religion, viktigare eller meir interessant enn kva andre i samfunnet meiner? Førstemann ut i avisa var ein kjend forfattar som vil forby alle religiøse symbol. Ja vel. Ein annan meiner at «ateister på venstresida må ikke lenger overlate etiske spørsmål til de religiøse». «Venstresida har sluppet taket», meiner generalsekretæren i Human-Etisk Forbund, som vil ha «venstresida tilbake til de prinsipielle debattene»! Sjølv har eg mest sans for historikar Trine S. Jansen, som seier at «opp gjennom historien har venstresida måttet tilpasse seg sine medlemmers religiøsitet». Pragmatikk og strategi bestemmer altså tilhøvet venstresida har til religion, seier ho. Mitt ærend er at «venstresida» i dag er eit omgrep som omfattar alt og ingenting og som difor er ubrukande som politisk markør, då dei politiske meiningane blant menneske vi reknar til «venstresida», sprikjer like mykje som i samfunnet elles. Likevel er «venstresida» oftast hoggestabben når nokon har svikta i samfunnet, til dømes i integreringspolitikken, gjengangaren i dei fleste svik-påstandane. Vil det seie at alle andre er skuldfrie? Det kan ingen svare på, for alle dei andre høyrer til inga spesiell side vi kan blinke ut og gå laus på. Og kven har mandat, plikt eller rett til å svare på vegner av «venstresida»? Ein strid i amerikansk høgsterett nyleg botna i at eit selskap, «corporation», etter amerikansk rett juridisk er å rekne som ein person. I ein amerikansk dokumentarserie om dette personifiserte pengeveldet vart det sagt at sakkunnige etter gjengs bruk av psykoanalyse kom fram til at «corporations» i regelen hadde klare psykotiske trekk. Men «venstresida», kva slags kasus er det? I namnet har ho toppen ei avis, men av di ho elles kan vere kven som helst, er det berre å nytte kva sak som helst til å gå laus på denne politiske tåkedotten som i røynda er ingen, og ingen har verken rett eller plikt til å svare. Dette er inga klage på vegner av «venstresida». Men om nokon har svikta viktige verdiar i desse dagar, er det høgt lønte venstresidepolitikarar som ikkje berre raslar med totalitære tiltak og talemåtar andsynes minoritetar i hijabdebatten, men som gjer det etter press frå den definitive høgresida. Ikkje partiet Høgre, der leiaren Erna Solberg var snøgt ute med å markere at meir forbod var å nøre opp under islamismen, men personen Siv Jensen, som til og med har fått partifellar på nakken, som varaordføraren i Drammen. I Vårt Land minner han om at Frp ikkje berre er eit liberalistisk parti, men eit parti «mot offentlige inngrep»! Vi treng ikkje gå opp att hijabdebatten, for kravet om forbod har ikkje dukka opp som eit folkekrav, verken frå skulen eller andre som arbeider med feltet. Det var Siv Jensen som i samband med den omstridde demonstrasjonen mot Muhammed-karikaturar i Oslo nyleg skulda Ap og regjeringa for å ha svikta i kampen mot snikislamisering og som utløyste panikk i regjerings- og partilokala. Jensen ville ha forbod mot niqab og burka i det offentlege rommet (støtta av SV-politikaren Karen Andersen). Det fekk SV-politikaren Heikki Holmås til å snakke om hijabforbod i skulen, nørt oppunder av Kristin Halvorsen og Helga Pedersen. Integreringsminister Lysbakken heldt hovudet kaldt, noko anna skulle teke seg ut. Men den feige hijabutvegen er at skuleminister Halvorsen (som no også er mot forbod), bestiller ei utgreiing om kva som er i strid med menneskerettane, og kva som er lov lokalt og for einskilde skular. Kva skal departementet bruke det til, anna enn å opne for forbod som råkar dei gruppene som skal integrerast i samfunnet? Det er kjent at Frp vil gjere framlegg om hijabforbod i Oslo. Det blir knapt vedteke, med mindre Rune Gerhardsens disiplar køyrer over Høgre og det danna politiske sentrum, men vil styresmaktene i så fall berre la det skje? Om det finst ei «venstreside», har klåfingra raudgrøne politikarar med dette gjort sitt beste for å kompromittere henne, ut frå det simplaste motivet av alle, redsla for å misse stemmer. Lyspunktet er at ein monaleg del av veljargrunnlaget i alle fall for SV gjer opprør. Historikaren Eric Hobsbawm skriv i artikkelen «The Prospects of Democracy» (i boka Globalisation, Democracy and Terrorism) at fridom og toleranse for minoritetar ofte er meir truga enn verna av demokratiet. Det som trengst, er åtgjerder der resultatet ikkje blir målt i stemmetal, meiner den gamle radikalaren. Ettersom opphavet til det nye hijabhysteriet var ein demonstrasjon mot karikaturar, er ringen no slutta med at den danske avisa Politiken sist fredag sjokkerte ytringsfridomspresteskapet med å inngå forlik med åtte muslimske organisasjonar med nær 100.000 medlemer og be om orsaking for krenkingar nyopptrykket til avisa av Muhammed-teikningane var årsak til i 2008. «Forliget møder bred politisk fordømmelse», er avisas eiga lakoniske oppsummering. At avisa ikkje fråskriv seg retten til nokon gong å prente dei att, og berre ber om orsaking for den aktuelle krenkinga, er ein juridisk finesse som ikkje går heim hos andre politikarar enn den tidlegare utanriksminister Uffe Ellemann. Redaktør Seidenfaden kallar forliket eit døme på at dialog nyttar. « Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|