|
|
Vi eksporterer kraft og importerer krise Av Per Anders Todal, 05.03.10 Som dei fleste har fått med seg, har straumen vore svindyr i Noreg i vinter. I februar var straumprisen så snarast over 14 kroner per kilowattime fleire stader i Midt-Noreg – det er nesten 45 gonger så høgt som gjennomsnittet i Noreg i fjor. Dei drygaste prisane har vore i Midt-Noreg og Nord-Noreg. Frå kraftselskapa får vi høyre at det er to grunnar til ekstremprisen: Den uvanleg kalde vinteren og dei slunkne kraftmagasina. Og igjen snakkar politikarar, LO-toppar og aviskommentatorar om det norske kraftunderskotet, det blir rasla med gasskraftplanane igjen. Mykje av debatten gjev inntrykk av at Noreg er ein nettoimportør av kraft – som bør setje i gang med å byggje nye (gass)kraftverk snarast råd. Atomtrøbbel Men hovudårsaka til at straumprisen har blitt så ekstrem i vinter, er ei anna: I Sverige har fire av dei ti atomreaktorane lenge vore heilt eller delvis ute av drift, somme av dei har stått stille i snart eit år. Desse reaktorane vart stogga i fjor på grunn av ombygging og tryggleiksproblem. Med dette fall nær ein firedel av den svenske kraftproduksjonen bort. Og sidan Noreg og Sverige er delar av same nordiske kraftmarknad, har norske kraftprodusentar eksportert mykje kraft til Sverige det siste året for å kompensere for bortfallet. Dermed vart dei norske vassmagasina tappa ned raskare enn dei elles ville blitt. Og da sprengkulda sette inn, var det mindre vatn att til å produsere straum for å møte det ekstra behovet. Hadde ikkje norske kraftprodusentar tappa ned magasina sine for å eksportere så mykje kraft i fjor, kunne Noreg truleg sloppe dei ekstreme prisutslaga i vinter. Dei som no framstiller det som om Noreg normalt er avhengig av å importere straum frå svenske atomkraftverk, snur saka på hovudet. I fjor eksporterte Noreg netto kring ni terawattimar (TWh) til utlandet – det er kring sju prosent av den norske årsproduksjonen, og svarar til årsforbruket til kring 450.000 norske husstandar. Så seint som i desember i fjor eksporterte framleis Noreg kraft til utlandet, syner tala frå NVE. Sverige hadde derimot ein nettoimport på 4,7 TWh i løpet av 2009. Krise som venta Men denne situasjonen burde ikkje kome som eit sjokk. Dette var det fullt mogleg å føresjå, som Kjell Rønningsbakk, redaktør i Kraftnytt påpeika i ein kronikk i Bergens Tidende denne veka: «Hvorfor forhindret ikke Statnett at disse ekstremprisene rammet norske forbrukere? Hvorfor har ikke Statnett sett at vi ville få mangel på vann i magasinene når vannkraften har erstattet halvparten av produksjonen ved de svenske kjernekraftverkene hele annet halvår 2009?» Rønningsbakk understrekar at sjølv om dei aller mest ekstreme pristoppane har vore kortvarige, har dei likevel kosta folk dyrt. Han viser til ein rapport frå Econ Pöyry, som har rekna ut at ekstremprisen i berre to timar 17. desember i fjor kosta straumkundane i Midt-Noreg og Nord-Noreg kring 500 millionar kroner. Svenske forbrukarar fekk ein ekstrakostnad på 1,2 milliardar svenske kroner denne dagen, skriv Rønningsbakk. Også 7. januar og 22. februar i år kom det liknande pristoppar, med enorm profitt for kraftselskapa som resultat. Når alt heng saman med alt slik det gjer i kraftmarknaden, blir dette resultatet: På grunn av elendig svensk samfunnsplanlegging tvingar straumprisen norske industribedrifter til å stogge maskinane, og folk med dårleg råd må velje mellom å fryse eller å tiggje pengar frå Nav for å klare straumrekninga si. Desinformasjon Likevel er Olje- og energidepartementet (OED) merkeleg ivrig etter å framstille Noreg som ein importør av kraft. På nettstaden til OED, på ei eiga informasjonsside med tittelen «Kraftmarkedet», kan ein lese dette: «Norge var tidligere nettoeksportør av kraft, men har siden slutten av 1990-tallet vært nettoimportør som følgje av vekst i forbruket og lite kraftutbygging de siste årene.» Men dette er slett ikkje sant. Går ein til Statistisk sentralbyrå sine tal for den nemnde perioden, viser det seg at gjennomsnittleg årleg nettoeksport av kraft frå 2000 til 2009 var kring 5 TWh. Det er ikkje lett å skjøne kvifor Olje- og energidepartementet driv med slik desinformasjon – feila er for systematiske til å kunne forklarast med feiltasting. Dag og Tid prøvde i tre dagar denne veka å få energiminister Terje Riis-Johansen, statssekretær Robin Kåss eller statssekretær Sigrid Hjørnegård i tale for å få ei forklaring på denne vranglæra – utan hell. Inntil dei finn tid til å svare, kan ein berre spekulere: Ønskjer Olje- og energidepartementet å overdrive det norske kraftbehovet for å stimulere til bygging av nye kraftverk? I så fall har OED i det minste klart å lure Olav Versto. « Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|