|
|
Vi treng fleire politifolk Av Svein Gjerdåker, 05.03.10 Politiet må skjera bort over 350 stillingar, melder Politiets Fellesforbund. Det er noko heilt anna enn det som vart fortalt frå Justisdepartementet i fjor etter at statsbudsjettet vart vedteke. Då skulle det koma hundre nye politistillingar i 2010. Kva som er grunnen til nedbemanninga, verkar uklart. Framstegspartiet legg skulda på vidareføring av igangsette prosjekt og at dei auka løyvingane som er gjorde, alt er etne opp av auka løns- og pensjonsutbetalingar. Justisdepartementet avviser det heile og meiner det ikkje er for lite pengar, men at reduksjonen kjem av eigne prioriteringar i politidistrikta, mellom anna oppdatering av datasystema. At politidistrikta ikkje gjer alt for å halda oppe så mange stillingar som råd – er lite sannsynleg. Men dette får vera ei sak mellom departementet og politidistrikta. For alle oss andre er det uinteressant. Vi vil berre at talet på politi i dette landet skal aukast – ikkje reduserast. Ein reduksjon i talet på politi vil få klare konsekvensar: strengare prioriteringar internt i politiet, fleire saker som vert liggjande utan å verta etterforska, mindre tid til førebygging, mindre synleg politi i gatene osb. Men det er ingenting i samfunnsutviklinga som tilseier at talet på politi skal ned. Tvert imot. Eit godt utrusta politi er avgjerande for folks livskvalitet. Då må i det minste Justisdepartementet syta for at intensjonane i statsbudsjettet vert fylgde opp. Vi har ikkje noko å tena på at det veks fram all slags private ordningar og vaktarselskap av di politiet ikkje har kapasitet og evne til å fylgja opp. « Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|