|
|
Væpna med veikskap Odd W. Surén, 26.02.10 ROMAN Karl Ove Knausgård: Min kamp 4 Oktober For nokre år sidan var det ei tysk kvinne som spurde meg om det fanst ein eigenskap nordmenn kunne kjenna seg karakteriserte ved. Eg kom ikkje på anna i farten enn det egalitære samfunnet vårt, men etterpå slo det meg at det jo faktisk finst noko som har ein eigen klang i det norske sinnet, og det er skippertaket. Det skil seg frå den finske sisuen og den svenske andan ved å vera både godt og dårleg samstundes, for skippertaksmentaliteten er eit byevêr i sinnet; ein vekslar mellom bragd og latskap. Romanverket Min kamp av Karl Ove Knausgård er eit litterært skippertak. Å lesa verket isolert frå bragda er førebels uråd, konsentrasjonen i tid er blendande for lesaren, som vert overvelda av denne ordstraumen og tykkjer det er fantastisk godt gjort å produsere slike kvanta bra prosa. Det er det jo også, men korleis er eigentleg verket som litteratur, skilt frå stuntet og den samtidige resepsjonen? Eg skal ikkje lata som om eg har noko svar på dette, men det tykkjest viktig å stilla spørsmålet. Ung og talentfull Den unge læraren er berre nokre få år eldre enn elevane sine, noko han er svært merksam på, særleg når det gjeld jentene han underviser. I grunnen er det tilhøvet til kvinner som dominerer i denne boka, som på overtydande vis skildrar lidingane til den unge mannen utan sjølvtillit og heroisme, mellom brunst og fortviling. Han har eit seksuelt problem, som utviklar seg, eller vert til, av di han meiner han har eit seksuelt problem. Dette, som må ha vore svært skamfullt for han den gongen, skriv han altså no om for all verda, og det er i seg sjølv ein triumf: Dei som vil le av skamma til Karl Ove, vert kjøvde av sin eigen lått når dei tenkjer: Slikt mot har ikkje eg. Aldri om eg ville ha sagt dette til nokon! Ved å syna fram veikskapen sin gjer Knausgård seg dermed usårleg, og ein forstår at dette er eit døme på den «strategien» som ligg til grunn for boka: Kampen kan berre vinnast ved å verta skildra. Min kamp er såleis synonymt med Min triumf, og på dei mange andre plan i boka, utover det seksuelle, er det verkeleg først ved publikasjonen at sigerherren kan kårast. Akkurat når det gjeld jentetrøbbelet til unge Karl Ove, kan ein forresten lura litt på om han hadde skrive om det dersom han ikkje hadde vunne over veikskapen sin, om han hadde det på same vis den dag i dag. Men det har han nok ikkje, det løyser seg i fjerde bandet, som munnar ut i ei rå, komisk og saftig skildring av ekstatisk lukke og handlekraft. Og lesaren ler høgt, men det gjer nok ikkje ho som var objektet i denne scena. Tillitsbrot Store ambisjonar Ved å vera ærleg om kven ein var, får ein sagt noko om kven ein no er. Fråsegna om kampen rehabiliterer den kjempande, det er kanskje uvesentleg for Knausgård, men ikkje for Min kamp. Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar for Dag og Tid.
|
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|