Førstesida
  Nr. 35   Fredag 3. september 2010                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Meldingar om abonnement
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
Vinjeprisen
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Mellom Gud og Darwin
Oddmund Hagen,  19.02.10

LYRIKK
Freddy Fjellheim:
Mennesket har korsets form
Cappelen Damm 2009

Det er alltid ein risiko å tone flagg i religiøs eller politisk samanheng. Da blir ein fort sett i bås slik 68-generasjonen og m-l-forfattarane frå 1970-åra blei det, og framleis blir somme av dei konfronterte med ting dei skal ha sagt eller skrive den gongen temperaturen var høgare enn no.
Når Freddy Fjellheim tonar flagg som kristen, er det derfor med ein god porsjon skepsis ein gir seg i kast med Mennesket har korsets form, ei samling sakpoesi som kom på tampen av fjoråret. Sjølve sjangeren verkar òg problematisk: sakpoesi? Kva er no det? Ei form der fakta og fiksjon flyt saman innanfor rammene av poesien? Kanskje.

Boka er inndelt i seks avdeling­­ar av varierande lengd, dikta er jamt over på tre linjer, og der det er fleire strofer i diktet, er kvar strofe på tre linjer. Det er symmetri og konsekvens i dette. Kristus er brukt som tittel i svært mange av dikta, og Fjellheims ambisjon er å plassere mennesket i ein økofilosofisk samanheng der kristendomen får ein overordna posisjon. På sett og vis kjøper Fjellheim Darwins lære, men ikkje til full pris. Det ligg noko bortanfor vitskapen og dei målbare fakta, noko Fjellheim nærmar seg gjennom «undringe­ns språk», for «viten kan ikke uttrykke menneskets vesen / vår følsomhet er tempel for hellige ord / tro er vesensbeslektet med fellesskapets organisme».

Slangen i universet
Liksom i Paradiset er det også ein slange med i Fjellheims poetiske univers. Han er enkel å lokalisere og finst overalt som kynisk kapitalisme der miljøøydelegginga skaper djupe sår i naturen. Dermed blir mennesket sin eigen verste fiende: «natur som menneskets ytterste betingelse / slik atmosfæren er den gamle klodens tynne hud // naturen kan ikke ta vare på mennesket / kan mennesket ta vare på seg selv». Og i framhaldet av denne «summa poetica»: «blinde leder blinde / miljøforbrytere utrydder mennesket med dødelig profitt».

Kva kan ein stille opp mot ei slik utvikling? Kva er «håpets magadrag» hos Fjellheim anna enn å gi seg over til kristendomen som sjølv ber eit tungt ansvar for tankegangen om å leggje naturen under seg? Kanskje ei slags Frans av Assisi-haldning til problematikken der respekten for naturen blir gjenreist i form av bevisst og målretta miljøarbeid på alle plan, og der innsikt fører til handling, ikkje berre hos den enkelte, men i vid og global samanheng. I tanken er vi der for lengst.

Høgt og lågt
Det er eit stort språkleg spenn i denne diktsamlinga frå aforismar til bibelske allusjonar, paradoks og politiske notat, frå refleksjonar og meditasjonar til små bønner, frå høgstemt bibelspråk til folkeleg lågstil: «gresset vokser som rasshølets gullhår». Innanfor desse språklege rammene prøver Fjellheim å plassere mennesket både som biologisk og åndeleg vesen, krossfest mellom naturen og kulturen, mellom vitskapen og religionen.

Freddy Fjellheim har base i Fredrikstad der han også er fødd i 1957. Han debuterte i 1983 med 1. Olsens bok, og han har seinare skrive eit tital bøker innanfor ulike sjangrar. Forfattarskapen er under eitt prega av analyse, refleksjon og samfunnsengasjement, og han har gjennom snart tretti år skrive seg fram til ein posisjon i norsk samtidslitteratur der han ikkje liknar på nokon og ingen liknar på han. Sånn sett kan han stillast på linje med Erling Kittelsen, også ein som driv med sitt utan å skjegle til lesarar eller til litterære straumdrag i tida. Dei driv med sitt, og det har dei all ære av.

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar for Dag og Tid.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   
« Tilbake