|
|
Subsidiekampen Av Jon Hustad, 29.01.10 Førre veke kom meldinga om at Anne Aasheim og hennar nære allierte kultur- og tidlegare nyhenderedaktør Petter Raaum gjekk av. Under deira treårige vakt har Dagbladet fått halvert opplaget, og i 2010 har avisa budsjettert med eit opplag på 80.000 per dag, som er om lag 35 prosent av det opplaget var på det høgste. No står nye nedskjeringar for tur, avisa har ikkje lenger råd til å gje sluttpakkar og må sparka ei mengd grafikarar, halvera desken og seia opp fleire journalistar og leggja ned fotoavdelinga. På toppen kjem det at styret, med storeigar Jens P. Heyerdahl i spissen, har gjort ei rekkje disposisjonar som langt på veg har tømt avisa for eigenkapital og som har underminert den tilliten dei tilsette ein gong hadde til eigarane. Men vel så dramatisk, og ikkje berre for Dagsavisen, men òg for dei avisene som får direkte pressestønad, var oppslaget i fagbladet Journalisten tysdag denne veka. I fjor sumar fekk fagbladet opplyst at underskotet i Dagsavisen kom til å verta på tre millionar i 2009; i byrjinga av september var underskotet kome opp i 13 millionar, og på slutten av same månad gjekk dåverande sjefredaktør Carsten Bleness av. Då var underskotet kome opp i 17 millionar. No meiner Journalisten å vita at underskotet kjem opp i 20 millionar i 2009. Og trass i at Dagsavisen har teke imot over éin milliard i pressestønad gjennom åra, synte årsrapporten for 2008 at eigenkapitalen var på minus 800.000. At Dagbladet slit og kanskje går inn som papiravis på kvardagane, slik situasjonen er i dag, får få om nokon negative konsekvensar for resten av Avis-Noreg; ein konkurrent mindre tener dei som framleis lever, kaloriane må delast på færre individ. Dessutan er aviskrisa overdriven; regionavisene held opplaga, det same gjer Aftenposten. VG går rett nok litt attende, men til dømes Dagens Næringsliv held fram med å veksa. Stoda er derimot heilt annleis for dei avisene som får direkte pressestønad, for om Dagsavisen må gje opp, kan pressestønaden ryka, og ryk han, ryk Klassekampen, Nationen, Vårt Land, BA, Ny Tid... Og i tillegg må Dag og Tid og Morgenbladet greia seg med mykje mindre, om dei då ikkje raskt maktar å taka ein del av marknaden som dei nedlagde avisene etterlét seg. Eit kompromiss Eg trur det er dette skraphandlaren i norsk presse, Helge Simones, sjefredaktør og administrerande direktør i Vårt Land, har sett. For to år sidan kjøpte Vårt Land nett Dagsavisen, og Simonnes sette seg sjølv inn som styreformann. Frå før har han kjøpt andre statsstøtta nisjepublikasjonar – Le Monde diplomatique, Ny Tid, pluss, pluss. Vårt Land gav seksten millionar for ei avis som har gått frå å ha over 100.000 i opplag til å ha under 30.000 i dag og som i tillegg hadde tapt all eigenkapital og står utan eigedomsmasse. Som marknadsbasert investering var dette galenskap. Eg må òg gå ved at eg isolert sett finn det underleg at Dagsavisen, som er ei såpass lita og oversynleg avis, kan bomma så grovt med kostnadskontrollen gjennom eit heilt år. Men ser ein på det større biletet, er det kanskje ikkje så underleg. For å seia det slik: At underskotet vert så fatalt stort nett samstundes som det nyst nedsette utvalet som skal sjå nærare på pressestønaden, har kome i arbeid, er neppe tilfelleleg. Signalet frå Dagsavisen og Simonnes er i alle høve klårt: Kvar ei endring i pressestønaden til ulempe for dei etablerte og subsidierte avisene vil føra til at Dagsavisen går inn, og det samstundes som Arbeidarpartiet sit med kulturministeren. Eg trur Simonnes har gjort rett i å kjøpa Dagsavisen for å berga Vårt Land, men eg er langt frå sikker. Problemet er Dagbladet, eller dit Dagbladet vil. For også dei vil no ha direkte pressestønad, og også Dagbladet har vorte ein støttespelar for den raudgrøne regjeringa. Pressestønadsutvalet opererer ikkje innanfor nokor budsjettgrense, difor kan det òg kosta på seg å leggja fram ei tilråding tufta på idealisme i staden for realisme. Og jamvel om Dagbladet ikkje lenger er ein del av det daglege mediekosthaldet for slike som vert plukka ut til å sitja i offentlege utval, har avisa framleis høg sentimental verdi for mange. Eit ikkje usannsynleg utfall av arbeidet i utvalet er at det rår til at Dagbladet vert ein del av pressestønadsordninga, og at den samla potten dimed bør opp. Føresetnaden for at ei avis skal få pressestønad, er rett nok at eigarane ikkje tek ut utbyte, men at Dagbladet i den noverande situasjonen på nytt skal byrja å gå med store overskot, er ikkje sannsynleg. I tillegg er det lett å manipulera ordninga. Vårt Land har i alle år fått pressestønad, men det har ikkje hindra Simonnes i å kjøpa og ekspandera. Eg har inga tru på at det er råd å auka pressestønaden i dei komande åra. Regjeringa seier ho skal attende til handlingsregelen, og i tillegg har eldrebylgja byrja. Departement som ikkje er ein del av velferdsstaten eller distriktspolitikken, er i åra som kjem, dømde til å verta taparar. Om utvalet verkeleg gjer framlegg om at Dagbladet skal med i ordninga, hamnar kulturministeren såleis i eit skorfeste. Ho må då anten seia nei til Dagbladet og med det gå mot eit utval Ap sjølv har handplukka, noko som vil vera eit politisk prestisjetap, eller ho må seia at Dagbladet – og kanskje nokre andre publikasjonar – òg skal med, men innanfor dei noverande råmene. Hender det siste, misser Vårt Land mykje av det årlege budsjettet og kjem i tillegg til å ha tapt svært mykje av den oppsparde kapitalen som avisa kunne ha trunge for å halda oppe kvaliteten på Vårt Land. Kanskje ikkje så viktig Problemet med pressestønaden er at han i altfor liten grad har ført til eit auka mediemangfald her til lands; det problemet vert neppe mindre om Dagbladet kjem om bord. I alle høve, det var neppe eit klokt lobbygrep av Arbeiderbladet å endra namn til Dagsavisen. Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.
|
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|