|
|
Ein slikk og ingenting Selma Lønning Aarø, 29.01.10 Vil du gjerne reisa på ferie med alle seks banda av Min kamp på innerlomma? Til sommaren er det mogeleg. E-bøker tek ikkje plass i hyllene, og dei kostar mindre. Prisen på dei norske e-bøkene veit vi enno ikkje alt om, men verdslitteraturen er tilgjengeleg for ein slikk og ingenting. Rett nok i engelsk språkdrakt, men slikt bryr ikkje ungdomen seg om. No kjem det mange av oss forfattarar fryktar: E-boka. Lesebrettet. Kven vil vel ha eit lesebrett, har eg tenkt. Det høyrest ut som eit slags hjelpemiddel for folk med tung dysleksi. Noko ein kan skaffa seg ved hjelp av ein eigendel hos hjelpemiddelsentralen. Men kan henda tek eg feil? Kan henda er det akkurat lesebrett folk vil ha? Og kva skjer så med den norske samtidslitteraturen? Dei fleste forfattarar er engstelege og paranoide pessimistar. Dei har angst. Angst for at den engelskspråklege marknaden skal sluka dei, angst for at forlaga skal gi vekk litteraturen deira for ein slikk og ingenting. Eg kan roa dei forfattarane som tenkjer slik med at det ikkje er like enkelt som ein skulle tru å selja ny, norsk skjønnlitteratur for ein slikk og ingenting. Sist eg flytta, freista eg å selja to kassar bøker, med nettopp nyare norsk skjønnlitteratur, for ein svært rimeleg penge. Ingen antikvariat ville ha dei, eg ringde til så mange som sytten stykke, ingen på finn.no var interessert heller. Då datoen for utflyttinga nærma seg, gjekk eg til det skrittet å prøva å gi bort bøkene. Dei gongene i livet eg har prøvd å gi bort noko på finn.no, har det gått raskt. Eit bord frå IKEA: 47 tapte tilrop på mobilen. Ein øydelagd tripp-trapp-stol: endå fleire. Men her: Nyare, norsk skjønnlitteratur vert gitt bort. Ingenting. Først ute var ein afghansk asylsøkjar. Han ville komma i betre form, og han hadde to døtrer som skulle læra seg språket. Endeleg, tenkte eg, men då mannen kikka ned i kassa og fekk auga på eit nake bryst som prega omslaget til Den store ammeboka (som ved eit uhell hadde hamna i kassen med nyare norsk skjønnlitteratur), avgjorde han raskt at dette ikkje var noko for døtrene hans. Han tok med seg trimsykkelen og fór. Bøkene med nyare norsk skjønnlitteratur vart med på flyttelasset mitt. OK, så er det kan henda ikkje så lett å selja ny, norsk skjønnlitteratur for ein slikk og ingenting. Men folk kan jo stela bøkene. Piratkopiera dei og leggja dei ut på nettet utan at nokon bryr seg. Vel, dei har eit råd for slikt òg. Det heiter DRM. Men heldigvis, framleis er det nokre som snakkar om at dei likar å halda boka fysisk i hendene, at dei likar lukta av papir frå Aust-Europa. Kan henda er det slik min ektemann òg seier: Det er ikkje pengar i e-bok. Så spørst det berre om han vil framstå like dum som han som meinte at internett var ei døgnfluge. Selma Lønning Aarø er forfattar.
|
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|