|
|
Atterklang i akademia Av Klaus Johan Myrvoll, 22.01.10 Ein ny antologi vitnar om at Welhaven framleis kan mobilisera brei interesse mellom norske forskarar. ANTOLOGI Liv Bliksrud (red.): Gjenlyd af min Sang. En antologi om Johan Sebastian Welhaven Unipub 2009 Eit lite påansa forfattarjubileum dei seinaste åra var 200-årsjubileet for Johan Sebastian Welhavens fødsel. Welhaven (1807–1873) har hamna i skuggen av sin samtidige diktarkollega og motdebattant Henrik Wergeland (1808–1845), som vart feira storleg i 2008. Om den eine er so mykje meir lesen enn den andre, er likevel tvilsamt; dei er helst like lite lesne. Som den danske litteraturforskaren Hans Hauge skriv i denne antologien: «Welhaven, Wergeland, Aasen, Vinje, Christopher Bruun, Bjørnson hører til kanon, men er ikke nogen nutidig kulturel kapital, derfor er de nu kanoniske, hvor de før var klassikere.» Eit noko anna syn på kva kanon er, målber det prosjektet som litteraturprofessor Erik Bjerck Hagen har leitt, og som førebels har resultert i to antologiar med Den norske litterære kanon for periodane 1900–1960 og no seinast (i fjor) 1700–1900. Her er det lagt vekt på at dei kanoniserte verka skal appellera til lesarar i dag. Bøkene skal «bevege, begeistre og inspirere», som det heiter i eit av føreorda. Her ligg det ein latent konflikt mellom det som må reknast for viktige verk og forfattarskapar ut frå norsk litteratur og historie, og det som er tilgjengeleg og tiltalande for publikum i dag. Sameleis er det heller ikkje gjeve at dei verka som har sett flest spor etter seg kulturelt og sosialt, er dei som held den høgste estetiske kvaliteten. Ute av kanon? Gjeve den usikre kanoniske statusen er det fortenestefullt at so mange akademikarar under leiing og redaksjon av Liv Bliksrud har kome saman om å kasta nytt ljos over Welhaven, fyrst på ein tverrfagleg konferanse på Litteraturhuset i jubileumsåret og no i denne antologien. Her er flest litteraturvitarar, men òg historikarar og filosofar og endåtil ein teolog og ein musikkprofessor; i alt rømer boka einogtjuge artiklar over 377 sider. Den som mest eksplisitt uttalar seg om dei kanoniske kvalitetane åt Welhaven, er Jørgen Magnus Sejersted, som påviser eit ikkje lite innslag av ironi i dikta hans. Dette har vorte oversett av di ein har halde seg med eit for trongt romantikkomgrep med vekt på einskapleg filosofisk-estetisk sannkjenning. Sejersted problematiserer dette synet og hevdar at det tvert om finst døme på indre brot og spenningar hjå Welhaven. Til dette biletet høyrer òg ein sterk og varig påverknad frå Lord Byron som har vorte nedtona. Sejersted peikar på ein gjennomgåande tendens til å lesa Welhaven som ein sentimentalromantisk idealist. Det kjem av at han må spela rolla som Wergelands antagonist; «han er fanget i en figur der klarhet og fornuft står mot kaos og følelse». Såleis vert fråstanden mellom dei to diktarane større enn han er, hevdar Sejersted, og – om eg tolkar honom rett – Welhaven vert mindre kompleks og med di mindre interessant. Det fær fylgjer for spørsmålet om kanonisk status. Sejersted konkluderer med at «Welhaven står støtt i kanon uten å måtte bekle rollen som Wergelands klassisistiske eller sentimentalromantiske motstykke». Litteraturkritikk Den Welhaven i fyrste rekkje gjekk til åtak på, var som kjent Wergeland, som motsett Welhaven var bråmogen og gav ut den fyrste diktsamlinga si alt i 1829. I analysen av Welhavens kampskrift Henrik Wergelands Digtekunst og Polemik ved Aktstykker oplyste (1832) kjem Sissel Furuseth fram til eit noko paradoksalt resultat: Gjennom den grundige provførsla og dei dekonstruerande analysane sine la Welhaven grunnlaget for heilt andre konklusjonar enn dei han sjølv drog; han kom til «å åpenbare viktige tolkningsnøkler til Wergelands forfatterskap og dermed ufrivillig framheve kvalitetene hos motstanderen like mye som lytene». Bjørnson Det interessante her, og som Åslund peikar på, er at Bjørnson berre ei dryg veke seinare skulle debutera med si eiga bondeforteljing, «Aanun». Overskrifta på meldinga av Welhaven var «Enhver paa sin Plads». Åslund spekulerer i om Bjørnson kan ha rett denne tittelen òg mot seg sjølv. Bjørnson var på denne tida usikker på om han dugde til diktar, og dikotomien han set opp mellom kritikk og dikting, kan like gjerne vera mynta på han sjølv, men då som ei oppmoding om å gjera spranget – frå kritikar til diktar. Det er ein interessant hypotese, som peikar mot kor fruktsame slike litteraturkritiske fadermord kan vera. Skiftande Holberg-bilete Meldahl syner med tilvising til eldre Holberg-biografar – ein av dei skal jamvel ha kjent Holberg personleg – at dette slett ikkje er noko sjølvsagt bilete. Her møter me ein kompleks og til dels svært vanskeleg person som skal ha vore både gjerug og fåfengeleg. Når Welhaven vel å setja desse opplysningane til sides og held fram jovialiteten, er han etter Meldahl inspirert av to personar: for det fyrste av den danske slektningen og litteraturhistorikaren J. L. Heiberg, som såg i nordmennene ei motvekt til fortysking av den dansk-norske felleslitteraturen, med Holberg som heilt sentral eksponent for anglo-fransk vidd, og for det andre av den franske diktaren og litteraturhistorikaren C. A. Sainte-Beuve, som hevda at alle diktarar hadde éin dominerande åndseigenskap, som hjå Holberg då laut verta jovialiteten. Det er slåande koss eit slikt grep som det Welhaven gjer med Holberg, som etter Meldahl har sine heilt serskilde teoretiske føresetnader, har kunna prega litteraturforskinga heilt fram til i dag. Det er all grunn til å slutta seg til Meldahls oppmoding om å lesa dei tidlege forskarane (i dette tilfellet Holberg-biografane) som Welhaven valde å sjå bort frå. Solid Klaus Johan Myrvoll er norrønfilolog og korrekturlesar i Dag og Tid.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|