Førstesida
  Nr. 35   Fredag 3. september 2010                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Meldingar om abonnement
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
Vinjeprisen
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Forførande viddesyn
Margunn Vikingstad,  15.01.10

ROMAN
Eirik Ingebrigtsen:
Viddesyn
Oktober

Ei bok å merkje seg frå året som gjekk, er Eirik Ingebrigtsens roman Viddesyn. Hovudpersonen heiter Sara Klingmot, er biletkunstnar og skal gå seg frisk på vidda. Ho har ei synsforstyrring som ho sjølv omtalar som høgdegliding; folk ho møter, blir høgare enn dei eigentleg er. Dermed blir det til dømes ikkje like greitt å sjå folk i andletet eller i augo, der andlet og augo faktisk er. Det får òg sine konsekvensar for henne som utøvande kunstnar. Om høgdeglidinga slår inn, siktar Sara for høgt, dreg penselen med seg og pressar lerretstaket. Brått strekkjer motiva hennar hals. Eller dei svever i lause lufta.

Mobb til fjells
Ingebrigtsen er ein forfattar som har vist fram ei tydeleg og god forteljarrøyst frå debuten i 2001, og Viddesyn gjer ikkje skam på forfattarskapen. Ingebrigtsen skriv historier som er annleis på ein liketil måte. Han ser ut til å finne personar å portrettere som er litt skakke, men berre nett så skakke at eg ikkje kjenner meg heilt framand overfor miljø, personlegdom og prosjekt. Som til dømes skodespelarinna Elena Vendrakovic i Ingebrigtsens tredje roman Vendrakovic frå 2006. 69 år gamal blir ho sparka frå det slovakiske nasjonalteatret og finn ut at ho skal aksjonere, ikkje ute i gatene, men på scenen.

Menneska Ingebrigtsen skriv om, er mest truleg utanfor hans personlege røynsler på viktige om­­råde. Han skal visst ha ei viss røynsle med Hardangervidda, har eg lese i eit intervju, men eg tenkjer at både Sara Klingmot og Elena Vendrakovic står trygt som sjølvstendige damer. Ingenting er påklistra eller klossete, og språket er både sanseleg og tørt morosamt.

Sara Klingmot vandrar i veg. For skal ein tru augnespesialisten og poeten dr. J. Mallang, er det nett det flate viddelandskapet Saras synsnerve treng. Det monotone skal vere med på å innhente balansen. Men ubalansen ligg ikkje berre i synsnerven. Dottera Mona er òg med til fjells. Ho er nett utvist frå ungdomsskulen på grunn ev ei mobbesak. At Mona er med, skal ikkje forstyrre Saras høgdeglidingsavvikling. Det prøver Sara å syte for som best ho kan. Ho lèt heller ikkje noko kome i vegen for hennar prosjekt nummer to på vidda, å vinne att den kreative gleda. Systera Gunn er stasjonert i Odda i samband med eit kommunalt tiltak, «kunst og idrett», for å få opp den kulturelle farten i dei daude fabrikklokala. Gunn er òg eit forstyrrande element. Ho skal møte dei på Litlos, og Sara er ikkje sikker på om det er av det gode eller det vonde. I skildringa av mor–dotter–syster/tante, og i skildringa av Saras møte med andre viddefolk, viser Ingebrigtsen seg som ein klok og overtydande observatør og tolkar av menneske i dreiing rundt sitt eige.

Konglesyn
Sara vandrar frå Tverrhogget, til Rauhellern, Sandhaug, Litlos, Hadlaskard, Berakupen og Vøringsfossen. Ingebrigtsen strekkjer seg frå prosa til poesi. Viddesyn er eit konglomerat som viser Ingebrigtsens styrke som stilist. På kolofonsida står det «roman (med novelle & lyrikk)». Først kjem historia om Klingmot, så ei novelle av Erik Engebretsen (altså ikkje Eirik Ingebrigtsen – skal ein tru forfattaren), deretter eit prosaparti og så poesi, «Utsnitt av foss overraska av kulde», av J. Mallang, Sara Klingmots dokter.

Eirik Ingebrigtsen skriv som om han skulle vite mykje om syn og synslidingar og klarer å tematisere syn og sansing på enkelt, finurleg og kunnskapsrikt vis. Novella «Kongleprøven», der Ola frå «Norsk institutt for skog og landskap» observerer eit sjukt grantre og endar opp med å bli den første sidan 60-åra som opplever eit konglesyn. Ho er med på å byggje opp rundt den særeigne stemninga og vandringa. Sara blir svært begeistra då ho kjem over novella i viddebiblioteket på DNT-hytta på Sandhaug: «Eit konglesyn. Sara kjende noko brusa fram. Helsike, eit syn. Ute i naturen. Ei novelle, det var vel berre påhitt alt saman, men visste forfattaren, Erik Engebretsen, noko om syn? Sara klappa litt på boka, ein skatt dette.»
Viddesyn er til å bli begeistra av. Historia er original og gir meg uvande biverknader. Eg blir forførd av språket og blikket, og eg får umåteleg lyst til å kome meg til fjells.

Margunn Vikingstad er litteraturvitar og fast bokmeldar for Dag og Tid.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake