|
|
Det eigentlege språket Odd W. Surén, 07.01.10 NOVELLER SIGRID MERETHE HANSSEN: Ingen heime DET NORSKE SAMLAGET 2009 Når hjernen snakkar med seg sjølv, nyttar han sjeldan omgrepet poststrukturalisme. Hjernespråket er eit småspråk som ikkje skal overtala eller imponera, det durar og går med små ord om eitkvart eigaren av hjernen er oppteken av, anten han eller ho vil eller ikkje. Somme skribentar er flinke til å nytta slikt språk litterært, og Jon Fosse har, meir enn nokon annan på norsk, synt at nettopp det minste og inste språket har den største kunstnarlege krafta når det gjeld å skildra det eksistensielle rommet den einskilde ovrar seg i. Såleis vert skjønnlitteraturen naudsynt som erkjenningsform. Mange er påverka av fossekallen Fosse, og det trur eg også den fine novellisten Sigrid Merethe Hanssen er. Men ho har fleire strenger på lyra si, og alle er ikkje stemde i fossedur. I den vesle samlinga Ingen heime vekslar ho mellom ulike tonefall og synsvinklar, alt etter kva som høver teksten best, og såleis har ho fått til ei bok som syner eit stort litterært repertoar. Å VILJA NOKO Ein annan stad, og i den mest Fosse-aktige teksten, som boka hentar tittelen sin frå, «Her er ingen heime», er me inne i hovudet på ein mann som ein gong har gjort eit grovt brotsverk og som tenkjer seg attende til åstaden, etter tjue år, truleg i fengsel. Alt skjer no i fantasien hans, men den er så gjennomarbeidd som berre ein retteleg gamal fantasi kan vera, slik at teksten framstår som autentisk. KVINNER I TREDJE PERSON Som i dei andre tekstane i første person i denne samlinga er «eg» her ein mann, medan dei kvinnelege hovudpersonane alltid er i tredje person. Ein gong i ei fjern framtid, når einkvan skal ta doktorgraden på Sigrid Merethe Hanssen, kjem dei sikkert til å hengja seg opp i dette, dei dåsemiklane. Ja, dei om det! Eg for min del vil seia at dette er ei svært vellukka bok, med grundig gjennomarbeidde tekstar som er skrivne med truverde og innleving og med konsekvent og musikalsk språk. Ja, når ein les desse novellene, får ein lyst til å skriva sjølv, ikkje minst av di ein tykkjer personane i boka vedkjem ein, kanskje særleg den gamle mannen med bilen, eg er viss på at eg har møtt han, og at han var ein grinebitar av rang! Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar for Dag og Tid.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|