|
|
Svindlarar på kvotemarknaden Av Astrid S. Dypvik , 18.12.09 Svindel per tastetrykk blir det kalla. Det er ingen maskerte ranarar med våpen i hand. Pengesummane er høgare, svindelen meir sober. Det handlar om firma som dukkar opp og forsvinn att, om kjøp, sal og vidaresal. Vara dei handlar med, er luft, eller meir presist: retten til å ureine lufta vår med CO2. Klimakvotane blir selde frå land til land, og innanfor land. Svindelen er avslørd i Storbritannia, Spania, Danmark og Nederland. Kjøparen kjøper kvotar momsfritt og sel dei vidare med moms. Så forsvinn han, med momsen i lomma. Så kjøper han kanskje ein ny kvote, under eit nytt namn, og startar karusellen på nytt att. Slik har milliardar landa i hendene på kriminelle, og europeiske statar taper pengar. Momssvindel er ein klassisk aktivitet for kvitsnippforbrytarar. Denne gongen har han slått djupt inn i handelen med klimakvotar. Svindelen sår tvil om heile systemet. – Denne kriminelle aktiviteten skader truverdet til EUs kvotemarknad og fører til stort skattetap for styresmaktene, sa Rob Wainwright, direktør i Europol då politibyrået sende ut si pressemelding om saka. EUs kvotemarknad (EU ETS) er den største marknaden for klimakvotar i verda. Kvotepromotørane Låst fast i kvotar Hertwich er skeptisk til den sterke og einsidige norske satsinga på klimakvotar. I ein kronikk i Klassekampen denne veka mana han til protest mot ein ny NOU om norsk klimapolitikk, som no er ute på høyring. Utgreiinga har namnet «Globale miljøutfordringer – norsk politikk» og rår til ei storstilt tilbakerulling av offentleg klimatiltak og ei einsidig satsing på klimakvotar. Ein av medlemene i utvalet er Michael Hoel, professor i miljøøkonomi ved Universitetet i Oslo. Han var blant dei som protesterte høglydt mot satsinga til regjeringa på vindkraft gjennom ordninga med grøne sertifikat. Systemet for kvotehandel er uttenkt av sosialøkonomar, som Hoel. Kostnadseffektivitet er eit av dei fremste slagorda for politikken. Målet er at utsleppa skal kuttast der det er billegast å kutte. For Noregs del har svaret vore å kjøpe kvotar utanlands, samstundes som utsleppa her heime aukar. Kritikaren – Svindelen som er oppdaga med klimakvotar, står i fare for å diskreditere heile politikken, seier Hertwich. Fleire rapportar om den typen kvotar som blir kalla CDM-kvotar, har avslørt bløff i bransjen, knytt til at kvotane som blir selde, ikkje gir faktiske reduksjonar i utslepp av klimagassar. Ròtne eple – Økonomane må byrje å sjå på korleis den verkelege marknaden fungerer, ikkje berre korleis dei økonomiske modellane verkar når dei er på kontora sine, seier Hertwich. Førebels resultat for EUs kvotemarknad er ikkje overtydande. Dei femten vesteuropeiske EU-landa skulle, ifølgje Kyoto-protokollen, kutte CO2-utsleppa sine med 8 prosent fram til 2012. Det som har skjedd, er det motsette. Klimagassutsleppa har tvert om auka i same takt i EU og i USA fram til 2008, syner ein ny rapport frå britiske Friends of the Earth, søsterorganisasjonen til norske Naturvernforbundet. Dette har skjedd sjølv om EU-landa er underlagde eit internasjonalt kvotehandelsregime og USA ikkje er det. Hindrar utvikling Kva med Noreg? – Vi arbeider ikkje med slike saker no, seier Petter Noreng, førstestatsadvokat i Økokrim. Han påpeikar at metoden til svindlarane er den same som i andre momssvindelsaker. Økokrim arbeidde nyleg med ei sak med momssvindel på mobiltelefonar. No har svindlarane funne det som kan vere den nær perfekte vara: luft. – Ein brukte mykje tid på å kontrollere skipslaster og å merkje mobilar for å finne ut om dei same telefonane dukka opp fleire stader. Kvotehandelen er jo abstrakt, han er ikkje tilknytt noka vare. Transaksjonen der er jo meir ei slags symbolsk handling, seier Noreng.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|