|
|
Visdomens hage Av Walid al-Kubaisi, 11.12.09 LYRIKK Kaj Skagen: Sarosperiodene Bokvennen Selv legendenes og romanenes skikkelser / Vil sitte ved bordene i Guds kafé. Dette er ein fantasi hjå ein poet som ser det levande i all eksistens. Eg kan leggja til at kvar bokstav i diktsamlinga hans rører seg, dansar, græt og skaper opprør. Ikkje alle kjenner Kaj Skagen, for han skriv ikkje bestseljarar. Men alle lesande nordmenn må kjenna til denne personlegdomen som har vore nærverande gjennom eit aktivt intellektuelt liv. Noen drar fra by til by, uten fred Diktsamlinga presenterer røynsla og klokskapen til forfattaren og formidlar kjernen av kunnskapen og livet hans i beste stil. Essensen i diktsamlinga er at livet har endra seg og har vorte meir trivielt enn han hadde drøymt om i sine tidlegare år. Det personlege særpreget er skråblikket som gjev innsikt i emna han skriv om i lyrikken. Til dømes skriv han om Kristi liding: Han fortel at lidinga her ikkje er tornane mot panna, ikkje den blødande ryggen, ikkje latteren til torturisten, heller ikkje naglane gjennom hender og føter, men det er «Guds forferdelige ensomhet blant menneskene». Dette er ein poet som ved seksti år fortel korleis alderen ertar seg på han: Han levde etter ideala han hadde med seg frå ungdomstida; økologi og antipati for det materialistiske livet: «Han sier ikke nei til en fin vin eller et korrekt bakt brød, men er ingen gourmet og foretrekker havregryn fremfor gåselever. Det er det samme med klærne, han går med dem til de rakner på kroppen. Hadde folk levd som han, ville verdensøkonomien gått i sjokk.» Men han endar med at han måtte fylla bilen med mat frå butikken. Ikkje for seg sjølv, men for sønene. Han var overtydd om at Rimi-maten forherda kroppen og gjorde det uråd for menneske å realisera seg sjølve. Han minnest at då han var på deira alder, levde han eit enkelt liv. Han held fram med å leva på same måte, men han kjenner at han er gått ut på dato. Livet han ynskte, var å vera sann og tru. No er det berre han og denne verda tilbake. Tapet av himmelen er uoppretteleg. Snart kan han telja åra som står att, på fingrane. Snart ber dei han til orgelmusikk. Kan det være at han enda en gang Samstundes som eg las dikta og fekk eit imponerande inntrykk, smilte eg mange gonger og hadde gråten i halsen. Og eg gjekk tilbake til nøklane til diktsamlinga: Sarosperiodene er den kaldeiske tidsrytmen på atten år, sju månader og ti dagar. Jorda dansar kvart førtiande år og teiknar ei dobbelkjegle. På den måten dukkar det åndelege i astronomien opp i diktsamlinga. Min barndom hadde lite begeistring Orda kjem lett for Skagen. Ein merkar at det er ein ekte poet som skriv. Det er en kjensgjerning at morgenen Selv om morgenen den 7. august 1945 Walid al-Kubaisi er forfattar og norsk statsstipendiat.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|