|
|
Ein frigjerande klassikar frisett på nytt Av Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, 11.12.09 FILOSOFI Augustin: Confessiones Omsett av Åsmund Farestveit og Hermund Slaattelid. Med innleiing, merknader og etterord av Hermund Slaattelid Det Norske Samlaget Endeleg: Noreg har fått den fyrste fullstendige omsetjinga av Augustins Confessiones. Det tok 66 år. Sokneprest Åsmund Farestveit sette om dei ni første bøkene som kom ut som siste band i Det Norske Samlagets serie Klassiske Bokverk i 1943, med innleiing av teologen Einar Molland. Utgåva vart «varsamt modernisert» for Orionserien i 1965 og er sidan trykt opp att slik. No er då teksten åt Farestveit «varsamt ført attende» til hans eiga målføring, av Hermund Slaattelid, som sjølv har sett om dei fire siste bøkene frå latin. Å ta vare på Farestveit og gje honom målføringa attende er godt gjort på fleire vis: Omsetjinga hans er klår og tydeleg og med ein rikdom i ordvalet som fylgjer av at skiljet mellom høgstil og lågstil ikkje er respektert, og vi møter heller ikkje det flate mellomstilkompromisset som er så vanleg i norsk fagprosa og omsett litteratur. Utfordringar Fornya blikk på heilskapen kom fyrst etter mangfaldige tiår med internasjonale diskusjonar om språkteori. Det språkfilosofiske perspektivet omdanna Augustin-forståinga, på fleire måtar, og gjorde dermed dei fire siste bøkene i Confessiones – desse vedkjenningane som i lange strekkjer helst ter seg som lovsongar over livet, opplevinga og forståinga – langt meir relevante enn før. Sidan 1970-åra er det såleis kome mykje ny forsking omkring mellomalderlege språkteoriar, der språkforståinga, historieteorien og tolkingsteoriane til Augustin sjølvsagt har vore sentrale emne. Innlevd I motsetnad til fleire omsetjingar til dei store språka, verkar ikkje Augustin pirkete pedantisk på nynorsk; å lese spørsmåla han stiller, og svara han lokkar fram, er som å ta del i ein venskapleg samtale. Augustin skriv nynorsk utan at eit einaste resonnement vert oppstyltra, med setningsbygnad og omgrepsbruk som kjennest så rett og flyt så fint, og ein gløymer at det er innfløkte filosofiske og teologiske spørsmål ein les om, for teksten talar så beint til lesaren som det er freistande å tru at Augustin sjølv må ha meint det, ein gong. For meg kjem Augustin heretter alltid til å tale med røysta til Slaattelid. Språkfilosofi For at mennesket skal kunne snu seg mot sitt eigenlege mål med livet, ja, vende om frå vankunne og mistydingar, må det møte openberringa gjennom Ordet. På dette grunnlaget utviklar Augustin ikkje berre ei lære om forkynninga eller det guddomlege ordet, men legg grunnlaget for ein ålmenn språkfilosofi, ei teiknlære og ei tolkingslære som har vore diskutert gjennom hundreåra fram til denne dag, der han ser all sannkjenning som knytt til språkbruken og språkleg basert forståing. Omveges kommenterer han tidlegare filosofi, og han utviklar eit særskilt syn på rolla til bibellesinga, som også ber med seg ein ålmenn leseteori. Det er greitt at å bruke klassikarane til prøvestein for danning ofte kan verke nedlatande og skadeleg; ein del av strategiar for å halde oppe skiljemerke mellom folk. I det siste har norske skulefolk så vel som forfattarar teke opp kravet frå 70-åra om å frigjere oss frå klassikarane. Dei gløymer då at klassiske tekstar, lesne om att og om att med jamt nye augo, gjev nye meiningar lesaren ofte ikkje ventar, og dermed kan frigjere oss frå bindingar vi ikkje var klare over at vi hadde. Midt i mediemaset kan vi difor oppdage (på nytt) andre tankemønster enn dei vi går omkring og trur er våre eigne. Litterære verk vi reknar som klassikarar, er mest alltid komne til i svært utfordrande tidsperiodar, når kulturen har gjennomgått endringar. Dei ber såleis vitnemål om særskilde sensibilitetar overfor tilhøvet mellom gamalt og nytt, mellom einskildmennesket og omgjevnadene. Avgjerande påverknad Både for truande teologar og skeptiske ateistar har Augustin gjennom hundreåra vore ei kjelde til refleksjon over koss vi i det heile er i stand til å vende om frå forvirring og sjølvforakt, underordning under tilfellelege krefter og misbruk av evner og talent, og vinne fram til oppleving av at vi kan ha ein eigenvilje som står i eit aktivt tilhøve til dei store samanhengane vi er del av, anten vi ser dei klårt eller ei. Her får vi då på nytt eit heilt friskt høve til å kunne fylgje Augustin steg for steg gjennom desse «stadene» (loci) han går for å observere til dels små, små detaljar, slik at det teiknar seg som eit kart av eit landskap der minnet, gløymsla og forventninga alle spelar sine roller. Gode hjelperåder Ei liste med leseråd er til god fyrstehjelp i så måte. Varleg tolkande mellomtitlar som Slaattelid har lagt til i teksten, fungerer som milde hint og råd om inndelingar av leseøktene og merke på kvar vi er i tankelandskapet. Forlaget har vore så forsynleg å tillate nokre sider med notar og eit godt register bak i boka. Alle hjelperådene lettar i monaleg grad orienteringsevna og gjer boka langt meir tilgjengeleg enn tidlegare, avstytte utgåver har vore. Bravo, Samlaget, og takk. Ingen sure miner vil de få for denne boka, som no vil stå seg minst like lenge som fyrsteutgåva og vil vere langt nyttigare på alle vis. Det står berre att å minne om den oppmodinga som førde til at Augustin omvende seg, og som han høyrde eit barn i kåt leik rope syngjande utanfor vindauget sitt: «Tolle et lege, tolle et lege» – «Tak og les, tak og les!» Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast bokmeldar for Dag og Tid.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|