|
|
Djevelen i detaljane Av Astrid S. Dypvik , 04.12.09 SKI: I ein rettssal i Follo sit ein kvithåra mann på tiltalebenken. Bakarst i lokalet er det to benkerader i tre. Alle stolane har pålimt små papirlappar. På den eine står det «Reservert kommentator Aftenposten», ein annan er reservert for VGs kommentator, ein tredje for «journalist NRK radio». Det blir notert. I salen ved sida av er det direkteoverføring frå rettssalen. Der sit det fleire og noterer. – Eg hugsar at eg tok kontakt med ein gut og spurde han om hjelp til å hente opp ein lapp frå lomma, seier den tiltala. I dag forklarer den tiltala seg om ein haustdag i 2003 då han fem gonger i løpet av same dag tok kontakt med smågutar. For dette innrømmer han delvis straffeskuld. Dette er første gong han innrømmer skuld. Journalistane tastar. Atle Dyregrov, som er psykolog og leiar for Senter for krisepsykologi, meiner at rapporteringa til pressa bryt med FNs barnekonvensjon. Kvifor skal vi snart komme tilbake til. Jaga vilt For nokre veker sidan skreiv ein pårørande til eit av offera ein kronikk i Aftenposten. Han fortalde om ein gut som har blitt stille og inneslutta og som har blitt erta fordi han var blitt utsett for overgrep. Då han vitna, gav pressa att vitnemålet hans på ein så detaljert måte at oppslaga kunne koplast til han. No angra guten på at han melde frå om overgrepet. – Det er feil, innser eg, men gjort er gjort, seier mannen i vitneboksen. Han blir spurd om kva klede han hadde på seg, kvar han parkerte. Han fortel om lyst og om spenninga ved å komme seg unna utan å bli teken. I naborommet blir det tasta mot tastatur. Underhaldning Benattou strekar under at ho i prinsippet ser positivt på at pressa omtalar slike saker. Senteret har slagordet «incest skal tales i hjel, ikke ties i hjel». Bryt med barnekonvensjonen? – Eg veit ikkje om det trengst nye, men det trengst kanskje meir presise retningsliner for pressa, særleg med omsyn til kva detaljar som skal med, seier han. I 2007 fekk pressas eigen kodeks, Ver Varsam-plakaten, ei presisering som slår fast at «Når barn omtales, er det god presseskikk å ta hensyn til hvilke konsekvenser medieomtalen kan få for barnet.» 29. oktober i år slo Follo tingrett fast at det var forbode å rapportere om namn, fødselsdato og å ta med detaljar som kunne føre til at den fornærma vart identifisert. Dyregrov påpeikar at pressa held fram med å gjere overtramp, trass i eit omfattande regelverk. – Det tyder på at dei sanksjonane som finst, ikkje har nok kraft i seg til å vege opp for iveren etter å selje aviser eller å bli sedd i ei mangfaldig medieverd, seier Dyregrov. – Korleis meiner du at rapporteringa kan bryte med FNs barnekonvensjon? I pressas natur – Problemet er at god journalistikk ikkje er det same som etisk journalistikk. Glimrande journalistikk kan vere uetisk. Det gjer problemet større. Det handlar om dei gode historiene, det er historier med detaljar. Denne typen historier er fascinerande; om ein skildrar dei for godt, kan ein kome til å trø over grensene for det som er etisk akseptabelt. Tørsten etter informasjon som ein strengt teke ikkje har bruk for, har alltid vore ei drivkraft for aviskjøparar. – Avisene har alltid spekulert i dramatiske soger om det forbodne, det kriminelle, alt som ikkje er daglegdags. Det er ein av grunnane til at folk les aviser. Journalistikken lever i denne spenninga, seier Bjerke. Interesserte tilhøyrarar Det verserer førestellingar om at journalistar generelt og krimjournalistar spesielt er utan skruplar. Men dei aller fleste har fått ei grundig innføring i både skruplar og presseetikk. Audgunn Oltedal har undervist mange av dei som førstelektor ved journalistutdanninga ved Høgskolen i Oslo. – Journalisten har eit sjølvstendig ansvar for at dei ikkje blir identifiserte. Det er skrive mykje av det i etikkbøkene vi brukar, seier Oltedal. – Identifisering handlar om langt meir enn namn og bilete; ein identifiserer også gjennom å ta med detaljar. Så ein kan ikkje skjule seg bak at ein ikkje har oppgitt namn, seier Oltedal. Kva med vitna? – Ein kan lure på kva konsekvensar det får for folks lyst til å melde slike saker. Det er truleg nokre som blir redde når dei ser korleis det kan gå. Mange er i utgangspunktet redde for å møte i retten. Det er viktig at pressa forvaltar samfunnsoppdraget sitt på ein måte som gjer at folk ikkje blir redde for å melde overgrep, seier Hallgren.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|