Nøklane til hjarta
Av Walid al-Kubaisi , 19.11.09
ROMAN Bahaa Taher: Kjærlighet i eksil Omsett frå arabisk av Gunvor Mejdell L.S.P. forlagDenne romanen er kalla ein fullkomen roman av kritikarar og har teke imot fleire prisar etter ho kom ut i 1995. Boka handlar om den arabiske verda etter kolonitida. Skilnaden frå mange andre bøker om same tema er at ho er sjølvkritisk og ikkje prøver å fråskriva arabarane ansvaret for alt elende og alle nederlag. Så å seia alle legg skulda på kolonialismen, Vesten, Israel og minoritetar i den arabiske verda som kurdarane. Dei er blinde for at det arabiske samfunnet sjølv har skulda i mange av problema arabarane slit med. Nasser Hendingane i boka finn stad i byrjinga av 1980-åra, før og etter at Israel okkuperte Libanon og etter at Anwar Sadat tok over makta i Egypt etter Gamal Abdel Nasser. Hovudpersonen, ein femti år gamal egyptisk journalist, skil seg frå kona, reiser til Sveits og arbeider som aviskorrespondent. På ein konferanse i Wien om menneskerettar møter han att Ibrahim, ein gamal kollega av hovudpersonen, som kjem frå Beirut til Wien for å avsløra massakrane som har gått føre seg i den palestinske leiren i Libanon, Ain Al-Helwa. Mislukka nasjonalisme Hovudpersonen og Ibrahim krangla ofte då dei var i Egypt. Dei oppdagar at det var ideologiane som fekk dei til å strida: Ibrahim var marxist, hovudpersonen var tilhengjar av nasserisme, ein type nasjonalisme og pan-arabisme. Begge er vitne til at nasserismen fell: Den arabiske nasjonalismen mislukkast, og israelsk okkupasjon vert ein realitet. Ibrahim var son av ein føydalherre som åtte jord og eigedom. Faren meinte at bøkene han las, var årsaka til tragedien hans. Far hans hadde eit stort bibliotek heime, men bøkene var berre til pynt. Ibrahim las dei og vart opplyst og tenkte på dei fattige som arbeidde for faren og for dei rike rundt i landet – og vart marxist. Ideologisk illusjon Alle er innestengde i sin eigen ideologiske illusjon: Ibrahim i eksilet har ikkje endra seg. Hovudpersonen har ikkje endra seg. Ibrahim erta hovudpersonen, som trudde på at alle arabarar utgjer éin nasjon som må sameinast i eit arabisk imperium. «Hvor er det arabiske folk? Hvor er drømmen om dette forente folket?» Til gjengjeld ertar hovudpersonen trua Ibrahim har på marxisme: «Og, du, hvor er drømmen om arbeiderne som forenet seg rundt i verden?» Begge draumane vart omskapte til mareritt. Begge ideologiane fall. Var kampen mellom folk som trudde på begge draumar, fånyttes? Draum og fatwa Hovudpersonen hentar fram minna sine om kona si, skilsmålet og saknet av dei to borna sine. Sonen hans, Khalid, var ein vanleg ung mann som elska idrett og litteratur, men heile atmosfæren forvandla han til ein religiøs person. Han avlyser reisa si for å delta på ei sjakktevling, fordi han las ein fatwa om at sjakk er haram, altså ikkje tillate i islam. Generasjonsskiftet som enda med islamisme og ei religiøs bølgje som fortærer heile den arabiske verda, er produkt av mislukka moderne ideologiar. Arabarane dreg tilbake til fortida for å henta islam som ideologi, der dei hadde ei stordomstid og sivilisasjon. Dei lever i sin eigen draum henta frå den fjerne fortida. Eksilet Forfattaren kommenterte ein gong då han vart møtt med kritikk, at alle personar i romanane hans er fornedra karakterar som døyr til slutt utan å finna løysinga. Han svara at «trass i at dei døyr, ynskjer eg å få lesaren til å skjøna grunnen som fekk dei til å døy.» At det er ideologiar, kultur, tenkjemåte som driv desse personane til å velja døden. Romanen opnar frustrasjonane i heile den arabiske sjela, og leier lesaren til å skjøna bakgrunnen for dei daglege hendingane og korleis eksilet kjennest for folk som er engasjerte i den politiske kvardagen i heimlanda sine. Romanen freistar å leggja fram eit syn basert på røynsle og frå ein arabisk ståstad: at resultatet av historia i det 20. hundreåret er fortviling og frustrasjon. God omsetjing Gunvor Mejdell er ein av dei fremste ekspertane i landet på arabisk kultur. Ho har sett om romanen med eit godt språk, og ekspertisen hennar skin gjennom når ein les romanen. Mejdell har overført atmosfæren i romanen så presist at han er vorten forståeleg som om ein les han på originalspråket. Med denne romanen kan ein seia at det norske biblioteket har vorte auka med endå ein representant for dei beste arabiske romanforfattarane. Romanen er spennande og gjev verdfull innsikt i arabisk politikk og den arabiske sjela. Det vil aldri verta betre i Midtausten om ikkje arabarane sjølve skjønar at dei må ta tak i problema. Walid- al Kubaisi er forfattar, statsstipendiat og fast skribent i Dag og Tid.
« Tilbake
|