|
|
Tragikomiske møte mellom ideal og røynd Av Odd W. Surén , 12.11.09 FORTELJINGAR Kjersti Rorgemoen: Purkene snudde seg. Notat Kolon forlag Ein er ikkje gamal i garden før ein tenkjer at verda ikkje er som ho bør vera, og at alt kunne ha vore betre. Ein ser gjerne for seg nokre framlegg til betring, men så er det diverre slik at andre folk har andre mål og tenkjer ut høvelege rådgjerder som står i strid med dine. Såleis kan det tenkjast at den ikkje særleg ideelle verda til kvar tid er summen av alle ynske om forbetring. I den fine debutboka til Kjersti Rorgemoen, med den smålåtne sjangernemninga notat, møter me ei 42 år gamal kvinne som heiter Magna Bekk og som stundom prøver ut ein og annan ideell tanke, til dømes når ho melder seg på eit dansekurs. Her, som ofte elles, endar freistnaden på å gjera livet betre med ein heller ærelaus sorti. Men Magna Bekk har det som i eit dikt av Vinje, ho talar «med skjemt om sine sår». Eller, om det ikkje nett er med skjemt, så vert det i alle høve morosamt for lesaren. Og det som er pinleg for Magna Bekk, er heile tida noko ho har fått litt distanse til, slik ho i grunnen har det til det meste. Verda ho lever i, er både den røynlege og ei slags reserveverd, der relasjonar kan innleiast og avsluttast utan særlege konsekvensar, som når Magna gifter seg, etter like mykje gruvling som når ein grundar på kva ein skal ha til middag. Skilsmålet skjer også etter innfallsmetoden, og ein får ei kjensle av at ho lever eit prøveliv. Namna folk har, som Bill Vinter, Morgan Berg og Bruno Moss, styrkjer kjensla av å vera i eit anna univers, sjølv om det i mangt liknar på vårt eige og hentar assosiasjonar og impulsar frå den røynda forfattaren og lesaren har sams. Pianospel Det er denne kløfta mellom vilje og evne, rommet der skamma ovrar seg og veks, som er «åstaden» i Purkene snudde seg. Magna Bekk lever mellom tragedie og komedie og kjem seg nok aldri bort derifrå, sidan både det tragiske og det komiske kjem frå henne. Truleg er dette noko som ikkje opprører henne, for sjølv om ho nok tykkjer mykje er pinleg, er det som om det ikkje kan skada henne på ordentleg. Ho er på underleg vis trygg, ho kjem ironikarane i forkjøpet med sjølvironien sin, men nokre få gonger er det truleg like før forsvarsverket bryt saman. Men då er ho snar med å skifta fokus, som når ho har ringt ein tidlegare førelesar utan å ha noko å snakka med han om og heller tvert vert beden om å ringja nokon andre i staden. Etter at han har lagt på, vert ho sitjande med det tutande telefonrøyret i handa. Ho seier at «det berre tuta bust og bøst, som om det var fullstendig uuthaldeleg for telefonen at røyret ikkje låg på når samtalen fyrst var broten». Kjærleik til dyr No og då stivnar teksten litt, særleg i somme replikkvekslingar, og nokre scener er temmeleg stiliserte, men det er ikkje så viktig; på sett og vis høver det med personlegdomen til Magna Bekk og ikkje minst med den varsame sjangernemninga, der forfattaren er litt «safe». Men hovudinntrykket av boka er at dette var fin og original, intelligent humor, og den einaste store feilen med boka er at ho er for kort. Me lyt få meir! Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar for Dag og Tid.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|