|
|
Hoems Bjørnson Av Geir Mork, 12.11.09 BIOGRAFI Edvard Hoem: Villskapens år. Bjørnstjerne Bjørnson 1832–1875 Forlaget Oktober Sist fredag leverte Edvard Hoem ei storarta framsyning på Nationaltheatret då han lanserte første bandet av Bjørnson-biografien sin. Utan manus, med nervøs og oratorisk kraft, i det ytre lik ein reinkarnert Bjørnson, gav Hoem ein demonstrasjon på nokre av dei mest fornemme sidene ved arbeidet sitt. Tittelen er genial – Villskapens år. Men opninga slurar. Det blir for mykje punkt og for lite line på dei første par hundre sidene. Før biografen fester grepet både på Bjørnson og lesaren. Og framstillinga lettar og gjer at dette har blitt ei lovande opning på det som kan bli eit sentralt arbeid i norsk biografilitteratur. Nølinga i starten er unødvendig og underleg etter at Hoem tar det resolutte grepet med å kutte ut barndommen og lar opninga vere knytt til revolusjonsåret 1848. Trass i dette blir opningskapitla punktvise og heller konvensjonelle om kjent stoff frå biografilitteraturen. Men la gå. For framstillinga endrar raskt karakter. Hoem har då funne fram til det han meiner er grunnforma i Bjørnsons intellektuelle psyke: Bjørnson får krefter av både med- og motgang. «Men han er ikkje seg sjølv når det blir stille rundt han.» Dette set biografien i stand til å velje ut, perspektivere og prioritere i den veldige mengda av teikn etter Bjørnson. Dette er viktig. For biografien viser at det ikkje er så mykje nytt stoff å finne, men det nye viser seg fram i korleis Hoem vektar og tolkar. I dette demonstrerer han solid kjeldeoversikt og godt grunngjeven dømmekraft. Og med dette trer nokre styrkar fram ved Hoem som biograf som veg langt tyngre enn det diskutable dette også leier til. Relasjonane Avstanden til Per Amdams dobbelpåstand om samanhengen mellom Bjørnsons «eksepsjonelle seksualdrift og hans kunstneriske skapelsesevner» er stor. Til dømes i skildringa av Bjørnsons erotiske møte med unge Magda von Dolcke. Dette kjende Francis Bull til, men ville helst ikkje vite av det. Per Amdam skreiv om det, men fekk konvensjonelt lite ut av det. Hos Hoem blir dette eit interessant og vel dokumentert trekantdrama med Bjørnson doble korrespondanse med kona og elskarinne mens han er på oppriven flukt sørover i Europa. Og det mest interessante er etterverknaden Hoem skriv fram på forholdet mellom Karoline og Bjørnstjerne – «av ein aller annan gåtefull grunn ser det ut som alt vart betre enn før». Gjennom dette klarer Hoem å individualisere dei begge, og særleg Karoline. Dette viser styrken eit langt skriftliv i kamp med romanen og dramaet har gitt biografen. Presise riss Men mest er det det språkleg presise, nesten impresjonistiske riss av personar gjennom situasjonar og utsegner som karakteriserer personteikninga. Også av meir perifere karakterar som Vinje, Bernhard Dunker, Thomas Heftye eller redaktør Friele. Det same viser seg i ein tredje kvalitet, når Hoem tolkar litterære tekstar. Knapt og med smart sitatkunst har biografen skaffa seg grunnlag for slikt som følgjande, når det plutseleg står: «At Bjørnson manglar sjølvkritikk, kan ein finne bevis for i dei fleste av arbeida hans.» Så er det sjølvsagt sider ved eit så rikt verk ein kan undre seg over eller stille seg kritisk til. Hoem gjer godt greie for kva Bjørnson hadde å seie for moderniseringa av norsk teater. Like eins til å følgje Bjørnson og utviklinga av den politiske dagsordenen. Men han er merkeleg lite opptatt av Bjørnsons verdi for framveksten av ein moderne litterær institusjon. Slik er det kanskje ikkje tilfeldig at eitt av dei store paradoksa i Bjørnsons verksemd som intellektuell entreprenør ikkje blir synleg. Rolla Bjørnson spelte for å skape eit nasjonalt teater, er skarpt sedd, men samstundes var Bjørnson ein hyperaktiv litterær agent som dreiv dei norske diktarane til København og Gyldendal. Dette førte Bjørnson inn i ein spenningsfylt posisjon frametter i livet; med sterke materielle og personlege interesser i ein felles dansk-norsk bokmarknad og som sentral figur i ein i hovudsak dansk litterær institusjon. Samstundes blir den nye norske litteraturen stadig viktigare som uttrykk for det norske og nasjonsbygginga fram mot 1900. Ta ein tur i Oslo sentrum: Ingen hovudstad i Europa er så prega av unge diktarar på sentrale soklar. Bjørnson hamna der sjølv mens han var godt i live. Dette skal vi nok få lese om med spenst i det som følgjer. Men grunnlaget i første bandet er litt magert. Denne lesaren skulle òg gjerne ha sett at forholdet mellom det usamtidige og uferdige Norge og Europa stod meir sentralt i framstillinga etter det gode anslaget med starten og Paris-revolusjonen anno 1848. Men slikt blir lett småleg, stilt overfor rikdommen i det vi har fått. Smidig og klar Bjørnson er både eit skrekk- og yndlingsobjekt i norsk biografisme. Skrekken er knytt til den overveldande mengda av teikn og kjelder mannen la etter seg: Titusenvis av brev som ein bydande sverm til sine samtidige, ei mengd artiklar som må vere firesifra, og bøker i alle genrar. Og polemikk, rykte og respons frå hans samtidige. Spora etter dette vulkanutbrotet av eit menneske er bortimot umogleg å få oversikt over. Tiltrekkinga er knytt til noko anna. I sitt portrett av Bjørnson i Norsk litteraturhistorie konstaterer Francis Bull at Bjørnson, «ble født i det år Goethe døde», og får slik mellom to komma introdusert mannen som Noregs Goethe. Og Goethe var som kjent den europeiske danningas paradefigur. Den danna mannen var i sin tur det den klassiske biografien streva etter. Då blir det logisk at Bull lar denne forteljinga om Bjørnson ebbe ut med hans død i 1910 og orda om at det største og rikaste menneskelivet nokon «nordmann har levet, var forbi». Ikkje spøk Det er ikkje spøk, det Edvard Hoem har gitt seg i kast med. Men han kan bli den første som klarer å skrive ein «heil» biografi om Bjørnstjerne Bjørnson. Og – Bjørnsons siste 35 år var dei mest interessante. Kanskje skulle Hoem bruke tre band på det heile? Objektet toler det, forfattaren fortener plassen, og lesaren vil truleg vinne på det. Geir Mork er konsernsjef i Gyldendal.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|