|
|
Sjangerhybrid med anakronismar Av Klaus Johan Myrvoll, 06.11.09 Den prislønte historieboka om den norske 1200-talsaristokraten Alv Erlingsson held ikkje det juryen lovar. HISTORIE Tore Skeie: Alv Erlingsson. Fortellingen om en adelsmanns undergang Spartacus 2009 Ei heil bok om ein norsk 1200-talsperson er ikkje kvardagskost. Det heng saman med kjeldesituasjonen: Utanom kongesogene har me ingen forteljande kjelder til norsk historie på denne tida som er so detaljerte at me kan skapa oss eit heilskapleg bilete av aktørane. Unnataket er kong Sverre, som har fått fleire biografiar det seinaste hundreåret, som alle byggjer nøgje på soga som hans samtidige, abbeden Karl Jónsson, skreiv om honom. Kjeldene til livet åt lendmannen og jarlen Alv Erlingsson (ca. 1250–1290) er ikkje serleg rikare enn kjeldene til andre stormenn i samtida hans. Det seier seg då sjølv at historikar Tore Skeie må skriva om mangt og mykje og mykje anna enn berre Alv på dei vel 300 sidene som utgjer denne boka, som vann Spartacus forlags historiekonkurranse framfor femogtjue andre i 2008. I juryen sat Dag Solstad, historikarane Dorthe Gert Simonsen og Erling Sandmo og redaktør Frode Molven. Premien var på 100.000 kroner. I grunngjevinga si skreiv juryen mellom anna: «Manuset viser fram en lysende skrivekunst og er en fortellemessig prestasjon.» Det er den tragiske endelykta som gjer Alv Erlingsson interessant: Han gjekk frå å vera enkjedronning Ingeborgs trugnaste mann i 1280-åra via ein gåtefull oppreist mot son hennar, hertug Håkon Magnusson, til landlysing og til slutt avretting på stegl og hjul i Helsingborg i 1290. Norske historikarar har streva med å forklåra den bråe vendinga i Alv Erlingssons liv. Her er det soleis rom for drøftingar og hypotesar, men i staden endar Skeie opp med langtøygde skildringar av valdelege og kåte hanseatar og uuthaldeleg stank i det mellomalderlege Paris og London. Utdatert historieskriving I føreordet skriv Skeie at han «for å lette framstillingen» har valt å utelata «de kildekritiske diskusjonene som har ledet meg fram til min framstilling av det realhistoriske hendelsesforløpet». Dette er ei utdatert form for historieskriving. Rekonstruksjon av fortida, og ikkje minst alternative rekonstruksjonar av fortida, er noko av det som gjer historie spanande og meiningsfullt. Kvifor skal eg som lesar lita på Skeies forteljing når han ikkje lèt meg få innsyn i kjeldene sine? Ikkje eingong når han siterer ordrett, fær me vita kven han siterer: «Slik har en historiker beskrevet ham i nyere tid.» Då hjelper det lite at det finst ei kjelde- og litteraturliste lengst bak i boka. Det er lenge sidan den tida då publikum trudde på éi historie og éin autoritet. Det vitnar om ein grenselaus naivitet når Skeie forsikrar i føreordet om at «det som står[,] er sant». I kva mon er det «sant»? Mykje av det Skeie skriv, er openbert hans eigne tolkingar, og det er skilt dåleg mellom det som sikkert har hendt, og det som truleg eller berre kanskje har hendt. Faktiske feil Når Skeie fyrst vigjer Alv Erlingsson so mykje merksemd, er det underleg at han seier so lite om etterslekta hans gjennom dottera Kristina; den er grundig utgreidd i ein artikkel av Jo Rune Ugulen frå 2004. Der går det fram at desse etterkomarane ikkje var «involvert i rettssaker om eiendomsretten til noen av gårdene som hadde tilhørt forfaren Alv», som Skeie skriv, men fekk både «her Milder Alff goss ok Rane Jensson goss» i gåve av dronning Margrete i 1390 (DN IV nr. 586). Skeie kjem elles med nokre meiningslause spekulasjonar om at Rane Jonsson skal ha vorte avretta (i 1294) på same måte som verfaren Alv i «vissheten om hvem hans avdøde svigerfar var». Anakronismar Skeie er glad i spelmetaforar. Hertug Håkon markerte seg «som en selvstendig spiller på stor-politikkens spillebrett»; «Håkon Magnussons kunngjøring var det første trekket i et spill som nå begynte i Norge»; «i en av borgens haller [...] utspilte nok et symboltungt og nøye regissert maktskue-spill seg»; osb. Verst er likevel alle anakronismane. Me fær høyra om «dronningens kammer-piker», om «generaler» og om «passasjerer om bord i Kristsuda». Jamvel om Alv levde mesteparten av livet andre stader, skal sætegarden hans, Tornberg på Ringerike, for høvet omtala som «Tornberg gård», ha vore «svært viktig for ham, for hans identitet»; dette var «hans egentlige hjem». Om revisjonen åt Magnus Lagabøte av hirdlova i 1277 kan Skeie fortelja: «Lovboken er et tydelig vitnesbyrd om at den europeiske høymiddelalderen for alvor var i ferd med å gjøre sitt inntok [sic] i det norske kongeriket.» Det er som ein ser for seg kong Magnus, i det han seier til hirdmennene sine: «Nå, skulle det ikke være på tide å innføre høymiddel-alderen også her i landet?» Då Alv og mennene hans var på diplomatisk oppdrag i Paris, tedde dei seg som Paris-turistar flest: «Vi vet ikke noe om Alvs opphold i byen, om han og hans menn tok seg tid [til] å besøke Notre Dame, eller om de kjøpte med gaver til sine koner i Norge.» Barnsleg fascinasjon Skeie syner ein barnsleg fascinasjon for titlar og tilnamn. Det kryr av slikt som «Audun Heste-korn Hugleiksson av Hegranes» og «kong Magnus Håkonsson lagabøte av Norge». Dette er pynt, ikkje opplysing. Og når personane kjem att gong på gong, verkar det outrert. Parallelt med fascinasjonen for titlar og prangande «adelsklær» syner Skeie eit sunt sosialdemokratisk sinnelag. Når dei svenske kongebrørne Valdemar og Magnus kivast om makta, kjem denne hjartesukken: «Det tragiske i situa-sjonen var at både Valdemar og Magnus kunne ha levd liv omgitt av en materiell rikdom som var totalt fremmed for de aller fleste i det fattige samfunnet som omga dem. Likevel kunne ingen av dem godta noe annet enn den andres underkastelse.» Om den same Valdemar fær me høyra at han «hadde hengitt seg til hofflivets overfladiske gleder – jaktekspedisjoner med falker i de svenske skogene, etegilder, importert kryddervin skjenket fra forseggjorte sølvbegre og vakre kvinner». Ikkje skulle vel ein konge te seg på kongars vis! «Karrig og ulendt» Det er ein gjennomgangstone mellom norske historikarar kor fattig Noreg var. So òg hjå Tore Skeie. Meir enn éin gong fær me høyra om «dette smale, ulendte og trange fjellandet», «et karrig og ulendt land i Europas utkant som var dårlig egnet til jordbruk». Like fullt var jordbruk viktigaste leveveg, og korn var den viktigaste næringskjelda for nordmenn som for andre folk i Europa. Difor eignar ho seg so dåleg, soga åt Skeie om ikornskinnet som tek vegen frå dei austlandske skogane til den europeiske marknaden, om det er mellomalder-økonomien ein vil kasta ljos over. Aristokrati og kongemakt Skeie meiner at tilhøvet mellom aristokratiet og kongemakta endra seg radikalt på 1200-talet: «Norske konger hadde alltid vært avhengige av å alliere seg med framstående stormenn som kunne støtte kongemakten deres, men den tiden var nå over.» Dette skal ha vore tilfellet alt under Håkon Håkonsson. Underleg då, at det skulle vera naudsynt med «en antiaristokratisk tråd gjennom hele Håkon 5. Magnussons regjeringsgjerning», femti år seinare. I samband med rettarbota i 1308, då titlane jarl og baron vart avvikla, fær me høyra at «det norske aristokratiet allerede var i ferd med å bli en impotent klasse». Det skulle ha teke seg ut, at den samfunnsgruppa som sat i det norske riksrådet heilt fram til 1537, skal ha vore «impotent» i godt over to hundre år. Det stod sjølvsagt ikkje so ille til, men Skeie når fram til sin konklusjon: «Alv var en siste representant for en døende samfunnsgruppe.» Døyande Kven var so Alv Erlingsson? Ein ambisiøs aristokrat og politikar som vann gunst hjå enkjedronning Ingeborg, men som ikkje greidde å tilmåta seg dei nye makt-tilhøva då ho fall frå, slik at han kom på kant med son hennar, den like ambisiøse hertug Håkon, som i Alv såg ein brysam stormann i eige hertugdøme. Oppreisten åt Alv var forhasta, og han vanta oppslutnad i aristokratiet. Difor fall Alv. Klaus Johan Myrvoll er norrønfilolog og korrekturlesar i Dag og Tid.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|