Sømeleg-Hanssen vs. Pølse-Hanssen
Av JON HUSTAD, 06.11.09
Dei to siste vekene har media ope diskutert Bjarne Håkon Hanssens seksualliv. Når gjorde han kva med kven og kvifor? Dag Øistein Endsjø er religionshistorikar ved Universitetet i Bergen og har skrive omfemnande om ymse typar seksualsyn og -praksis. Den siste boka hans vart gjeven ut i år og har tittelen Sex og religion. Fra jomfruball til hellig homosex.– Vi hugsar alle Bill Clintons «I did not have sex with that woman», men i Noreg er vel dette noko nytt? – Ja, dette er noko heilt nytt i Noreg. Toskeskapen var sjølvsagt at han svara på spørsmål om kva slags forhold han hadde. Poenget er enkelt: Dette er ei ikkje-sak og heilt irrelevant. Ja, i USA har ein stadig slike saker, ikkje berre Clinton. Men hovudpoenget der er at det stort sett berre råkar personar som har hatt klare meiningar om kva slags sex ein skal ha, som har gått ope ut og sagt at det ikkje er lov å ha sex utanfor ekteskapet. Og då vert det ei anna sak. – For Hanssen har aldri hatt meiningar om andre personars sexliv? – Nei, det har han ikkje. Eg kunne ha forstått om pressa gjekk etter dei meir konservative KrF-arane. Om nokon av dei hadde vorte teken for noko liknande, hadde det vore ei sak. Eg kan derimot ikkje sjå at nokon i Ap fortener dette, og Hanssen har altså aldri retta søkjeljoset mot nokon nokosinne på dette området. Det er noko ekkelt over måten pressa har handtert denne saka på. – Det er ikkje noko nytt at politikarar i Noreg innleier seksuelle relasjonar til personar i deira eigen organisasjon og i det politiske miljøet generelt, men Hanssen ser likevel ut til å tru at han var med på noko som kunne vera ulovleg. Men det er då ikkje noko lovforbod for statsrådar mot å ha sex med tilsette og kollegaer? – Nei, det er det ikkje. Her har vi eit tilhøve som er heilt nytt, og det er heilt opp til dei sjølve om dei vil fortelja om det eller ikkje. Ingen andre i det offentlege romet har noko med dette å gjera, og det er som du seier, ikkje noko nytt. Gunnar Ballo vart saman med Heidi Sørensen og så bortetter. Utruskap skjer i alle lag. Og om Hanssen har vore utru – problemstillinga som ser ut til å ha starta denne debatten – så er det ei sak mellom han og kona, og ikkje noko som gjer han til ein dårlegare politikar. – Men det er tydeleg at Hanssen har nokre meiningar om kva som er lov og ikkje lov. Kva er det han meiner når han seier at dei «ikke gjorde noe uanstendig» før 13. september? Kva er det slags reglar han talar om då? – Det ser ut til at han har ei nokså underleg forståing av kva utruskap er for noko, og at han har ein slags trong til å fortelja om denne forståinga. Det er heilt tydeleg at dei har vore tiltrekte av kvarandre, og at dei truleg har vore forelska. Men det han prøver å seia, kan ikkje vera noko anna enn at dei ikkje gjekk til sengs med kvarandre før 13. september. Dette er sjølvsagt heilt absurd. Det verkar som om han har ført loggbok over når det og det skjedde, for slik å kunna svara pressa om dei skulle finna på å spørja. – Representerer Hanssen likevel ein slags folkemoral? – Litt. Det han seier, minner om ein moderne kristenkonservativ retorikk som fortel kva ein kan gjera og ikkje gjera. Vi veit at det finst ei mengd kristne, særleg ungdom, som syg og sleikjer seg gjennom tilværet, men som likevel er jomfruer når dei gifter seg. Denne heilt tekniske og underlege vurderingspraksisen ser det ut som om Hanssen har gjort til sin eigen. – Så det er på eit vis Hanssens eigen tekniske forklårings-modell som har felt han? Han har vorte redd for noko han har koka saman i eige hovud? – Hanssen er ein særs flink politikar, men om desse utspela er ein del av den nye rolla hans som PR-rådgjevar, så er det ikkje anna å seia enn at han har skote seg sjølv i foten. Norsk presse skriv ikkje om slikt før nokon går ope ut, eller utan at dei sit på avgjerande prov. Han skulle sjølvsagt ha sagt «ingen kommentar» på alle spørsmål. – Trur du «Hanssen-gate» er byrjinga på ein ny praksis i norsk presse? – Det veit eg ikkje, men det som er klårt, er at dei som er i søkjeljoset til pressa, no bør tenkja nøye gjennom kva slags kommentarpraksis dei skal ha. Mitt svar er at dei totalt bør lata att døra for alt slikt. Her bør organa til pressa òg gjera det klårt at det som har hendt med Hanssen, ikkje bør henda på nytt. – Trur du norske politikarar vert redde for å innleia nye seksuelle relasjonar etter dette? – Det vonar eg då inderleg ikkje.
« Tilbake
|