|
|
Inni er vi ulike Av JON HUSTAD, 06.11.09 Når slutta etterkrigstida? Det kjem sjølvsagt an på kva felt vi talar om, men for raseforskarar kan eit godt svar vera oktober 2009. I førre månad stod ein artikkel på trykk i tidsskriftet Nature – det mest prestisjetunge naturvitskaplege tidsskriftet – ein artikkel som berre for få år sidan truleg hadde vore utenkjeleg. Tittelen er «Lat oss feira dei genetiske skilnadene mellom menneska». Ingressen går på si side slik: «Vitskapane finn prov for genetiske skilnader både mellom grupper og mellom individ. Desse funna bør vi omfamna, ikkje ottast», skriv dei mykje siterte amerikanske professorane Bruce T. Lahn og Lanny Ebenstein. Dei to slår fast at ei rekkje studiar indikerer at det er til dels store genetiske skilnader mellom etniske grupper, og at vi trygt kan rekna med at vi i framtida vil finna mange prov på vesentlege og funksjonelle skilnader mellom menneskegrupper. Problemet er berre at forskarmiljøa ikkje har tenkt over kva slags implikasjonar slike funn vil få: «Etter vårt syn er forskarfellesskapen spesielt og samfunnet generelt særs dårleg førebudde for dette. Vi treng ein robust moralsk respons på dette spørsmålet uavhengig av kva forsking vil avsløra av menneskelege skilnader.» NEI TIL BIOLOGISK LIKSKAP Dei to professorane seier at jamvel om dei godt kan forstå intensjonane bak ei slik haldning, så tykkjer dei likevel at posisjonen er ulogisk og umoralsk sidan eit slikt syn opnar for at om ein finn genetiske skilnader mellom grupper, så vil det vera greitt å diskriminera. For ein kan ikkje både vera mot diskriminering av di vi er like og mot diskriminering av di vi er ulike. «Difor aviser vi dette grunnsynet. Like vilkår og respekt for menneskeverd må vera eit sams menne-skeleg mål uavhengig av menne-skelege skilnader – same kor små eller store dei er.» HYSJ! IKKJE FORTEL! Lahn og Ebenstein avviser også desse to posisjonane. «For det fyrste: Å få innsikt i genetiske skilnader på gruppenivå kan vera ein stor føremon både for forsking generelt og medisin spesielt. For det andre: Genetiske skilnader i det heile, også på gruppenivå, gjer oss mykje meir interessante som art.» Å ignorera «gruppeskilnader» (dei to unngår å nytta omgrepet rase, såpass korrekte er dei) er å ignorera evolusjonen og er rett og slett «dårleg vitskap», seier forfattarane. Eit døme dei dreg fram for kor viktig det er å forstå genetiske skilnader, er kreftbehandling. Det er funne ei rekkje døme på at folkegrupper reagerer ulikt på cellegift. Å granska dette nærare vil etter det meste å døma kunna leia til skreddarsydd kreftbehandling og gjera at langt fleire kan overleva og få gode liv. Liknande døme finst på ei rekkje medisinske område og kan ålment føra til at manneætta får betre behandling. EVOLUSJON ER BRA Vert ein art for lik – som etter mykje å døma hende då manneætta byrja å dyrka jorda –, vert den arten meir mottakeleg for sjukdom, som igjen trugar den langsiktige overlevinga. Dette åleine, meiner dei to forskarane, burde gjera oss glade over at det etter det meste å døma er vesentlege genetiske skilnader mellom folkegrupper. IQ SEIER IKKJE ALT «Så jamvel om IQ er ein nyttig måte å måla intelligens på, og IQ til ein viss grad er arveleg, er det ikkje slik at denne måle-metoden seier på langt nær alt om mental kapasitet.» Det er heller ikkje slik at gruppeskilnader gjer at det vert mindre viktig å forska på individuelle skilnader. «Difor vil ein aksept for at det er genetiske skilnader, måtta føra til ei avvising av ei eindimensjonell rangering av kapasiteten til einskild-individ eller grupper.» «I det store og det heile», av--sluttar dei to professorane ved høvesvis University of Chicago og University of California, «har manneætta vorte sterkare og vil verta sterkare, ikkje trass i, men på grunn av skilnadene.»
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|