 |
FØRSTESIDA
NYHENDE

KRITIKK

Meiningar

AKTUELT

BUTIKKEN

MARKNADSPLASSEN

DAG OG TID

ANNA

|
|
Nynorsk Dante på lydbok
Av Klaus Johan Myrvoll, 16.10.09
Cappelen Damm gjer skam på litteraturvitskapen på Blindern og legg fram den klassiske Dante-omsetjinga åt Henrik Rytter og Sigmund Skard for eit nytt publikum.
MP3-LYDBOK Dante Alighieri: Den guddomlege komedien Lesen av Anderz Eide. Musikk ved Henrik Skram Cappelen Damm 2009Dantes Divina Commedia er ein av hyrnesteinane i den europeiske bokheimen. Soga om diktaren som vert henta ut frå eit liv fylt av synd og maktspel for å vera med på ei vandring gjennom Helvetet og Skiringsheimen for til slutt å enda opp i Paradiset, har trylt lesarar like sidan ho vart kjend fåe år etter at diktaren døydde i 1321. Samstundes som ferda skal ha ein danande funksjon – skræma Dante, og i neste omgang lesaren, til å leva eit gudleg liv – kommenterer verket, både dult og ope, eldre litteratur, teologiske spørsmål og ikkje minst Dantes samtid. Ikkje fåe av Dantes politiske motstandarar er soleis trygt plasserte i Helvetet. Han gjer meir enn å ymta om at hans samtidige pave Bonifatius VIII kjem til å enda opp der i lag med andre som har selt kyrkjeembete for pengar. Dante vart forvist frå Firenze på grunn av politisk usemje med Bonifatius. På norsk Det finst to omsetjingar av Dantes Komedie på norsk, i røynda tri: Like føre krigen gav Det Norske Samlaget Henrik Rytter, som då hadde sett om ei rad Shakespeare-skodespel og Boccaccios Dekameronen (til riksmål), oppdraget med å gjera ei heilsleg Dante-omsetjing. Alt i 1942 kunne Rytter leggja fram manuskript til alle tri bolkane av Komedien: Helvetet, Skiringsheimen og Paradiset. Rytter hadde sett høge krav til seg sjølv. Mellom anna hadde han halde på det strenge italienske rimskjemaet med berre kvinnelege utgangar, 14.000 i alt. Det var litt av ein prestasjon med tanke på at slike ord er mykje meir sjeldsynte i norsk enn i italiensk. Den sakkunnige domen var likevel skeptisk: Som Sigmund Skard skriv i føreordet til den reviderte omsetjinga, hadde Rytter løyst oppgåva «ved å dra inn hundretals av sjeldsynte norske bygdemålsgloser som no einast lever i ordbøkene og stundom knapt nok der». Manuskriptet vart lagt til sides og har ikkje vore utgjeve i den forma Rytter gav det. Revisjon I forkant av 700-årsjubileet for Dantes fødsel i 1965 tok Sigmund Skard fram att manuskriptet etter Rytter og gjekk gjennom alt på nytt. Denne reviderte omsetjinga vart so utgjeven på Samlaget i jubileumsåret. Det spørst om det er rett å kalla dette ein revisjon: Etter eiga utsegn heldt Skard berre på to femtedelar av rimorda åt Rytter i Helvetet, i Skiringsheimen og Paradiset jamt over berre ein tridjedel til ein fjerdedel. «Lange stykke er det lite att av Rytters utkast», skriv han i føreordet. Attåt kjem det at Skards versjon inneheld berre utdrag av Komedien: Av dei 34 songane i Helvetet, som var best gjennomarbeidd frå Rytters hand, er det teke med 22, medan det av songane i Skiringsheimen og Paradiset, som båe tel 33 i originalen, er teke med berre 10 i kvar. Godt val I 1990-åra gav Magnus Ulleland ut ei ny omsetjing av Komedien, den òg til nynorsk. Omsetjinga åt Ulleland har den føremonen at ho er fullstendig, men motsett Rytter og Skard har han sløyfa rima. Det gjev mindre poesi, og det er eit godt val dei no har gjort i Cappelen Damms klassikarserie, å lesa inn Rytter/Skard-omsetjinga frå 1965, sju og ein halv time på det dei kallar «MP3-lydbok», det er ein CD som kan overførast til MP3-spelar ved hjelp av PC eller som kan høyrast direkte på nyare CD-spelarar. Sume vil sikkert reagera på det gamalvorne språket, men det høver sers godt til det mellomalderlege innhaldet. Som Skard skriv i føreordet sitt: «Dante er ikkje ein moderne romanforfattar. Både emne og stil skil seg mykje frå kvardagen, og språket bør gjera det same.» For eigen del vil eg leggja til at Skard har løyst oppgåva godt: Han utnyttar det rike ordtilfanget i nynorsken, og han tillèt seg variantar der det kan stetta krav til metrum og rim, t.d. både stå og stande, gå og gange. Klår røyst Opplesinga åt Anderz Eide er jamt god; han har ei sterk og klår røyst med ein sørvestlandsk dåm. Han evnar òg å skilja dei ymse personane med ulikt tonelægje og sumtid tilrengd røyst. Det er likevel ikkje fritt for at han misles nynorsken i visse stykke. Til dømes uttalar han for mange daude d-ar: «naud», «vørder», «frode» (for /frå:e/); når bardar rimar på karar, er det av di det skal lesast /ba:rar/. Eit anna punkt der Eide ofte trør rangt, gjeld tonelaget i visse ord, serleg slike som er sermerkte for nynorsken. Liken (av ein like) vert til «li´ken», medan stigen (av ein stig) vert til «sti`gen», og ufsa (av ei ufs) vert til «uf`sa». Og han ser rett som det er, bort frå kursiveringar i teksta som skal markera trykk. Reine lapsusar er det lite av, men «Skingringsfjellet» for Skiringsfjellet gav ein viss komisk effekt. Innimellom songane er det lagt inn enkel, men effektfull musikk komponert av Henrik Skram, og på dei siste spora av CD-en er eit utdrag av den kunnskapsmetta innleiinga åt Sigmund Skard innlese. Alt i alt er dette ei utgjeving det er grunn til å gleda seg over. Cappelen Damm gjer skam på litteraturvitskapen på Blindern, som i mange år har hatt den danske omsetjinga av Dante på pensum (av Ole Meyer), jamvel om Ullelands omsetjing lenge har vore tilgjengeleg i ei studentvenleg pocketutgåve til hundre kroner. No er det å vona at studentane på eiga hand vil finna fram til denne like so studentvenlege MP3-lydboka. Klaus Johan Myrvoll er norrønfilolog og korrekturlesar i Dag og Tid.
« Tilbake
|
|
|