Førstesida
  Nr. 35   Fredag 3. september 2010                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Meldingar om abonnement
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
Vinjeprisen
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ein storfelt konsert

Av Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
,  16.10.09


SAKPROSA
Terje Aarset:
Den nynorske songskatten
FAGBOKFORLAGET

Her har vi årets nynorske bok! Det er i alle høve lenge sidan eg har fått noko så gildt, kveikjande og interessant i hende, og eg trur ikkje eg er så spesielt skrudd i hop at ikkje mange, mange andre vil oppleve det på same viset.

I eit par tiår har vi høyrt ymist, frå aller mest vituge hald, om at nynorsk song er på retur, er sett til sides, ikkje er produktiv leng-er – og så kom tekstane til Ragnar Hovland, så kom Odd Nordstoga, Side Brok og litt av kvart anna til kveik og hyggje. Men det er likevel rett at allsongen har tapt seg. Vi syng ikkje slik som før, i familielag og alle slag andre sam-lingar. Heilt fram i 80-åra kunne glas-rutene i lokale der nynorsking-ar var samla, klirre og truge med å hoppe ut, og viktigare: I mang-slag lag, familiefestar eller livsritual frå dåp til gravferd, høyrdest gjerne nynorsk song, same kva deltakarane elles meinte om språk. Nynorsk har ikkje berre vore fint til poesi, men særskilt flott til songlyrikk.

FORFRISKANDE SONG
Kor mange er vi vel ikkje som har vandra ikring på stovegolvet natt etter natt for å svæve det vesle barnet vi bar i armane med å syngje alle versa av «Blåmann» eller «Den fyrste songen» om att og om att, så mjukt, medlevande og melankolsk som råd? Og kor mange møte har vi vel ikkje vore på, som anten har vore syrgjeleg keisame eller vanskelege, men der det alltid har vore som ei forfriskande gymnastikkøving, nei, ein vind inn i lokalet, om det har vore aldri så innestengt, og korkje ånda eller anden alltid har vore like frisk, når vi har fått lov til å samle oss ved hjelp av «Mellom bakkar og berg», «Dei gamle fjelli», eller når det er høgtidsame høve eller rette dagen, «Fagert er landet», «Gud signe vårt dyre fedreland» og «Gud signe Noregs land»?

«Fager kveldsol smiler» av---slutta alltid skuledagen der eg gjekk siste åra i barneskulen, og sidan har eg opplevd same frigjerande letten når eg har funne songen i songhefte til gravferder. At vi i slike triste høve jamt har vore bedne om å syngje «Å leva, det er å elska», har likevel alltid undra meg storleg, især når eg har vore med å bere kista, for det heiter då i tredjestrofa at «Å leva, det er å leggja, all urett og lygn i grav». Det har styrkt oppfatninga mi om at nordmenn jamnast ikkje skjønar kva dei sjølve seier – eller syng.

OPPHAVLEGE VERSJONAR
Her får vi endeleg verkeleg fyrsteklasses hjelp til å skjøne grunnlaget for, fastlegginga av og til dels også bruken og mottakinga av mange av dei kjæraste songane, som folk i min generasjon lærde heime, i skulen eller i organisasjonslivet, og som vi har gledd oss over og styrkt oss ved i så mange høve. Det er gildt at nokon verkeleg har lagt ned alt dette arbeidet for å finne fram til opphavlege versjonar, jamvel manu-skript, utviklinga av detaljar over tid, dei fyrste publiseringane, redigering-ar og omredigeringar då songen kom med i songbok eller salmebok, koss historiske eller personlege omstende var kring forfattaren, koss tonesetjinga kom i stand, kva den musikalske eller kulturelle bakgrunnen hadde å seie, og så bortetter.

Og for alle tekstar der det er relevant, får vi endeleg avgjort slikt som har vore diskutert i generasjonar, altså kva som har vore ordvalet til forfattaren (såleis «dei mjuke vék til mit hjarta gjekk» i «Den fyrste song-en») eller føretrekte versjon (såleis kor mange vers som bør vere med i «Nordmannen», altså «Mellom bakkar og berg» – skal dei samfunnskritiske strofene vere med? Eg ville gjerne det, fleire meiner tydelegvis at Aasen ikkje var samd med seg sjølv, og at vi bør nøyast med dei utgåvene han godtok).

DETEKTIVARBEID
Eit overhendig detektivarbeid er utført, med stort tolmod og stor kløkt over mange år; alt er prøvd, alle er spurde, alle tenkjelege og nokre utenkjelege kjelder er framgravne frå alle slag samlingar, bibliotek og arkiv og kvar helst elles, prenta, uprenta eller munnlege; nokre tilfellelege funn har òg dukka opp for den skarpe observatøren der det gjerne ville gått hus forbi for oss andre – veit de, dette er det rett og slett ein fest å lese om! Vi har slett ikkje å gjere med noka tørr soge om fakta kring songane, men ei omfattande og særs spennande kulturhistorie, med særleg vekt på tekstar og komposisjonar som kom opp i siste helvta av det nittande hundreåret og sidan har vore med på å prege den daglege kulturen. Mange stader er det fortalt om mottakinga og til dels bruken av songane, og her er det fleire ulike inntak frå fleire vinklar, heller enn at noko skjema vert fylgd. Somtid får vi overordna vurderingar, somtid statistiske opplysningar, somtid forteljingar om mediebiletet – til dømes radiokåringar av populære songar, somtid små glimt frå einskildhende der den særskilde songen har hatt noko å seie (så som talen til kronprins Haakon for brura si, der «Å leva, det er å elska» spela ei rolle).

AHA-OPPLEVING
Metodisk er boka lærerik for dei som interesserer seg for munnleg tradisjonsstoff – men den lærdomen kjem listande inn i framvisinga av forskarpraksisen, utan dosering og dogme. Elles er boka førebiletleg i framlegginga av den – somtid sparsame, somtid rike – kommentarlitteraturen som finst, så lesaren kan gå vidare. Sjølv ville eg nok gjerne også sett fleire litteratur- eller tekstvitskaplege, gjerne estetiske, vurderingar, men det er ingen kritikk, berre noko som fylgjer av at mykje vil ha meir… Og med denne boka kan då masterstudentar, granskarar av alle slag og ålment interesserte gå vidare i kva lei dei lystar; det har sanneleg ikkje vore så lett tidlegare.
Det er morosamt og kreativt spennande når forfattaren her og der tek seg fridomen til å fortelje om koss han – eller andre – har streva med å finne fram rett informasjon. I slike høve kan mang ein lesar få ei aha-oppleving; ja, slik kan ein då gå fram, også, såleis er det mogeleg å finne fram tradisjonar og overleve-ringar i slekt og lokalsamfunn, som, om dei ikkje snautt alltid treng vere rette, likevel gjev eit bilete, eit inntrykk.

Slik med «Blåmann», fyrste song-en som er omhandla, der livssoga og om--stenda for henne som sette tonen til diktet, Anne Haavi (1809–1888), er med. Aarset fortel om koss han streva med å leite etter slektningar eller andre som visste noko om denne kvinna, og koss det resulterte i at ein annan granskar, Kristoffer Kruken, tende på oppgåva og ut frå detaljar i arkivstoff kunne rekonstruere ei heil livssoge. Elles får vi gjennomgåande og for fyrste gong i denne boka alle stader der det er råd, framstilt sogene om komponistane eller tonesetjarane, og det er ikkje ei lita bragd, for om desse er det ofte sjeldnare teke vare på materiale enn dei jamt meir kjende og hylla forfattarane.

RØRANDE
Det hender at det kan vere mange meiningar om koss ein song kom til, såleis «Å Vestland, Vestland», der vi får jamført konkurrerande oppfatningar om korleis og kvar versa kom til – Aarset siterer såleis bror til forfattaren Tore Ørjasæter, Martin, om at «nokon og ein kvar vil visst ha ein bit av han Tore i Geiranger». Sameleis med «Å eg veit meg eit land». Sidan eg er naturalisert sunnmøring med djupe nordnorske røter, vert eg beint fram rørd over desse sogene, der vi altså for meisterverket til Elias Blix får vite at originalmanuskriptet er tapt, men at versjonar har dukka opp her og der gjennom tidene.

Det er uråd å forklåre kva inntrykk slike framstillingar gjer, flest alle (vaksne) menneske i dette landet har eit tilhøve til dei aller fleste av desse song-ane (og så er her med eit par litt mindre ålmenne og kanskje meir lokalt kjende, såleis «Kaldt og mørkt og lite sol», «Joleklokkor over jordi») – så eg veit ikkje anna råd enn å seie at eg trur kvar og ein vil finne noko her som talar spesielt til den einskilde lesaren.

VAKKERT UTSTYR
Det vakre utstyret, ikkje berre layouten med greie «faktaboksar» utskilde frå brødteksten, men fyrst og fremst dei mangfaldige gamle og nye bileta vi aldri har sett før, irekna perfekte attgje-ving-ar av manuskript og noteblad, gjer sitt til heilskapsinntrykket – her skal forlag og biletredaktør ha stor ære.

På dei bakgrunnane som her er nemnde, og ymist eg ikkje kan forklåre, kjenner eg meg mykje takksam over denne boka. Nett som om eg har vore på ein konsert og har høyrt framståande musikarar framføre noko som har lyft meg ut or kvardagen. Boka er kort og godt ei oppleving.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast bokmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake